Derimot: En tredje verdenskrig? Er vesten for dårlig utstyrt? – Derimot

derimot.no:

Tredje verdskrig?
Hindrar fornuften han?
Råd til nok sofistikerte våpen?

Dette innlegget er henta frå Svein Grødalands Facebook-side 15.04.2025 og er gjeve att med hans tillatelse.

Svein Grødaland:

Pessimistane snakkar om ein tredje verdskrig. Eller, er det realistane som snakkar slik? Det kan verta ille om ikkje Europa tek til fornuft og stansar galskapen. Ting tyder på at ein tredje faktor tek styring etter kvart. Den vestlege våpenindustriet har brukt nokre fredelege år til å konstruera stadig meir sofistiserte våpensystem. Desse er kostbare og skjøre. Nokre små uhell har avslørt kor ille det står til.

Ein norsk fregatt kolliderer med eit sivilt skip og havarerer. Det sivile skipet har knapt spor etter kollisjonen. Det må vera fleire enn meg som stussar på dette. Skal ikkje eit militært fartøy vera så solid at det står for ein støyt? Er me så livsfjerne at me ser vekk frå at våre marinefartøy ikkje kan verta utsett for angrep i ein tilspissa situasjon?

Krig er ein primitiv situasjon, med søle og skitt, og vanskeleg å driva vedlikehald av utstyr. Då nyttar det ikkje med tynnplatepanser og avansert teknologi.

Vesten set si lit til at vårt forsvarsbudsjett er så mykje større enn det vår potensielle fiende har. Det kan lesast på to måtar. Den eine er at vår fiende er sørgeleg akterutseilt med tanke på militær slagkraft. Den andre måten å lesa dette på, er at fienden har brukt resursene på ein annan måte. Dei har heller ikkje ein kostbar og ineffektiv våpenindustri. Når eg skriv ineffektiv, er det fordi vår evne til å halda nok forsyningar til fronten er for dårlig. Sidan våre våpen er så avanserte, tek det lenger tid å byggja nye for å erstatta det som går tapt, pluss at vedlikehald vert vanskelegare når det skal gjerast ute ved fronten.

Små snuttar av nyheter her og der meir enn antyder at det samla sett står dårlig til med vår vestlege krigsevne. Det er det same som går igjen, alt for avansert, altfor sårbart og alt for lite, alt for seint.

Utheving av Politikus.
Innlegget er hetet fra Politikus
Forsidebilde er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar