Derimot: Drapsforsøket på Slovakias president omskrives i vest:”Se hva vennskapet med Putin førte til!” – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Leiaren i eit EU-land har blitt skoten, og naturlegvis må det handle om Putin

Rachel Marsden skriv for nettavisa Russia Today:

Media ser ikkje ut til å kunne bestemme seg for om det er Putins venner eller fiendar som fortener å bli skotne.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Den populistiske og nasjonalistiske statsministeren i Slovakia, Robert Fico, vart skoten under eit innanlandsbesøk onsdag [15.mai 2024], og vart straks transportert til sjukehus. Før nokon fakta kunne bli etablerte, hadde mange formidlarar i pressa allereie fått på plass ei passande forteljing.

«Korleis Robert Fico gjorde Slovakia om til ein av Russland sine få allierte,» stod det å lese i ei overskrift i Londons Telegraph, og nemnde fyrst etter dette at han «visstnok var i ein livstrugande tilstand etter eit attentatforsøk».

Det verkar som om sjølv politiske attentat no får ei bakseterolle i forhold til nyheita om at vedkomande visstnok er kompis med Putin i desse dagar. So i staden vart lesaren trekt til artikkelen om ein russisk alliert, berre for å få undertittelen slengt i trynet: «Jepp, og sjå kva det vennskapet med Putin førde til!»

Jepp, Uansett har han skylden for alt galt som skjer.

Det er ei 180-graders vending (eller ein «Baerbock 360» dersom du er i Tyskland) frå deira vanlege vinkling, som er at det vanlegvis er Putin sine fiendar som blir drepne. No er det visst vennene hans òg.

I løpet av den tida det tok Fico å bli sjukehusinnlagt, hadde den vestlege pressa utsletta suvereniteten til Slovakia med eit pennestrøk. «Pro-russisk slovakisk statsminister Robert Fico skoten», rapporterte avisa The National i Skottland.

«Europa er på kanten i det attentatforsøk på pro-Putin slovakisk statsminister blir ‘ein oppvekkjar’ for Vesten,» var overskrifta i britiske Daily Mail.

Ein skulle tru at dette antydar at Europa blir indignert over at nokon prøver å drepe ein av deira valde leiarar – at det ville vere ein trist dag for demokratiet og lova. Nei, det er ikkje det dei seier. «Frykt veks for at russisk president skal utnytte åtaket – i det alvorleg såra mann sin nestleiar insisterer på at han vil OVERLEVE skytevåpenåtak», forklarte Daily Mail vidare.

Åh, so den ekte frykta, antydar dei, er at Putin faktisk skal byrje å røpe visse ubehagelege sanningar. Utifrå tonen i den vestlege pressa, skulle ein tru at Putin var den store vinnaren oppi alt dette, og ikkje han fyren som faktisk overlevde å bli skoten.

Hendinga risikerer å trekkje merksemd til ideen om at ekstremistane står på etablissementet si ide – noko Fico sjølv har peikt på jamleg. Han vart valt som statsminister i oktober i fjor, men det var ikkje hans fyrste rodeo, sidan han tidlegare hadde blitt valt to gonger. Og når ein er inne på det, dersom EU er ein fredeleg hage, slik sjefsdiplomat Josep Borrell ein gong sa då han samanlikna blokka med den tredje verda, so er Fico ein rodeo-ridande cowboy midt i sentrum av dette med sine pragmatisk politiske og nasjonalistiske ståstader. Tidlegare i år sa han at han kom til å blokkere Ukraina sitt medlemsskap i NATO.

Naturligvis blir ikke Robert Fico populær i vest når han forteller sannheten eller uttrykker ønske om fred.

«Krigen i Ukraina byrja ikkje for eit år sidan, det byrja i 2014, då ukrainske nazistar og fascistar byrja å myrde russiske borgarar i Donbass og Lugansk,» sa Fico i fjor.

Han har vore spesielt tydeleg på behovet for fred, heller enn stadig krig i Ukraina, men har likevel sagt i mellomtida at Slovakia sitt militær-industrielle kompleks, slik som det til alle andre, kan håve inn på våpensal til Ukraina – i det minste fram til dei byrjar å lytte til han om behovet for våpenkvile. Likevel kjem ikkje den slovakiske regjeringa til å sende pengar til militærføremål der borte, har han sagt, og viser til eklatant korrupsjon.

Meir nyleg reagerte Fico på besettelsen den franske presidenten Emmanuel Macron har om framtidig sending av soldatar til Ukraina. Fico minte Macron på at Ukraina faktisk ikkje er del av NATO, og at alliansen difor ikkje har noka plikt til å sende soldatar der. Faktisk, argumenterte han, har Slovakia eigentleg ingenting å gjere med kva enn som skjer mellom Ukraina og Russland. Naboane slåst, og han ønskjer å passe sine eigne saker. Men Macron driv og gjev intervju, det nylegaste til The Economist, der han seier at dersom Russland bryt seg gjennom Kiev sine frontlinjer, so vil det bli ein reell situasjon å sende soldatar. Som til dømes, dersom naboane mine tek slåstkampen sin ut i hagen, so må eg vel stikke over tid og kanskje levere nokre slag sjølv. Bortsett frå at hans naboar ikkje eingong er i same gate.

Ståstaden til Fico set openbert Frankrike og resten av EU i den kleine posisjonen å måtte forklare nøyaktig kvifor Ukraina er deira problem dersom ein av EU-landa som grensar til det har valt å rett og slett halde seg ute av konflikten. Det beste dei kunne hoste opp so langt, er at dersom dei ikkje kan bruke Ukraina som rambukk mot Russland, so kan Putin, før du veit ordet av det, byrje å hengje i Cannes og sjå på tenniskampar på Roland Garros.

So igjen, kven er dei eigentlege radikale? Blokka og deira tenestejenter i den vestlege pressa vil ha dykk til å tru at det er Fico, og ikkje kompisgjengen i det vestlege etablissementet som han har utfordra på kvar ein front.

Tidlegare denne månaden hadde Fico ein tordentale om EU på aserbajdsjansk TV under eit besøk der, og klaga der over intoleransen blokka har overfor uavhengige tankar. Under presidentvalet i mars hamra motstandarane frykt inn i borgarane fordi dei stemte på hans allierte, Peter Pellegrini.

«Ein fryktar at Pellegrini vil agere hand i hand med retninga Fico tek når det gjeld #utanrikspolitikk, som vil ha ein øydeleggjande effekt på Slovakia,» skreiv tidlegare statsminister Eduard Heger på X, skildra av Reuters som å ha starta eit «pro-vestleg parti». Folket stemte på Pellegrini likevel, trass all skremselspropagandaen om det potensielle resultatet av deira eiga utøving av demokrati.

No legg enkelte av Fico sine allierte dette åtaket på tonen som allereie har blitt skapt av opposisjonelle politikarar og medieretorikk. Stundom er ein galning derimot berre ein galning. Ved å bruke det vestlege etablissementet sine eigne standardar for å leggje ansvaret for ei valdshandling på ideologien til ei spesifikk gruppe – som dei stadig gjer med høgresida – er det i dette tilfellet dei som har dyrka fram ei anti-populistisk, anti-suverenitets-radikalisering på alt frå klimaendring til Ukraina-konflikten, og til og med på covid-påboda som Fico aktivt gjekk imot ved å leie massedemonstrasjonar mot dei. Etter sine eigne mål er det på høg tid at dei tek ein lang titt i spegelen.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Estland og Slovakia avviser WHO sine internasjonale pandemiavtaler», publisert 28.november 2023, og «Statsministeren i Slovakia krev etterforsking rundt covid-19-responsen og ‘vaksinane’», publisert 5.februar 2024.

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar