Derimot: Dette er en del av maktas virkemidler: Sensur og propaganda vi aldri ser.
derimot.no:
Dynamisk stillhet
På femti- og sekstitalet tok amerikanske jødar avgjerande steg mot maktas tindar i USA. Dei byrja ikkje frå null. Fleire av dei leiande, progressive juristane i USA etter 1900 hadde jødisk bakgrunn – som Felix Frankfurter og Louis Brandeis. Desse progressive juristane la grunnlaget for sionismen som masserørsle. Jødane hadde ein sentral posisjon i Hollywood – både som eigarar av dei store filmselskapa, og som manusforfattarar.
Innlegget er hentet fra nettstedet Trønderrød
Men i etterkrigstida vart rolla deira som sentrale entreprenørar, særleg i amerikansk kultur, forsterka. Musikkindustrien som byrja bløma på femti- og sekstitalet var ofte eit produkt av jødisk entreprenørskap. Som Chess Records, som hadde ei viktig rolle då den nye sjangeren «Rock and roll» tok av. Då TV kom til USA, vart det organisert tre nasjonale kringkastingsnettverk. Jødisk entreprenørskap var sentralt i alle tre. På same måte som jødiske mafioso bygde opp Las Vegas. Og slik kunne ein halde fram med å ramsa opp: Moderne amerikansk kulturliv, medier, musikkindustri og mykje anna har vore sterkt prega av den jødiske minoriteten. På same måte som finansverda og amerikansk akademia.
På same tid vart amerikansk kultur delvis sekularisert, og gamle «WASP» – bastionar fall (White Anglo-saxon protestant).
I boka «Do the Jews have a Future in America» fortel Benjamin Ginsberg om ei interessant side av utviklinga i denne perioden. Jødane hadde vore ein viktig del av New Deal-koallisjonen, som ikkje var like populær i åra etter andre verdskrig. Likeeins var det mange jødar i det amerikanske kommunistpartiet, som vart intenst forfølgt kring 1950.
Dynamic silence
I denne trengte posisjonen samla viktige leiarar i det amerikansk-jødiske samfunnet seg og la ein strategi – som fekk namnet «dynamic silence». Dei ønskte ikkje at jødane sin plass i det amerikanske systemet skulle bli diskusjonstema, og at det dei såg på som fordomsfulle menneske skulle få ein talarstol. Difor organiserte dei eit tett samarbeid mellom vakthundorganisasjonsar som Anti-Defamation League og jødiske forretningsfolk med stort annonseringsbudsjett. Og så byrja dei systematisk å truga redaktørar i amerikansk presse som trykte ting dei ikkje likte. Om nokon ikkje gav seg for presset, var konsekvensane for annonseinntekter so store at dei måtte tenkja nytt.
Og slik vart denne delen av amerikansk samfunnsutvikling eit ikkje-tema, og beskytta av sterke tabu.
Dette apparatet har etterpå vorte bygt ut, og vorte enno meir sofistikert. Victor Ostrovsky, avhoppar frå Mossad, fortel at Mossad brukte å gje ei bestilling til ADL når dei ville stoppa kjeften på nokon.
Og ADL leverte.
Ostrovsky gav eit døme på kor effektiv maskinen var. Den første boka han skreiv etter at han hoppa av, «By Way of Deception», vart ein bestseljar etter at Israel freista stoppa utgjevinga juridisk. Boka vart også meldt vidt og breitt i amerikansk presse.
Neste boka hans – «The Other side of Deception» – vart effektivt tagt i hel av ADLs apparat.
Berre ei litt større avis på den amerikanske vestkysten melde boka – og redaktøren vart avsett kort tid etter.
ADL kontrollerer også sosiale medier
Mange har merka at sensuren på sosiale medie har vorte stramma inn mykje dei siste fire åra. Startskotet for dette var Sacha Baron Cohens tale på ADLs konferanse i 2019. Facebook trudde dei skulle forsvara ytringsfridom – men når dei store annonsørane sette foten ned sommaren etter Cohens tale, måtte Facebook bøyga seg.
Maskinen er i prinsippet organisert på same vis som «dynamic silence» på slutten av førtitalet.
Dette er for tida den viktigaste sensurmaskinen i vestleg land – og det er i tillegg forbausande lite diskusjon om kven som driv denne verksemda, og kva politiske mål dei har for dette. Men når framståande palestinske intellektuelle som Mustafa Barghuoti no blir mørklagt på sosiale medie, er det ingen grunn til å bli overraska.
Nokre har stor nok eigardel i vestleg medieindustri til å avgjera kva informasjon vi skal få, og kva informasjon vi ikkje treng. Og dei opptrer organisert (sjølv om det er tabu å peika på at det er akkurat det dei gjer).
Forsidebilde hentet fra in.cdgdbentre
Fra Store Norske Leksikon: Illusjon er et sansebedrag eller en feilaktig forestilling som opptrer spontant og er vanskelig å korrigere. I overført betydning kan det bety virkelighetsfjern forhåpning.