Derimot: En helt utrolig rettssak. Som hentet fra Kafkas bok Prosessen.Inneholder alt som ikke har med rettferdighet å gjøre

Derimot.no

derimot.no:

En helt utrolig rettssak. Som hentet fra Kafkas bok Prosessen.

De som leser gjennom dette dokumentet fra den canadiske forsvareren Christopher Black som omhandler en rettssak mot en rwandisk general, vil få et innblikk i en verden som ikke har med rettferdighet å gjøre, men med det motsatte. Det er virkelig skremmende lesning, men det forteller om en verden som er noe helt annet enn det våre medier forteller, eller snarere: ikke forteller om.

Det er en utrolig historie som jeg vil anbefale. Når en leser det blir folkemordhistorien om Rwanda snudd på hodet og FNs medvirkning til denne rettsprosessen blir også skadelidende. Men igjen ser an at det vi formidles formidles av våre medier ofte er fjernt fra virkeligheten.

Knut Lindtner
Redaktør

Kriminaliseringa av internasjonal rett:

Anatomien til ei krigsforbrytar-rettssak

av advokat Christopher Black

Tiltalen mot Muammar Gadhafi som NATO gav aktor for Den internasjonale straffedomstolen (ICC) [International Criminal Court] ordre om under NATO-angrepet på Libya i 2011, var eit ekko av tiltalen mot president Milosevic av aktor for ad hoc-institusjonen Den internasjonale straffetribunalen for Jugoslavia (ICTY) [International Criminal Tribunal for Yugoslavia] under NATO-angrepet på Jugoslavia i 1999. Som ein direkte konsekvens ende begge opp daude, Gadhafi brutalt myrda av NATO-støtta krefter i Libya, Milosevic daud på cella si i Scheveningen under omstende som indikerte kriminell teneste-forsømming eller mord, utført av dei same kreftene. Tiltalen mot desse to menna, som ikkje var skuldige i anna enn å motsette seg diktatet og imperiumsambisjonane til USA og deira allierte, hadde berre eitt føremål: å tene som propaganda for å rettferdiggjere NATOs angrep på og eliminering av regjeringer som nekta å bøye seg. Dermed er dei som tok avgjerda om å reise tiltale medkonspiratørar i planlegginga og gjennomføringa av desse krigane. Det internasjonal strafferettsmaskineriet har blitt eit våpen i ein total krig, ikkje brukt til å forfølge dei kriminelle som fører desse krigane, men til å forfølge leiarane av landa som står imot.

Milosevic og Gadhafi er ikkje dei einaste offera til denne kriminaliserte internasjonale rettsstrukturen. Lista er lang. Justismordet på Saddam Hussein, utført av amerikanarane og britane og deira irakiske kollaboratørar, var også basert på ein openlyst politisk fingert tiltale, og sjøl om det vart framstilt som ein irakisk affære, var det i røynda endå ei show-rettssak arrangert av imperiemakta. Faktisk var rettsprosessane heile tida under oppsyn av amerikanske offiserar. Andre nasjonale leiarar som har blitt hjelpelause offer for desse tribunala inkluderer den liberiske presideten Charles Taylor, dømt – trass mangel på bevis for noka kriminell handling – av Sierra Leones ad hoc-tribunal, Rwanda sin statsminister Jean Kambanda, dømt til livstid utan rettslege granskingar han heftig gjorde krav på å få, av ad hoc-tribunalet i Rwanda, og no sist Elfenbeinskystens president Laurent Gbagbo, politisk avretta då han vart arrestert av franske styrkar og halden til fange i 3 år ved ICC utan at han til dags dato er lagt fram noka prima facie-sak. Tiltaleavgjerder er tatt mot andre nasjonale leiarar som står i vegen for Vesten, som t.d. Sudans president Bashir og Kenyas president Uhuru Kenyatta, som no har fått saka suspendert ettersom ICC no innrømmer at dei ikkje har bevis mot han. Nyleg var det i vestleg presse tale om rettslege anklagar mot president Putin. Vi ser alle kor absurd og surrealistisk spelet har blitt.

Slobodan Milošević, på norsk ofte skrevet Milosevic, var en serbisk politiker og statssjef. Mellom 1989 og 1997 var han serbisk president og fra 1997 til 5. oktober 2000 president for Den føderale republikken Jugoslavia. Wikipedia. Han var Jugoslavias folkevalgte president, døde mens han satt i fengsel i Haag tiltalt for bl.a folkemord. Han ble etter sin død frikjent. Rettssaken har mange hevdet var iverksatt av Nato-krefter for å rettferdiggjøre deres egen folkerettstridige bombing av Jugoslavia i 78 dager. Noen har påstått at han ble myrdet mens han satt fengslet.

Den strukturelle rolla som desse tribunala har spelt i NATO sitt forsøk på å skape sin nye verdsorden – New World Order – har blitt analysert og forklart av framragande juristar og skribentar rundt om i verda. Sidan eg sjøl verken er teoretikar eller filosof, men advokat, vil eg gjerne bidra til at de skal forstå den kriminelle naturen til dette internasjonale rettsmaskineriet, ved å dele erfaringa mi som forsvarar for èin av maskineriet sine politiske fangar. Eg kunne ha fortalt dykk om ICTY sin skandaløse praksis i rettssaka mot Milosevic som eg var involvert i gjennom hans internasjonale forsvarskomitè, men dette er alt velkjent og har blitt fortalt av ei rekke eminente personar og skribentar. Det finst mange offer for desse tribunala, men eg vil fokusere på denne spesielle saka fordi den godt representerer framgangsmåten i desse sakene, eit mønster for dei mange.

Den 28. januar, 2000, vart den tidlegare stabssjefen for gendarmeriet i Rwanda og høgast rangerte militæroffiseren i 1994, general Augustin Ndidiliyimana, arrestert i Belgia, basert på ein tiltale utferda av Carla Del Ponte, dåverande anklagar for Den internasjonale straffetribunalen for Rwanda [The International Criminal Tribunal for Rwanda, ICTR]. Han hadde flykta til Belgia i juni 1994 etter ha mottatt drapstruslar. Innreiseløyvet hans vart autorisert av Willy Claes, på den tida Belgias utanriksminister og seinare generalsekretær i NATO, som då erklærte at han hadde redda livet til mange rwandarar.

Det var med arrestasjonen at kriminaliteten byrja vise seg. I belgisk presse vart det spekulert i om det låg politiske årsaker bak, og 11 år seinare vart spekulasjonane stadfesta, då dommarane i rettssaka leverte dommen sin.

Dei slo fast følgande i dommen datert 17. mai, 2011:

2191. «Forsvaret legg fram påstand om at tiltalen mot og arrestasjonen av Ndindiliiyimana ‘var politisk motivert’. Retten minnar om at forsvaret framfor denne retten erklærte at aktoratet gjorde alt dei kunne for å oppmode Ndidiliyimana til å vitne imot oberst Bagasora, men Ndidiliyimana nekta. Aktoratet har ikkje nekta for dette. Som følge av hans opprinnelege motstand mot å vitne, produserte aktoratet ein vidtrekkande tiltale som anklaga Ndidiliyimana for ei rekke brotsverk i samsvar med punkt 6(1) i vedtektene. Dei fleste av desse anklagane vart til sist droppa. Forsvaret hevdar vidare at aktoratet under rettsprosessen gav gjentatte tilbod om å droppe anklagane mot Ndindiliiyimana dersom han ville seie seg einig i å vitne mot Bagasora, men Ndindiliiyimana nekta kvar gong.»

General Ndindiliyimana var rekna for ein politisk «moderat» under Rwanda-krigen i 1990-94, ein hutu som var respektert blant både tutsiar og hutuar. Og som mange vitne vitna om, inkludert vitne for aktoratet, utførte ikkje gendarmeriet hans kriminelle gjerningar mot sivile, men prøvde å verne dei der dei kunne. Så korfor vart han arrestert?

NDINDILIYIMANA, Augustin

Fordi han var ein potensiell leiar for landet, fordi han nekta å samarbeide med RPF-regimet som var installert av USA etter krigen, fordi han visste for mykje om kva som verkeleg hende i Rwanda og kven som verkeleg var ansvarlege for valden, fordi han visste at styrkar frå FN og USA – trass i at Clinton fleire gonger nekta for dette – var direkte involverte i den siste RPF-offensiven [Rwandan Patriotic Front] i 1994 og mordet på president Habyarimana. Alle desse grunnane var utan tvil involverte i arrestasjonen hans, men det vart snart klart at aktoratet brukte arrestasjonen til å presse han til å avgi falskt vitnemål mot oberst Theoneste Bagosora, den tidlegare viseforsvarsministeren i Rwanda som var det primære målet deira, den «store fisken» i rettsforfølginga.

Dei kriminelle metodane som vart brukt mot han starta allereie under arrestasjonen. Saman med den juridiske konsulenten sin møtte han to stabsmedlemmar for ICTR-aktoratet som informerte han om at tiltalen berre var ein formalitet for å gi ICTR jurisdiksjon [domsrett] over han, og at den verkelege årsaka til arrestasjonen var at han skulle følge dei til Arusha, Tanzania, der ICTR heldt til, for å treffe aktor og bli intervjua om hendingane i Rwanda. Korfor dette ikkje kunne gjerast i Belgia, utan ein tiltale, vart ikkje forklart, men basert på desse forsikringane prøvde verken han eller den juridiske konsulenten hans å bruke dei legale vegane tilgjengelege i Belgia til å motsette seg arrest og utlevering. Dei trudde at han ikkje var i fare. Reglane for korrekt rettergang krev at den anklaga skal bli vist tiltalen ved arrestasjonen. Han vart ikkje vist nokon ting. Likevel følgde han frivillig ICTR-stabsmedlemmane til Tanzania, der han straks vart overrumplande kasta i fengsel. Liknande knep vart brukte til å bortføre president Milosevic, som vi alle hugsar, då Høgsterett i Serbia heldt det for illegalt å utlevere han til Haag. Sjøl om dei leverte avgjerda i tide, vart han tvungen inn i eit RAF-fly [britiske Royal Air Force] i lenker og dratt framføre NATO-tribunalet, for aldri meir å få sjå landet sitt igjen.

I juni 2000 kontakta Ndindiliyimana meg via brev, og bad meg om å bistå han juridisk. Eg godtok det, og han leverte namnet mitt til registraren for å få meg tildelt oppgåva. Men den umiddelbare reaksjonen deires var å prøve å overbevise han om å ikkje engasjere meg. Dei påstod eg mangla erfaring, at eg ikkje kunne snakke fransk (han snakka ikkje engelsk), og prøvde overtale han til å ta imot ein bistandsadvokat som dei helst ville ha. Dette var noko som ofte skjedde i ICTY og -R, og er no regelen ved ICC. Forsvarsadvokatar som blir oppfatta som for effektive og villige til å legge fram alle fakta og la rettferd skje sjøl om himmelen skulle falle, eller som Kant uttrykte det: «å la rettferda råde, om enn all verdas kjeltringar skulle skulle gå til grunne derved» [Kant kallar det ei folkeleg tolking av det latinske ordtaket fiat justitia, pereat mundus, som tyder ‘la rettferda råde, om enn verda skulle gå til grunne derved’, oms.], blir på ulike måtar hindra i å representere tiltalte, til fordel for advokatar som enten er aktive agentar for vest-maktene, eller som berre vil sette opp eit symbolsk forsvar. Dei få sterke som er kapable , blir hindra på alle tenkelege måtar, og til og med kasta i fengsel, slik vi nyleg såg i Bemba-saka ved ICC. Ikkje desto mindre stod Ndidiliyimana imot presset, og til slutt fekk eg løyve til å representere han og til å møte han seinare den sommaren.

Først på lista over gjeremål var sjølsagt å få tak i tiltalebeslutninga og sjå kva anklagen gjekk ut på. Men det skulle vise seg å bli svært vanskeleg. Tiltalen var ikkje ein enkel påstand om at X er anklaga for å ha gjort brotsverk Y på ein spesifik plass og ein spesifik dato. Den var i staden ei 65-siders avhandling, signert av Carla del Ponte, som sette ut den RPF-amerikanske massemedia-versjonen av krigen, alt falskt, alt meint å skape fordommar mot den tiltalte hos dommarane, men – og viktigare – meint for massespreiing og pressemeldingar frå aktoratet. Med andre ord var ’tiltalen’ rein propaganda, og slik var den også skriven. Den andre overraskinga var at heile linjer, avsnitt og til og med heile sider av tiltaleavgjerda var svartsladda, inkludert namna på med-tiltalte. Det var så gale at det var umuleg å skjøne om der i det heile tatt fanst noko anklagepunkt i dokumentet, eller kva det i så fall skulle vere, og utifrå det vi kunne lese verka det som det kunne gi eit fullstendig forsvar for handlingane hans.

Arusha er en by i nordlige Tanzania. Den er hovedstad i regionen med samme navn, og hadde 416 442 innbyggere ved den offisielle folketellingen i 2012. Wikipedia

Då han kom til Arusha, vart ikkje generalen straks framstilt for ein dommar, slik rettergangsreglane til ICTR krev. I staden vart han halden i nesten 4 månadar, og traff ingen tribunaldommar før den 28. april det året. Sommelet var ein medviten taktikk meint til å mjuke han opp psykologisk. Same taktikk vart brukt mot andre fangar, til dømes statsminister Jean Kambanda, som i staden for å bli ført til ein dommar ved arrestasjonen, vart tatt til ein lokasjon hundretals kilometer frå tribunalet, halden avskoren frå omverda i ni månadar, og kvar dag trua av to kanadiske politimenn som prøvde få han til å innrømme brotsverk han ikkje hadde gjort. Desse same kanadiarane var seinare, i 2005, innblanda i mordet på eit medlem av ministeriet hans, noko eg vil kome nærare inn på seinare.

Då Ndindiliiyimana endeleg fekk treffe ei dommar, tok advokaten han hadde fått tildelt opp problemet med mangel på ei ordentleg tiltaleavgjerd, at tiltalte var beden om å forsvare seg i retten på grunnlag av eit dokument der halvparten av teksten mangla. Svaret frå gjeldande dommar, var berre at der var ein defekt i tiltaleskjemaet som kunne rettast opp seinare, i staden for å henlegge saka for mangel på tiltaleavgjerd, slik han skulle ha gjort.

Då eg kom til tribunalet i juli 2000, kontakta ei amerikansk kvinne meg i korridoren ved tribunalkontora, og informerte meg om at ho var leiar for aktoratstaben og ønska snakke med meg. Ho informerte meg om at ho ikkje berre var advokat. Ho var i tillegg oberst i US Air Force Reserves. Seinare fekk eg vite at ho også var agent i CIA. Ho bad meg treffe ho dagen etter for å diskutere forlik, noko som var merkeleg med tanke på at anklagane deira mot klienten min dreidde seg om folkemord. Neste dag entra kring 20 personar møterommet, der eg sat aleine. Fosøket på å skremme meg var tydeleg. Den amerikanske obersten kom med ulike forslag til ein avtale dersom vi gjekk med på å samarbeide og vitne mot oberst Bogosora, den tidlegare viseforsvarsministeren. Vi svara med at anklagane, så lang vi kunne oppfatte dei, var falske, at vi ikkje kunne akseptere arrestasjonen og fengslinga hans som eit middel til å tvinge han til å gi falskt vitnemål, og vi kravde å få ei rettssak. I uoffisielle private møte med FN-personell, nokre av dei på høgt nivå, hadde eg fleire gongar fått høyre at alle ved tribunalet visste at generalen var ein god mann, og ikkje skuldig i noko som helst, men, som ein på innsida fortalde meg, at det er på denne måten amerikanarane «speler spelet her», og at eg måtte sjå meg over skuldra.

På min neste tur til Arusha, eit par månadar seinare, der eg no skulle grunngi ein appell for lauslating av Ndindiliiyimana, skjønte eg at presset deires hadde auka, då eg drog til FN si avdeling for forvaring [‘UN Detention unit’] for å møte han, og fann at han hadde «forsvunne» frå fengselet. FN og dei tanzanianske vaktene nekta å fortelle meg kor han var. Det tok ein dag med opphissa argumentering med tenestemenn som prøvde hindre meg, for å finne ut at han hadde blitt overført til eit trygt hus som FN eigde i Arusha by. Det blei unnskyldt med at han var i fare for overgrep frå medfangar, men i realiteten var det for å halde han isolert psykologisk, å svekke han, å mjuke han opp, og å diskreditere han overfor dei andre fangane ved å få det til å sjå ut som om han «gjorde ein avtale».

Vi la fram krav om at han skulle tilbakeførast til FN si forvaringsavdeling, men alle våre juridiske forsøk på å påverke dette var nyttelause før eg tok opp saka i pressa, og for å unngå ein større skandale vart han, to dagar etter at pressa tok opp saka, returnert til FN-fengselet, der han kort tid etter vart vald til sjef for fangane sin komitè.

Gjennom dei neste 4 åra møtte vi heile tida hindringar når vi prøvde finne ut kva som skjedde, kva han eigentleg var anklagd for, kva dei tenkte gjere og kortid han skulle få ei rettssak. Under denne perioden gav aktoratet stadige tilbod, men alle vart avslått; vi heldt enkelt og greit fast ved det standpunktet at arrestasjon og forvaring for å presse han til å vitne, var illegalt og umoralsk, og at han kun ville samarbeide som fri mann.

Det Christopher Black beskriver ikke en rettferdig prosess , men det motsatte.

 Krav om ei snarleg rettssak vart møtt med likegyldige skuldertrekk. Vi fekk ingen relevant informasjon. I staden gravla aktoratet oss under eit tusental irrelevante dokument som registraren nekta å betale salær for lesinga av. Eg kravde at aktor skulle frigi alle relevante dokument frå FN og dei andre partane i krigen, og i 2003 mottok eg endeleg fleire CD-plater med 100 000 dokument. Men dei mangla register eller anna form for orden på dokumenta, så vi måtte lese kvart einaste eitt, i håp om å finne noko vi kunne bruke, og igjen nekta dei å betale noko salær for arbeidet. Dei ville ikkje at vi skulle lese dokumenta, og trudde at vi aldri kom til å lese dei. Men vi las dei, og det var då eg byrja lære sanninga om kva som faktisk hadde gått føre seg i Rwanda, ei sanning som var fullstendig motsett av det eg hadde lese i massemedia. Så dette gav heller inga openberring, og vi ville måtte skape eit forsvar mot det vi trudde anklagane kunne vere. Problematisk var det også at vi vart nekta tilrekkeleg med granskingsutferder for å lokalisere og møte vitne som kunne hjelpe oss å bygge opp forsvaret.

Vi fekk nyss om andre metodar brukt til å utmatte og blande seg inn i forsvaret. To irske advokatar fann ut gjennom sympatiske kontaktar i FNs tryggingskontor [‘UN security office’] at kontortelefonen vår og fax-linjene var overvaka. Vi fekk vite at minst èin forsvarsadvokat var agent for aktor. Advokatar merka at folk følgde etter dei og at dei hadde hatt innbrot på hotellromma, inkludert dei same to irske advokatane og mine. Dette skjedde meg òg både i Brussel og Arusha.

I 2003 kom ein skotsk advokat, Andrew McCarten, som representerte ein annan som var anklaga ved ICTR, for å møte meg i Toronto. Han hevda han visste alt om korleis USA og CIA kontrollerte tribunalet på alle nivå, og at han frykta for livet sitt. Han var svært oppskaka. Han var nyleg tilbake frå New York, der han hadde prøvd å treffe Bill Clinton og hadde blitt kasta ut av kontoret hans. Han fortalde meg detaljar kring US-amerikansk militære og CIA sin penetrasjon av tribunalet, og sa han skulle sende meg dokument om endå mørkare ting. Tribunalet anklaga han for finansielle uregelmessigheiter og sparka han ut. To veker seinare var han daud. Politiet kunne ikkje finne nokon grunn til at bilen hans køyrde utfor ei klippe i Skottland. Han var Skottlands fremste militær-advokat.

Dette er en rev som opererer i mange hønsegårder, også i Afrika.

Under eit besøk til Arusha like etter dette fekk eg besøk av ein major i amerikansk militær etterretning, ledsaga av ein etterretningsoffiser frå det amerikanske utanriksdepartementets Research Intelligence Bureau, som ville vite kva for strategi vi hadde for rettssaka og kva klienten min hadde for syn på afrikansk politikk.

Men forsvarsadvokatane var ikkje dei einaste som møtte problem. I 1997 gav Louise Arbour ordre til ei gransking av nedskytinga av president-flyet som resulterte i massakren av alle om bord, inkludert hutu-presidenten til Rwanda, Habyarimana, og hutu-presidenten til Burundi, Ntaryamira, og hæren sin stabssjef. Dei invaderande ugandiske RPF-styrkane og amerikanarar hevda at hutu-«ekstremistar» skaut ned flyet.

Ein australsk advokat, Michael Hourigan, fekk tildelt oppgåva å leie granskinga, og ikkje lenge etter rapporterte han tilbake til Arbour at gruppa hans hadde slått fast at det i realiteten var RPF som hadde skote ned flyet med hjelp av ei framand makt, og CIA var implisert. Arbour, sa han i ei edsvore erklæring, verka entusiastisk då han først informerte ho per telefon, men då han vart innkalla til Haag for å møte ho, hadde haldninga hennar endra seg totalt, til ope fiendtleg. Han fekk ordre om å levere frå seg bevismaterialet og trekke seg frå saka.

Til dags dato har denne fila blitt halden hemmeleg, og ingen av dei han nemnde i rapporten har blitt anklaga. Heldigvis sende Hourigan ein rapport til FNs oversight office, og den rapporten med detaljert beskriving av bevisa hadde blitt tilgjengeleg for oss, og vart registrert som bevis i militær-rettssakene. Då han forklarte seg under ed den 27. november 2006 om møtet sitt med Louise Arbour, slo han fast i avsnitt 36: «Eg føler at ukjende personar innanfor FN-leiarskapen og kanskje andre plassar pressa Louise Arbour til å sette ein stoppar for granskingane til National Teams kring nedskytinga av president Habyarimana.», og i avsnitt 38, der han refererer til grunnane til at han trakk seg, «… det kjendest som at eg ikkje kunne jobbe for dommar Arbour når ho, etter mitt syn, handla utifrå personlege interesser heller enn interessene til ICTR, FN og verdssamfunnet som vi tente.»

Styrker fra RPF, Rwanda Patriotic Front, eller styrkene til den sittende regjeringen til president Paul Kagame

Så her har vi bevis for ikkje berre selektiv forfølging frå aktoratet si side (berre hutuar har blitt anklaga, sjøl om bevis som har blitt avslørt i rettssaker desse siste 15 åra viser at RPF-styrkar er ansvarlege for det meste av drepinga), men også for aktiv stønad og medverknad til eit krigsbrotsverk, og motarbeiding av rettsvesenet [‘obstruction of justice’] utført av Louise Arbour sjøl og dei som lykkast i å påverke ho til å henlegge granskinga. Og når ho no hadde prova sin verdi for Washington i denne saka, vart ho sjølsagt brukt igjen, to år seinare, til å fremje falske anklagar mot Slobodan Milosevic. Til gjengjeld fekk ho ei rekke lukrative overføringar: til Høgsterett i Canada, deretter FNs menneskerettskommisjon, og no som sjef for CIA-tilknytta International Crisis Group.

I januar 2004 vart situasjonen for forsvaret og fangane så desperat at forsvarsadvokatane organiserte ein streik for å protestere mot ei rekke punkt: anklagane og rettssakene sin politiske natur, dei selektive forfølgingane som gav Kagame-regimet full immunitet og grønt lys til å massakrere millionar av menneske i Kongo, dei dårlege arbeidstilhøva for forsvaret, kroppsvisitasjonar av forsvarets bistandsadvokatar når dei kom for å møte med klientane sine, og isolasjonen av og leveforholda til fangane. Leiar for denne streiken var Jean Degli, ein kongolesisk advokat med base i Paris; ein utmerkt talsmann og sterk leiar for forsvarsadvokatane sitt forbund. Kort tid etter vart også han implisert i ein finansiell skandale, og tvunge ut frå forsvaret av ein senior militær-offiser. Han måtte gå og han var ute. Med han borte frå tribunalet, kollapsa forsvarsadvokatane sitt forbund, og det blei aldri noko meir med dei.

Louise Arbour er en canadisk jurist. Hun var fra 2004 til 2008 FNs høykommissær for menneskerettigheter. Hun ble utdannet jurist ved Université de Montréal i 1970, og underviste fra 1974 til 1987 i strafferett ved York University. I 1987 ble hun utnevnt til dommer i straffesaker i førsteinstans. Wikipedia

Britiske og amerikanske advokatar dukka ibant opp i fengselet og fortalde anklaga at dei hadde fått utnemnd advokaten sin. Men fangane hadde ikkje bedd om dei, kjente dei ikkje, ville ikkje ha dei, og vart overbeviste om at dei var sende inn frå vestlege etterretningsbyrå for å kontrollere utfallet i sakene. Fangane sjølve laga ei liste over forsvarsadvokatar dei trudde arbeidde for vestlege etterretningsbyrå. Dei fangane som var uheldige nok til å falle offer for desse folka, ende alltid opp med å tilstå skuld i folkemord, i håp om lav straff, når det i røynda ikkje fanst noka truverdig sak mot dei. Dei vart fortalde at dei ikkje hadde noko val; at saka ikkje kunne vinnast. Altfor mange fall for det. I dei sakene som tribunalet ikkje klarte kontrollere ved venleg bistand, prøvde aktoratet å få plassert nokon på innsida av forsvaret for å vidareformidle informasjon og påverke forsvarets taktikk og strategi. Dette vart gjort i vår gruppe. Vi oppdaga fleire folk som jobba for aktoratet som spionar. Det var vanskeleg å stole på nokon.

Dei saboterte også laget vårt ved å prøve å lage felle for og arrestere vår øvste etterforskar, ein tidlegare rwandisk politi-major og ein veldig nyttig mann for oss i arbeidet med å lokalisere vitne. Den dagen han kom til Arusha, vart eg informert av ein sympatisk innstilt tenestemann om at dei hadde til hensikt å arrestere han med anklage om folkemord, at arbeidsprogrammet hans hadde blitt suspendert, og at eg heller burde få han ut av landet. Så vi laut raskt smugle han ut av Tanzania, til ein betydeleg pris, for å unngå at han skulle bli arrestert eller noko verre. Anklagane var openlyst falske, ettersom han var klarert både av FNs tryggingspersonell og Rwanda lenge før han vart engasjert som vår etterforskar. Men forfølgingstaktikken forkrøpla effektivt forsvaret vårt i over eit år, og vi greidde aldri seinare å finne ein etterforskar med hans erfaring og kontaktnett. Til dags dato har kravet vårt om å få vite korfor han var anklaga blitt møtt med tystnad, men det er verdt å notere seg at han etter denne episoden vart tilsett i nederlandsk politi, som tok ein full sikkerheitskontroll på han, og kom fram til at han ikkje hadde hatt noko å gjere med hendingane i 1994.

Presset nådde nye høgder då aktoratet sette ut rykte som antyda at dei tenkte tiltale også kona til generalen. Vi hugsar alle korleis president Milosevic vart halden borte frå kona si, Mira Marovic, av same grunn.

Endeleg, nesten 5 år etter arrestasjonen av generalen, starta rettssaka, i september 2004. Det kom då fullstendig overraskande på oss at aktor heilt i starten av rettssaka reiste seg og la fram ei heilt ny tiltaleavgjerd, som inneheldt fleire dusin nye anklagar – inkludert påstandar om massakrar vi aldri hadde høyrt om og personlege mord dei påstod generalen skulle ha utført for eiga hand. Anklgane var av verste og mest sensasjonelle slag. Det var tydeleg at dei var meint til å skape fordommar om tiltalte i auga på dommarane før rettssaka var kome igang, og faktisk vart mange av dei, som vi seinare såg i dommen, forkasta utifrå total mangel på framlegging av bevis. Det heile var ein farse. Vi la ned protest og kravde ei utsetting, slik at vi kunne førebu eit forsvar. Vi vart nekta dette, og tvungne til å halde fram, og måtte såleis førebu forsvaret samtidig som rettssaka pågjekk. Ved det punktet var eg aleine, utan med-advokat, ettersom registraren nekta oss å få advokat etter eige val. Dommarane si haldning var frå første dag ope fiendtleg, og dei nekta å la oss diskutere visse emne, eller å krysseksaminere vitne slik vi ville. Dei tok openlyst parti for anklagarane, og sat tilbakelente og gjorde ingenting medan aktoratet kvar dag kom med vondsinna personangrep mot forsvarsadvokat og anklaga.

Vitneføringen var konstruert og åpenbart løgnaktig.

Aktoratet sine vitne var alle hutu-fangar under RPF, haldne utan tiltale i ti år eller lenger under forferdelege kår, mange torturerte, ingen av vitnemåla deira i samsvar med det dei hadde sagt før rettssaka, mykje av det andre- eller tredjehands rykte. Aktoratet la aldri fram tekniske bevis for drapa, ingen foto, video, ingen namn på offer, ikkje noko DNA, ingen dokument eller ordrar, signaletterretning. Ingen RPF-funksjonærar vart kalla inn til å vitne. Det einaste dei hadde av bevis, kom ut av munnen på desse hutu-fangane. Vitnemåla deira var ein farse. Dommarane prøvde ope å hjelpe aktoratet når vitna under kryssforhøyr vart avslørte i å gjenfortelle etter manus. Aktoratet brukte alle skitne triks i boka til å forstyrre kryssforhøyra våre og redde vitna etterkvart som dei fell ihop i vitneboksane. Likevel hadde mange av dei, når dei kom i vitneboksen, motet til å seie ifrå om at dei hadde blitt tvungne til å signere erklæringar og vitne falskt til gjengjeld for lauslating, tenester, eller for å unngå avretting. Vi fekk frå desse vitna vite om at regimet hadde sett opp skular i fengsla, for å rekruttere og trene falske vitne, og dommarane fekk høyre detaljerte forklaringar om korleis vitne vart rekrutterte i desse fengsla, og at staben til aktoratet ved tribunalet var involvert i denne skandalen. Kva for skjebne desse fangane møtte då dei returnerte til Rwanda, veit vi ikkje, men skjebnen til dei som set seg opp imot Rwanda-regimet er alltid utriveleg og varig.

Til og med dommarane, utvalde og opplærte til å vere fiendtlege overfor forsvaret, byrja så smått å bli ukomfortable med det dei fekk høyre, og uroa over å få vite at alle vitneerklæringane lagt fram for oss daterte seg til etter arrestasjonen av generalen.

BILDE

Tiltalen mot general Augustin Ndindiliyimana verka etterkvart som om den var henta utifrå lause lufta. Heile saka sin bevisførsel var basert berre på vitneutsegner, og ingen av desse var daterte til før arrestasjonen.

Vi fekk vite at dommarane hadde fått utlevert dokument til gjennomlesing som ikkje vart gitt til forsvaret, så vi visste ikkje kva dei baserte avgjerdene sine på. Dommarane trua meg og andre i forsvaret med arrest dersom vi heldt fram med utspørjingar som dei ikkje ønska vi skulle gå vidare med, og der var dagleg arrige konfrontasjonar i retten mellom dommarar og forsvarsadvokatar når vi prøvde verne om rettane til den anklaga og insisterte på ein rettvis rettergang. Gjennom heile rettssaka kom det ut bevis for at fiende-styrkane hadde gjort grufulle ting i stor skala mot sivile, men i staden for at dommarane spurde aktoratet om korfor desse styrkane ikkje vart anklaga, prøvde dei å få oss til å teie.

I 2005, under krysseksaminasjonen min av ein belgisk oberst i hæren om det som er kjent som Dallaire-folkemord-faxen, fekk vi vite at tolkane las frå manus som aktoratet hadde førebudd, i staden for å tolke det faktiske vitnemålet til vitnet. Vi vart sjokkerte, og kravde ei gransking av kor lenge denne praksisen hadde pågått, og kravde at aktoratet skulle siktast. Dommarane sat der igjen med steinfjes, og trass krava våre, skjedde ingenting.

Det var under dette kryssforhøyret at Dallaire-faxen vart avslørt som forfalsking og plassert i FN-arkivet av ein oberst i den britiske hæren. Men sjølsagt rapporterte ikkje media som dekka saka om dette avgjerande faktumet, og til dags dato har dei halde fram med å referere til Dallaire-faxen som eit essensielt dokument som beviser at det var eit planlagt folkemord. Men aktoratet var så forlegne over denne avsløringa at faxen aldri meir vart nemnt i nokon av rettssakene ved ICTR, og sjøl om det var påstått å vere det viktigaste aktorat-dokumentet i rettssaka, så vart det aldri meir tatt opp igjen av aktoratet.

I 2006 arrangerte aktoratet å få ankedomstolen til å kome med den forbløffande erklæringa om at «folkemordet» var eit uomstridd faktum [‘a judicially noticed fact’}, trass at forsvaret klart nekta for dette, trass bevis som peika i motsett retning under rettssakene, og trass det faktum at den primære anklagen som alle dei anklaga stod overfor var nettopp folkemord. I realiteten slo tribunalet fast at forsvaret ikkje kunne fornekte hovudanklagen mot dei.

Men dei lykkast ikkje med å bringe forsvaret til tystnad. Vi heldt fram fram med å presentere forsvaret vårt trass denne avgjerda, og i saka vår i det minste, gav dommarane opp å kjempe mot oss dag etter dag, og vi heldt fram med å presentere fakta.

dr. Alison Des Forges

I september 2006 vitna dr. Alison Des Forges, den velkjende eksperten på rettsforfølging, i saka vår, og utarbeidde i samband med dette ein ekspert-rapport. Problemet var at ho fjerna frå rapporten utsegner ho hadde gitt i ein tidlegare rapport, om at Ndindiliyimana var ein mann som var imot folkemord og hadde prøvd å verne om sivile. Då ho vart konfrontert med dette i kryssforhøyret – om korfor ho hadde forsøkt å føre dommarane på avvegar – nekta ho å svare på spørsmåla, men utifrå aktorane sine reaksjonar var det tydeleg at ho hadde fjerna desse ytringane som vitna om uskuld, i eit forsøk på å motarbeide rettsvesenet [‘obstruct justice’], og at ho gjorde det på ordrar frå aktoratet. Dommarane i saka gjekk til det uvanlege steget å sensurere dr. Des Forges for dette bedraget i rettsdommen.

I 2007 var vi vitne til ei anna bisarr hending, der dommarane og aktoratet heldt eit hemmeleg møte om korleis dei skulle eliminere det uønska vitnemålet til ein tutsi-prins ved namn Antoine Nyetera, sonen til den siste tutsi-kongen og velkjent i Rwanda. Han hadde vitna om at RPF hadde utført all drepinga, ikkje regjeringa, og at han var vitne til det. Mislikande det faktum at ein prominent tutsi hevda at massemedia sin versjon av hendingane var falsk, og at RPF-styrkane som aktoratet nekta å sikte, var ansvarlege for dei fleste drapa, avgjorde dei i eit hemmeleg møte med aktorane å erklære i retten at dei ville eliminere vitnemålet hans frå protokollen [‘the record’]. Då heile forsvaret la ned protest, vart vi møtt av ein massiv mur. For å dekke over kva dei hadde gjort, skreiv dei også om dagsordenen for gjeldande dag.

Vi byrja i tillegg å sjå at transkripsjonane frå saka var manipulerte. Vi fekk utlevert utkast-transkripsjonar kvar morgon, men når vi mottok den endelege versjonen, var visse ord eller nøkkel-omgrep endra på, til fordel for aktoratet. Atter ein gong kom vi ingen veg med klagane våre. Vi la merke til at vi vart overvaka av sikkerheitspersonell frå FN når vi hadde møte med vitne på hotell. Dette vart gjort heilt openlyst, og hensikten var tydeleg å skremme oss. Det var kring desse tider at 35 av fangane skreiv til Tryggingsrådet og slo fast at dei såg på seg sjøl som politiske fangar av FN. Dei fekk ingen respons på brevet.

Erik Møse

I juli 2008 kom ein amerikansk ICTR-fullmektig bort til meg på ein kafé i Arusha, og fortalde meg at han var CIA-offiser, at dei hadde myrda andre som gjekk for langt i tribunalet, og at dersom eg ikkje stansa forsvarsarbeidet mitt, så kom dei til å drepe meg og. Eg rapporterte denne bisarre samtalen til presidenten for tribunalet, den norske dommaren Erik Møse, men endå ein gong vart eg møtt med total mangel på interesse. Klienten min prøvde å trøyste meg med at dei nok ikkje kom til å røre meg, at dei berre prøvde å skremme meg. Dette var ikkje første gong ein slik trussel var blitt ytra. Eit medlem av den rwandiske regjeringa kom til meg i starten av rettssaka etter å ha sett meg krysseksaminere vitna deira, og fortalde meg at viss eg heldt fram slik, så hadde eg ikkje lenge att å leve. Klagar til dommarar og FNs sikkerheitspersonell førte ingenstad. Tanzaniansk hemmeleg politi tok fleire gongar kontakt med meg desse åra og kom med liknande truslar, og det har ikkje ein gong stoppa enno. I juli i år vart eg i Toronto kontakta av kanadiske etterretningsfolk som kunne fortelle at eg stod oppført på ei rwandisk dødsliste, og spurde meg om eg akta halde fram med å vere aktiv i Rwanda-saka. Det verka på meg som om dei på ein listig måte åtvara meg om ein trussel for å gi meg ein.

Juvenal Uwilingiyimana

I november 2005 forsvann Juvenal Uwilingiyimana – ein tidlegare minister for Rwandas regjering som vart intervjua av to kanadiske etterforskar som arbeidde for Stephen Rapp, dåverande sjefsanklagar ved ICTR – då han drog av stad for å møte med desse etterforskarane i Lille i Frankrike. Dette var dei same kanadiarane som hadde halde statsminister Kambanda isolert i 9 månadar for få ut av han ei falsk tilståing. Fleire veker seinare vart liket av Uwilingiyimana funne i ein kanal i Brussel, utan klede, med hendene avkutta. Rett før han forsvann skreiv han eit brev til tribunalet, der han slo fast at Rapp og folka hans dreiv utpressing av han for å få han til å avgi falsk forklaring, og at dei hadde trua med å drepe han og kutte han opp i bitar dersom han ikkje samarbeidde. Eg og andre i forsvaret tok opp dette brevet og mordet i retten og la fram krav om at dei hovudmistenkte til mordet, Stephen Rapp og dei to kanadiarane, skulle suspenderast og haldast fengsla under etterforsking. Ingenting vart gjort. Det belgiske politiet føretok inga gransking, og Rapp vart forfremma til stillinga USAs omreisande ambassadør for krigsbrotsverk.

I 2008 tok eit vitne for aktoratet i saka vår tilbake det han tidlegare hadde sagt. Han fortalde at han hadde blitt tvungen under dødstrussel om å gi falsk forklaring. Forsvaret lykkast i å få dommarane til å kalle han tilbake i retten for utspørjing, og han vart frakta frå Rwanda til eit sikkert hus under FN i Arusha. Dagen før han skulle vitne forsvann han frå det sikre huset, og har aldri sidan blitt sett. FN kunne ikkje forklare korleis han kunne forsvinne frå eit av deira sikre hus. Eit anna aktorat-vitne trakk også tilbake det han hadde sagt, og hevda det same, men i dette tilfellet anklaga aktoratet meg for å ha muta han. To granskingar konkluderte med at han fortalde sanninga, som inkluderte det faktum at ein medarbeidar for aktoratet var involvert i bestikking for falskt vitneutsegn [‘suborning perjury’].

Faktisk såg vi fleire gonger gjennom rettssaka at amerikanske offiserar frå hæren og seniorar frå det amerikanske justisdepartementet var til stades og sat ihop med folk frå aktoratet. Då vi fann ut kven dei var, kravde vi at dei skulle kastast ut, og dommarane vart tvungne til å gi ordre om å fjerne dei frå rettssalen. Under den korte krysseksaminasjonen vi vart løyva av general Dallaire, via videolink frå hovudkvarteret til Canadian Defence i Ottawa, gjorde kameramannen den tabben å zoome ut kamera frå eit nærbilde av generalens ansikt og torso til eit vidvinkelbilde. Vi vart sjokkerte over å sjå at der sat 5 seniorar frå den kanadiske hæren ved sidan av han, endå vi var blitt fortalde at han var aleine i rommet med teknikaren og ein domstolsfullmektig. Då vi kravde å få vite kven dei var og kven som hadde gitt dei ordre om å vere der, nekta dei å svare, og dommarane nekta å gi ordre om å få dei fjerna frå lokalet. Det var tydeleg at den kanadiske regjeringa var redd for at Dallaire skulle avsløre Canada si rolle i samanbrotet av freden, attentatet på president Habyarimana og andre, og massedrapa som følgde.

I 2008 fann eg, gøymd blant filene til aktoratet, eit brev datert august 1994 frå Paul Kagame. Her refererer han til sin og president Museveni sin «plan for Zaire» og slår fast at hutuane står i vegen for den planen, men at den kan halde fram med støtte frå amerikanarane, britane og belgarane. Eg tok opp dette brevet i retten neste dag, ettersom det indikerte at krigen i Rwanda berre var første fase i den større krigen i Kongo, ein krig som var planlagt sannsynlegvis så langt tilbake som i 1990. Aktoratet anklaga meg med det same for å ha forfalska dette dokumentet, sjøl om det kom frå deira eigne filer, og den kvelden vart eg ope forfølgt av ein tanzaniansk politietterforskar. Eg var nøydd til å be dommarane om vernetiltak neste dag. […] Det er verdt å merke seg at som vedlegg til brevet låg det ein rapport frå USAID-tenestemann Robert Gersony til FN sin Høgkommisjon for flyktningar (UNHCR), som slo fast at RPF-styrkane i breidt omfang og systematisk hadde massakrert sivile hutuar sidan april 1994 og fram til datoen på rapporten, oktober 1994. Det er også verdt å merke seg at rapporten hadde ein merknad frå ein UNHCR-funksjonær til ein annan som slo fast at rapporten måtte haldast konfidensiell. Dette beviset som indikerte uskuld, skammeleg gøymt unna av FN, hadde vore i hendene på aktoratet i årevis, men illegalt halde skjult for oss.

I 2011, trass overveldane bevis for at Ndindiliiyimana hadde gjort alt han makta for å redde liv og gjenopprette freden i Rwanda, og at han var uskuldig i alle anklagane, vart han av dommarane dømt for å feila i å straffe underordna for to påståtte brotsverk. Men dei frikjende han for alle dei vesentlege anklagane og gav ordre om å sleppe han fri. Domfellingane verka absurde, ettersom den eine hendinga aldri hadde skjedd og i den andre hadde ikkje folka hans vore involverte.

Då ankedomstolen henla desse domfellingane den 7. februar 2014, fekk eg vite frå ei kjelde på innsida at ein høg dommar hadde fortalt han at dommarane følte dei måtte dømme han for noko, trass i at han var klart uskuldig, fordi dei var redde for konsekvensane frå amerikanarane dersom dei heilt frikjende den anklaga. Ei rekke kommentatorar spekulerte også i om dei måtte rettferdiggjere den lange, illegale fengslinga. Uoffisielt fekk eg, dagen etter at dommen var felt, ein e-post frå den amerikanske kvinna, obersten, som først hadde hatt med saka å gjere i 2000 og tilbydd oss eit forlik. Ho skreiv ho var sint for at Ndindiliyimana hadde blitt domfelt, at ting aldri var meint å skulle gå så langt, og at om eg nokon gong var i Washington, så skulle ho fortelle meg kva som verkeleg låg bak det heile. Men eg har ikkje reist til Washington, og vi møttest aldri.

Eg har forsøkt å gi deg eit vindauge inn til korleis desse show-rettssakene blir drivne, korleis ting reelt fungerer ved desse tribunala. Kvar rettssak har si eiga historie å fortelle. Det er eit svært deprimerande og mørkt bilde. Det var ei svært bitter erfaring. Det er ikkje mykje meir eg kan seie, unntatt at det verkar på meg som om eit internasjonalt rettsvesen som lever opp til namnet, ikkje kan eksistere utan ein internasjonal orden som er demokratisk; ein verdsorden der suverenitet og likskap mellom nasjonar er fundamentalt. Lova og dens juridiske strukturar reflekterer dei sosiale, økonomiske og politiske forholda i eit samfunn. For å gjenoppbygge den juridiske arkitekturen til internasjonalt rettsvesen, slik at den er rettvis, upartisk og universell, må vi først endre dei grunnleggande økonomiske, sosiale og maktrelaterte forholda som utgjer fundamentet. Utan dette vil menneskeslekta fortsette nedover vegen med reaksjon og krig, og lista over offer for desse verkeleg kriminelle tribunala vil bli lang, og offera for ein verdskrig vil inkludere oss alle. Korleis skal dette gjerast? Det overlet eg til dykk.

[1] Dette er det originale paragraf-nummeret som det var på dagen for dommen, og som er brukt i ankedokumenta. Det står no oppført på nettstaden til ICTR i ’trial judgement of Case 00-56-T’ som ’paragraph 2190’.

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har til bilder m/tekst

Forsidebilde: Lexica

Merknad frå omsettar: Det var visse vanskar med arbeidet, spesielt med tanke på juridisk terminologi, yrkestitlar og namn på organisasjonar. Originalartikkelen kan lesast på engelsk på denne adressa: https://christopher-black.com/the-criminilisation-of-international-justice-anatomy-of-a-war-crimes-trial/

13 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 13 ganger.

Post Views: 41

Les artikkelen direkte på derimot.no