Derimot: En russisk nasjonalist sine meninger: Ukrainerne er opplært i 30 år til å oppfatte russere som monstre.
derimot.no:
Liberalisme er farlegare enn ukrainsk nazisme
Av Alexander Dugin den 1. april, 2023
Alexander Dugin er ein kjend og betydeleg russisk filosof. Det mest vidkjende arbeidet hans er boka The Fourth Political Theory (som ikkje blir tatt inn i dei store bokhandlane), der han legg fram ein ny politikk, ein som overgår det liberale demokratiet, marxisme og fascisme. Han har og introdusert og utvikla idéen om Eurasianism, med rot i tradisjonalismen. Denne artikkelen er publisert med velviljen til Geopolitica.
Vi er eit imperium, som arvingane av monarkiet og som arvingane av Sovjetunionen.
Det kan ikkje finnast nokon nøytral posisjon i denne krigen, for den har berre to leirar. Og det er alt. Alle som tvilar eller vaklar, vil før eller seinare (heller før enn seinare, trur eg) bli tvinga til å ta til våpen og dra til fronten, og fronten er overalt i dag. Det er umogleg å reversere denne lange, vanskelege og forferdelege krigen til der den var før den 24. februar, 2022; den kan heller ikkje stoppast; den kan berre vinnast. Eller den kan overlatast til menneskets historie. Då blir det ingen vinnar. Døden vil vinne.
Førebels er det krig, og det betyr at vi er i live.
Om du ikkje støttar den spesielle militæroperasjonen er du ikkje for Russland, du er ikkje for landet, du er ikkje for folket vårt, og då vil den tida kome når du vil måtte drepe russarar, øydelegge Russland som land, sprenge bilar, hus og toglinjer, skjule terroristar i heimen din, skyte. Det er ikkje lenger tryggleik.
Så det er betre å bestemme seg no, og det gjeld alle russarar; men det gjeld og alle andre land.
Om du vil bevare suvereniteten, er det klart at det er umogleg under det kollektive Vesten auspisiar, for liberalisme i internasjonale relasjonar opphevar suvereniteten og anerkjenner berre Verdsregjeringa, med andre ord Vestens overherredøme; og i kampen for ei multipolar verd der suverenitet er mogleg, lyt du kjempe mot Vesten, og det er dét Russland gjer no. Og dei gjer det for alle.
Det er det Tredje verdkrig handlar om. Alle som verkeleg bryr seg om suverenitet, vil enten måtte ta vår side eller for evig å alltid med vilje gi opp og underkaste seg Vesten fullstendig – og Vesten er no i krig med Russland og vil tvinge andre til å gjere det same.
Det var det som skjedde med Ukraina; det er det som skjer med Georgia og Moldova og som truar Tyrkia og sjølv Kina.
Oss og dei.
Ukrainarar har blitt massivt, aktivt, iherdig og konstant lærte opp til å hate russarar og alt russisk gjennom dei siste tretti åra. Heile generasjonar har blitt oppfostra med russofobi.
Og sidan 2014 har ukrainarar blitt trente opp til å drepe, brenne, lemleste, steike, grille og fjerne russarar frå jordas overflate. Dei vart alle opptrente – menn, kvinner og barn. Det var slik bildet av fienden, «Moskal», vart skapt. Han blir framstilt som eit vondsinna, «lågare vesen», eit «monster», «dum», «nådelaus», «grov», ein udefinert masse som berre vil gjere narr av det fredelege ukrainske paradiset og gjere landet om til elvar av blod; og for å hindre det, måtte ukrainarane vere klare til å angripe først, å bringe krigen til fiendens territorium, å redusere det til eit blodig kaos, slik at ikkje Ukraina ville bli til eit slikt kaos. Og slik heldt det fram, i år og tiår.
Mange lurar på korfor ukrainarar kjempar så iherdig imot? For dei er ikkje ein gong i krig med oss, men med bildet som bur i hovuda deira. I fjernsynsserien Black Mirror, var det ein episode der folk kjempa mot skremmande monster; men det skulle vise seg at det var monster som var laga med ein slags spesielt optisk utstyr som folk måtte ha på seg (for å unngå å bli straffa), og det som for dei såg ut som «monster», var berre folk.
Ukraininarar ser oss som monster, som kimærar som blir pressa på dei. Og dei kimærane er skumle, men dei greier ikkje sjå noko anna.
Vi var ikkje førebudde for denne krigen. Vi forstod ikkje kva vi hadde med å gjere. Vi skapte ikkje eit slikt bilde av fienden. Det er derfor vi ikkje ein gong forstår kva som føregår. Kanskje er det rett at det er slik, men det er klart at vi ikkje skjønte den fulle tyngda av kva som skjedde.
Di villare kampane blir, desto større blir sinnet til folket vårt. Samtidig vart det på fronten på ein måte skapt eit bilde av fienden. På den heimlege fronten er vi framleis i tvil. Korleis kan dei gjere slike ting? Ved fronten stiller dei ikkje lenger det spørsmålet, men i staden eit anna: korleis skal fienden nedkjempast, og – oppriktig talt – korleis skal han øydeleggast. Ein kan berre øydelegge noko ein hatar; og dei som hatar mest, kjempar heftigast og oppnår mest i denne krigen.
Eg er overbevist om at Russland ikkje bør la denne prosessen utvikle seg. Om vi tillet det, vil hatet gradvis flyte over frå fronten til baktroppane, og vil likne stadig meir på fienden. Det vil seie: hatet vil også nå hjarta våre. Det har vore i hjarta på ukrainarane i lang tid. No er det opp til oss. Ein kan ikkje unngå å legge merke til at vi under krigens løp har tatt til oss fiendens karaktertrekk. Motstrebande og seint ute, men likevel.
Autoritetane prøver no berre å halde hendingane under kontroll, men dei er som ei elv. På eitt eller anna tidspunkt vil «den humanistiske demninga» breste, og heile samfunnet vil hugse på orda til Simonov: «Når du møter han, drep han.» Ingen vil bry seg om kva autoritetane tillet eller forbyr.
Vi treng ein annan måte, ei sann ideologisering av krigen, komplett og systematisk, ikkje delvis og oppstykka, slik det er no.
Først, vi er i krig med Vesten. Hovudfienden er Vesten. Ukrainarar er ikkje hovudfienden. Det er derfor Vesten er den vi verkeleg treng avvise. Og det er her Imonov er viktig: han trur vi må utvise Vesten frå oss sjølve, elles vil vi kultivere dobbeltmoral: Vesten tar livet av oss, og vi bøyer oss for det. Liberalismen er farlegare enn den ukrainske nazismen, for Vestens liberalarar var dei som starta, skapte og væpna den ukrainske nazismen. Gjennomført de-liberalisering er nødvendig (fordi det er viktigare enn de-nazifiseringa som pågår i landet).
Denazifisering er også nødvendig, men den er ein konsekvens, ikkje ei årsak; den er eit symptom, ikkje sjukdommens essens.
Vidare kjempar vi mot nasjonalisme, men vi må ikkje bli til nasjonalistar sjølve. Vi er imperiet, som arvingane av monarkiet og arvingane av Sovjetunionen, er vi meir enn ein nasjon. Ideologien vår må vere suveren, open, tydeleg og aggressiv. Imperiet må presentere seg karismatisk. Vårt imperium, Roma, kjempar ein dødeleg kamp mot det motsette «imperiet», og eigentleg anti-imperiet, Kartago.
Berre når militæret, folket, staten og samfunnet kjempar mot Kartago – det liberale Vesten – vil vi nedkjempe den ukrainske nazismen. Det einaste som står att for oss, er å trampe ned fienden. Framfor ein slik formidabel og seriøs fiende, blir denne tvangsmessige smålegheita ubetydeleg.
Om du fortel ein russar at Russland ikkje eksisterer, vil han trekke på skuldrane. Om du fortel ein amerikanar at Amerika ikkje eksisterer, vil han trekke på skuldrane, han og. Og om du fortel ein ukrainar at Ukraina ikkje eksisterer, vil han bli gal som eit vilt dyr, fordi Ukraina ikkje eksisterer. Men det er då vi er eit imperium, og medvitet vårt er suverent. Eit fast, sterkt, sjølvsikkert, målmedvite medvit.
Den sterke identiteten til fienden kan overvinnast – ikkje med ein like sterk identitet (russisk nasjonalisme), men med ein sterkare identitet: imperiets suverene identitet.
Denne ideologiske transformasjonen av samfunnet er uunngåeleg. Den kan trenerast ei stund, men den kan ikkje stoppast.
Eg er overtydd om at autoritetane våre ikkje ønska denne krigen. Dei prøvde verkeleg hardt å halde den unna. Det gjekk å utsette den, men det var og umogleg å unngå den. Og no er det umogleg å stoppe den. Enten vinn du, eller du forsvinn. Det er klart at visse delar av eliten har panikk. Dei greier ikkje akseptere fordervelegheita til det som no skjer, og dei håpar – trass all sunn fornuft – å på ein eller annan måte kunne returnere til tilstanden som var. Ikkje mogleg. Ein kan uthale og somle, men det er umogleg å stoppe og gå tilbake til gamlemåten. Alt som ventar oss er krig og ein vanskeleg, utruleg bratt siger. Landet vårt vil bli ugjenkalleleg forandra undervegs. Landet vil endrast, samfunnet vil endrast.
Ingen er nokon gong så desperat etter å endre seg, men alt anna har blitt umogleg. Det handlar om lagnad. Endring vil tvingast fram med jernhard nødvendigheit.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica