Derimot: En helt annen vurderering av Donald Trump. Er Donald Trump Andrew Jackson i moderne form? – Derimot

derimot.no:

Donald Trump, ein Andrew Jackson 2.0?

av Thierry Meyssan

Donald Trump er ikkje nokon Republikanar, sjølv om han vart støtta av Det republikanske partiet. Han definerer seg som Jacksonianar og har ofte referert til den tidlegare presidenten Andrew Jackson (1829-1837). Om vi skal forstå han og vurdere gjerningane hans, lyt vi kjenne til korleis forgjengaren hans tedde seg. I USAs historie prøvde general Jackson å transformere landet sitt frå eit monarki utan adelsstand til eit ekte demokrati og erstatte krigar med handel.

Under sin første presidentperiode dekorerte Trump det ovale kontoret med eit portrett av president Jackson.

Nesten ingen kommentatorar forstår handlingane til den no gjenvalde presidenten av USA, Donald Trump, fordi dei feiltolkar dei gjennom prismet av Republikanske eller «woke» ideologiar. Men Trump, som tidlegare har frekventert både Det demokratiske partiet og Tea Party, og i dag Det republikanske partiet, hevdar sjølv at han er tilhengar av ein fjerde ideologi: Jacksonianismen. Under sin første periode i Det kvite hus dekorerte han det ovale kontoret med eit portrett av forgjengaren Andrew Jackson.

Men kva er jacksonianisme?

Andrew Jackson, som hadde mista nesten heile familien sin under krigane mot britane, var advokat. Han skreiv grunnlova for Tennessee (Tennessee Constitution, 1796). Mange meinte den gav altfor mykje makt til den lovgivande greina og ikkje nok til den utøvande (guvernøren), og den etablerte ikkje nokon Høgsterett. Men den vart hylla som «den minst uperfekte og mest republikanske av grunnlover» av USAs dåverande president, Thomas Jefferson.

Seksjon 1 av Artikkel III gir røysterett til alle frie menn (kvite og svarte), 21 år og eldre, som var sjølveigarar eller hadde vore i landet i seks månadar. I tillegg kunne militsmenn røyste på offiserane sine. Bill of Rights-delen stadfesta at agnostikarar og ateistar hadde same rettar som dei truande. Dette var eit direkte slag mot puritanarane på aust-kysten.

Under krigen mellom Frankrike og Storbritannia i 1812, innførte Paris og London ein sjø-blokkade. Det var for å tvinge det russiske imperiet til å respektere denne at Napoleon angreip Russland, og fordi Hennar Majestets statsminister konfiskerte 900 amerikanske skip som prøvde å drive handel med Frankrike at Washington igjen gjekk til krig mot si tidlegare kolonimakt.

Under denne «den andre uavhengigheitskrigen» utmerka Andrew Jackson, som hadde blitt general, seg like mykje militært som diplomatisk. Han greidde å manøvrere Creek-indianarane, spesielt cherokeeane. Denne krigen var gagnlaus, for den endte med ein traktat som etablerte ein retur til førkrigstilhøva, men general Jackson vann den første militære sigeren i USAs historie.

Andrew Jackson trekte seg seinare tilbake til Florida, der han vart guvernør. Han fekk avretta to britiske spionar, sjølv om han ikkje eksplisitt hadde makt til det, noko opponentane kalla mord. Han stilte som presidentkandidat i USA i 1824 og vann fleirtalet av folkets røyster og fleirtalet av valmennene i elektoratet (utnemnde av guvernørane), men etter politisk triksing (dei to andre kandidatane inngjekk ein avtale etter valet) vart han likevel ikkje utnemnd til president. Valmannskollegiet (altså representantane til guvernørane) nominerte John Quincy Adams (slik dei i 2020 nominerte Joe Biden mot Donald Trump). I raseri danna han Det demokratiske partiet for å samle støttespelarane sine. Det at valet vart stole av den korrupte politiske klassen, tente som valkampsak for Andrew Jackson (slik det også gjorde for Donald Trump).

Jackson vann overlegent i 1828, då mange statar hadde gjennomført rådgivande folkerøystingar for å vise guvernørane sine kven dei burde velge (hugs at USAs grunnlov ikkje seier at presidenten må velgast ved direkte eller indirekte folkeval, men i staden av representantane for guvernørane. «Grunnleggingsfedrane» uttrykte tydeleg at dei ikkje hadde til hensikt å innføre eiit demokrati). Kort sagt var Andrew Jackson den første presidenten som vart vald ikkje gjennom allmenn stemmerett, men med støtte frå den. I inaugurasjonstalen sin lova han å fordrive indianarane vestover. Grasrota hans kom til Det kvite hus for å hylle han, men dei var så mange at dei braut ut kaos, og den nybakte presidenten vart nøydd til å flykte ut gjennom eit vindauge for å unngå å bli knust av folkemengda.

Jackson hadde gifta seg med den unge Rachel, som trudde ho var skild (frå ein annan mann), men fekk vite at skilsmissa ikkje hadde blitt registrert. Opponentane laga ein skandale av det og anklaga Jackson for å leve med ei gift kvinne. Rachel døydde før Jacksons andre presidentperiode, og han gav førstedamerolla til niesa si Emily, som gifta seg med søskenbarnet sitt, Andrew Jackson Donelson, som var presidentens private sekretær.

Då han danna administrasjonen sin, kvitta han seg med korrupte embetsmenn, og sidan han ikkje greidde erstatte deim plasserte han inn sine slektningar og venner. Vennen John Eaton vart utnemnd til krigsminister. Av praktiske grunnar budde han i Det kvite hus når presidenten var borte. Anti-Jacksoniarane spreidde då vondsinna rykte om Eaton-paret.

Desse sex-skandalane, som alle var oppspinn frå dei puritanske opponentane, fekk Jackson til å skille seg frå sin visepresident, som tenkte på same måten som aust-kyst-eliten.

I 1830 innførte Andrew Jackson lova Indian Removal Act. Den gjekk ut på å dele opp det nord-amerikanske territoriet på e in slik måte at indianarane vart plasserte vest for Mississippi. 70 avtalar vart signerte for $68 millionar i kompensasjon. Jackson opponerte mot den legendariske David Crockett (representant for Tennessee). Kring femti stammar vart fordrivne, inkludert cherokeeane, som også signerte fredstraktaten. Stammen anka to gongar til Høgsterett for å få klarheit i lovas innhald. Utvandringa til cherokeeane (episoden «Valley of Tears») var spesielt hard; ein fjerdedel av dei døydde under fordrivinga. Men dette folkemordet skjedde ikkje under Jackson, men under presidentskapet til etterfølgaren hans. I dag er cherokeeane den einaste stammen som har oppnådd velstand.

Andrew Jackson, lik George Washington og mange andre, var ein slave-eigar. To hundreår seinare framstiller woke-rørsla han som slaveeigar og indianarslaktar, ein motstandar av minoritetane. I røynda adopterte han ein indiansk gut som hadde blitt foreldrelaus under krigen, og kalla han Lyncoya. Han vart derfor av sine samtidige skulda for å øydelegge sivilisasjonen ved å introdusere ein indianar til regjeringa i Florida, og deretter til Det kvite hus.

Han godkjende «Monroe-doktrinen» som på den tida innebar at dei europeiske maktene avstod frå å kolonisere Amerika, medan Dei foreinte statane forbaud seg sjølv å intervenere i Europa. Eit halvt hundreår seinare vart prinsippa i doktrinen vridd for å tillate USA å kolonisere Latin-Amerika utan europeisk rivalisering.

I 1832 la han ned veto mot ei lov som forlenga eksistensen til ein privat/offentleg Sentral-bank for USA (først oppretta av Alexander Hamilton). Sameleis la han ned veto om opprettinga av Federal Reserve (dagens Fed, USAs sentralbank). I mellomtida sørga han for å få nedbetalt heile den offentlege gjelda. Dette er den einaste gongen i landets historie at USA ikkje hadde statsgjeld (statsgjelda no er på $34,5 billionar, eller 122,3% av BNP).

Andrew Jackson, som på folkemunne symboliserer motstanden mot finansmakta, er avbilda på $20-setelen. Demokratane har føreslått å erstatte bildet hans med ei svart kvinne til å symbolisere minoritetane.

Opposisjonen hans mot sentralbanken krystaliserte konflikten mellom elitane og bøndene. Han trudde at denne banken hadde monopol-makt og spelte ei rolle i det politiske livet, at den korrumperte parlamentarikarar slik at dei ville røyste imot interessene til det amerikanske folket. Andrew Jackson greidde å utvide velgarbasen i mange delstatar, slik at på slutten av mandatet hans kunne sju gongar fleire borgarar delta i vala. Gjenvalet hans i 1833 var ein triumf: 55% av røystene og 219 valmenn mot 49 for rivalen (hugs at det i USA er valkollegiet som utnemner presidenten). Opponentane skulda han for populisme.

Så kom disputten kring tollsatsar, som 25 år seinare skulle ende med borgarkrig (som i motsetning til den offisielle historia ikkje hadde noko å gjere med avskaffing av slaveriet som begge sider praktiserte). Sør-Carolina bestemde seg for å ikkje bruke føderale toll-tariffar. Andrew Jackson åtvara om faren for borgarkrig og fordømde dette og idéen om utskilling. Han trua med å drepe dei som valde denne vegen. P,residenten greidde å gjenopprette roen og bevare den sameinte nasjonen ved å føreslå eit kompromiss mellom sør (frihandel) og nord (proteksjonisme).

Andrew Jackson var den første av USAs presidentar som vart myrda. På den tida hadde ikkje presidentane personlege sikkerheitsvakter.

Andrew Jackson forsvarte alltid sentralmakta mot guvernørane – ikkje utifrå eit prinsipp om sentralisme, men av mistillit til dei lokale elitane. Han prøvde å hindre borgarkrig ved å appellere til folket. Etter hans meining hadde bøndene og arbeidarane felles interesser, medan dei store landeigarane og industriherrane skilde seg frå desse. I denne konflikten spelte sentralbanken hovudrolla, då den spekulerte internasjonalt og gjorde USA sin økonomi prisgitt svingningane i utlandske marknadar. Det var derfor han slutta tolltariff-avtalar med Storbritannia, Rusland og Det osmanske imperiet. Han utforma eit svært kommunikasjonsnettverk i Latin-amerika for å eksportere US-amerikanske produkt til fjerne Austen. Han forhandla med dei europeiske maktene om skadeerstatning etter Napoleonskrigane. Han var gjenstridig mot den den franske kongen, Louis Philippe. Men han mislykkast i å kjøpe Texas frå Mexico, kanskje fordi han omgav seg med dårlege diplomatar. Andrew Jackson byrja så smått å tenke på USAs «manifesterte lagnad» («Å breie oss utover heile kontinentet som Gud i sitt forsyn har gitt oss for den frie utviklinga til våre millionar av innbyggarar som blir fleire for kvart år som går»). Men det var først etter han at dette konseptet rettferdiggjorde utbreiinga av «tden perfekte styreforma» over heile verda.

Jackson sine puritanske opponentar framstilte han som ein ateist som kjempa mot kyrkjene, som ein folkeforførar mot dei utdanna elitane.

Den 13. juli, 2024, prøvde eit individ med band til USAs etterretningstenester i Ukraina å myrde presidentkandidat Donald Trump. Secret Service, som hadde ansvaret for sikkerheita hans, innrømde at dei hadde gjort feil, men ingen av agentane deira vart straffa.

Jackson og Trump

General Jacksons døme vart, under press frå privatsekretæren hans, til ein doktrine. Den er organisert rundt to sterke idéar: 
• Frå eit taktisk synspunkt: flytt konfliktane mellom dei føderale statane og den føderale sentralmakta til splittinga av folket og dei puritanske elitane på austkysten.
• Frå eit strategisk synspunkt: erstatt krig med handel.

Taktikk

Til dømes pressa president Trump under sin første presidentperiode Høgsterett til å flytte emnet abort over til dei einskilde delstatanes jurisdiksjon. Som resultat skulda woke-opponentane, inkludert Kamala Harris, han feilaktig for å ha forbode abort, sjølv om det er tillate i 38 delstatar.

Andrew Jacksonprøvde å reformere valsystemet for å gi alle menn, uavhengig av hudfarge, røysterett. Han greidde berre å innføre allmenn røysterett for val av senatorar. Donald Trump har til hensikt å utvide den allmenne røysteretten til valet av president ved å eliminere valmannskollegiet som guvernørane har utnemnd.

La oss hugse på at grunnlova var utforma av storbønder som ville etablere eit monarki utan adel, og framfor alt ikkje eit demokrati. Etter deira syn, og i teksten dei skreiv, skulle det ikkje vere nokon allmenn røysterett. Tvert imot det vi trur, handlar debatten om 2020-valet primært om tvetydigheita i denne grunnlovsteksten, og ikkje til stemmeopptellinga. Det massive gjenvalet av Donald Trump har bevist spriket mellom folkets røyster og oppfatningane til den herskande klassen.

Trump har, som Jackson, aldri slutta å stole på røystene til folket. Begge har designa “populistiske” valkampanjar, det vil i deira fall seie at dei responderer til folkets forventningar heller enn å støtte løysingane dei sjølve ser føre seg. Trump baserte seg på teknikkane til Steve Bannons Cambridge Analytica, med å scanne dei sosiale media for å analysere kva folk tenker, deretter gi målretta meldingar designa for spesifikke profilar. Motstandarane hans baserte seg derimot på Cass Sunstein sine åtferds- og kognitive teknikkar.

Ein rask merknad om gruppe-/massereaksjonar. Støttespelarane til Andrew Jackson, som kom for å feire han, øydela ikkje Det kvite hus fordi dei ville øydelegge det, men fordi det var for mange av dei. Sameleis skadde tilhengarane til Donald Trump Kongress-bygget ikkje fordi dei ville øydelegge det, men fordi det var for mange av dei. Det var aldri noko kupp-forsøk, slik opponentane hevdar, men snarare dårleg styring av massane frå politiet si side, slik Joshua Philipp (The Real Story of January 6) har vist.

Strategi

Andrew Jackson ville ende indianarkrigane ved å kompensere og deportere stammane, med den blanda suksessen vi har sett. Det er frykt for at Donald Trump vil tilnærme seg Israel/Palestina-spørsmålet på same måte, ved å kompensere palestinarane og med tvang fordrive dei til Sinai. Men det ville bety å likestille “USAs manifeste lagnad” med ekspansjonismen til dei “religiøse sionistane”. Denne risikoen er til stades, men akkurat no finst det ikkje bevis for at det vil skje.

Andrew Jackson utvida USAs handel rundt om i verda, forhandla fram bilaterale (ikkje multilaterale) avtalar. Donald Trump, ein forretningsmann, har trekt seg frå multilaterale handelsavtalar som t.d. Trans-Pacific Partnership (TPP). Medan forgjengarane hans ville sette standarden for sine økonomiske partnarar og deretter presse den på Kina, har Trump ikkje bruk for internasjonale standardar så lenge USA kan penetrere marknadar.

Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...