Derimot: Donasjoner for mat og medisiner til Gaza øker bare prisene.Hverken mat eller medisiner slipper inn. – Derimot
derimot.no:
Har du donert pengar til mat til Gaza? Då må du tru om att.
“HUNGERKATASTROFE I GAZA – DONASJONAR TRENGST” skrik Mercy Corps.
“DET HASTAR: SVELT I GAZA: ALLE GÅVER GÅR TIL GAZA” ropar Rescue.org.
Desse og mange andre appellar frå internasjonale hjelpeorganisasjonar har motivert talrike medfølande og gåvmilde sjeler til å opne lommebøkene sine. Du er kanskje blant dei. Viss det stemmer, kan du ha tenkt at desse organisasjonane leverer mat, medisinar og anna naudhjelp til Gaza. Men det gjer dei ikkje.
FN-organisasjonen United Nations Relief and Works Agency (UNRWA) stadfester at ikkje ein einaste lastebil med naudhjelp har kryssa grensa frå Egypt til Gaza sidan israelske troppar tok kontrollen over grenseovergangen i Rafah den 7. mai, 2024, for over ein månad sidan. Fram til då var Rafah-grensa den einaste som var open. I dag står omlag 1800 for det meste svære 18-dekks trailarar, med 12 tonn forsyningar i kvar av dei, laina opp i Sinai-ørkenen og ventar på at Israel skal gi dei løyve til å passere. Nokre har stått der i fleire månadar. Og nokre av dei tilhøyrer hjelpeorganisasjonar. Men dei – på lik linje med alle dei andre, kjem ikkje inn.
Mange av organisasjonane annonserer og at dei, takka vere dine donasjonar, har levert hundretusentals eller til og med millionar av måltid til sveltande palestinarar i Gaza. Det dei ikkje nødvendigvis fortel deg, er at dei gjer dette ved å kjøpe mat og medisin frå dei stadig skrinnare lagera inne i Gaza.
Resultatet er at pengane dine når fram til hjelpeorganisasjonane i Gaza, men mat, vatn og medisinar gjer det ikkje. Mengda mat i Gaza skrumpar inn, og Israel lar berre små drypp sleppe inn med eitt og anna flydropp, ei einaste forsyning via sjøen og no og då nokre køyrety sleppte inn gjennom grensa i Erez mellom Gaza og Israel. For ei befolkning som før 7. oktober var på 2,3 millionar, er dette ingenting.
Medan lagera i Gaza skrumpar inn, stig prisane, og donasjonane dine aukar prisane endå meir. Meir pengar som jagar etter færre gode. På eitt eller anna tidspunkt vil ikkje noka mengd pengar kunne kjøpe mat eller medisinar i Gaza. Palestinarar døyr allereie av svolt, underernæring og sjukdommar som kjem av manglande motstandskraft. Desse blir det ikkje ofte meldt om, fordi dei ikkje er offer for valdeleg drap, og fordi sjukehusa, klinikkane og likhusa som skulle ha meldt dei inn til helsedepartementet – som ville ha halde tellinga med dei – ikkje lenger eksisterer. Sjølv helsedepartementet eksisterer knapt, og dei svake døyr anonymt og blir gravlagde av sine familiar og lokalsamfunn. Nokre anslag over slike dødsfall seier tapa allereie er oppe fleire hundre tusen.
Det er ikkje det at naudhjelpsorganisasjonane ikkje utfører ei verdifull teneste. Dei lar stadig knappare forsyningar nå ut til fleire fattige så lenge dei varer. Men dei vil ikkje vare, og hjelpeorganisasjonane greier ikkje bringe inn tilleggsforsyningar. Dessutan seier dei stort sett ingenting om dette faktum. I staden viser dei fram eit bilde av suksess, med det resultat at du kanskje trur at dei opprettheld ei livline, sjølv om Gaza eigentleg er på veg mot total utarming av dei få ressursane som er att.
Nettopp dette er Israel sin intensjon. Dersom maten blir fordelt likt, vil ein større del av folket overleve fram til den dagen det ikkje er noko att. Då vil alle døy på same tid, og folkemordet vil vere fullført raskt medan dei siste brødskivene kostar 1000 dollar per stykk. Og dei humanitære hjelpeorganisasjonane vil ikkje ha åtvara deg om det.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica