Derimot: Det vil ikke vare lenge før seiersrusen tar slutt. Nå fråtser gribber i restene av Syria. – Derimot

derimot.no:

Ein nasjons død: svarte flagg, massakrar, jordokkupasjon medan gribbar fråtsar i kadaveret av Syria

Av Pepe Escobar

Strategic Culture, 11. desember, 2024

Vil det kollektive Vesten reise seg til forsvar for dei gjenverande syriske kristne når dei svarte flagga kjem for å reinske dei ut?

Overherrens standard modus operandi er alltid Splitt og Hersk. Pressa inn i eit hjørne av den uunngåelege framgangen til den multi-nodale røynda, såg dei ei opning for ein imperialistisk gjenoppstart, og satsa alt på etableringa av det «Større Midtausten» som vart skissert opp allereie under Cheney-epoken.

Jernaksen av straussianske neokonservative, sion-konservative og gamaltestamentlege psykopatar i Tel Aviv er hemningslaust galne etter å øydelegge Resistansaksen, og dei brukar sitt transnasjonale nettverk av blodige drapsmenn til å spreie kaos og sekterisk borgarkrig over heile vest-Asia. Gjennom dette ideelle scenariet drøymer dei om det drepande slaget mot hovudet på slangen: Iran.

Sultan Erdogan, som speler rolla som nyttig idiot, har proklamert:

Ein «lys periode» har starta for Syria.

Ja visst. Ein lys periode for hovudkapparane til dei svarte flagga og Tel Aviv sine bombarar og jordokkupantar – fråtsande i kadaveret av Syria.

Dei psykopatiske gamaltestamentlege drapsmennene har, gjennom over 350 angrep, totalt øydelagd heile militærstrukturen til den tidlegare Syriske arabiske arméen (SAA); våpenfabrikkar, ammunisjon, basar, jagarfly, inkludert flybasen Mezze i Damaskus, russiske anti-skip-system, skip (i Lattakia, nær den russiske marinebasen) og luftvernstillingar.

I eit nøtteskal: dette er komboen NATO/Israel som demilitariserer det tidlegare Syria – utan så mykje som eit pip ifrå nokon i den arabiske verda og i islam-landa – startande med dei svarte flaggas drapsmenn som tok Damaskus. 

Kombiner dette med landinvasjon/grabbing, og Tel Aviv som offisielt erklærer ei endeleg annektering av Golan – som juridisk tilhøyrer Syria, og som FN, sidan 1967-krigen, har kravd skal leverast tilbake til Syria.

Den psyko, gamaltestamentlege blitzkrigen

Parallelt har tyrkisk luftvåpen bomba den tidlegare russisk/syriske basen i Qamishli, langt oppe i nord-aust. Påskotet: hindre at våpen kan bli grabba av USA-støtta kurdarar og diverse arabiske stammar. For russarane var dette kanskje ikkje så viktig – for det var nok tid til å evakuere det dei hadde av verdi frå aust for Eufrat.

Russland har gitt asyl til den formidable og umutbare Suheil al-Hassan – ein seriøs kandidat til gullpallen for verdas beste militære taktikarar og strategar. Russarane satsa på han allereie i 2015 og sørga for hans personlege sikkerheit. Ingen i Syria hadde russiske livvakter – ikkje ein gong Assad. Han var den einaste kommandanten som de facto vann slag under dei 10 dagane då Syria fall.

Midt oppi ein straum av undergang og elende, har no, lynraskt, NATO/Israel byrja fråtsinga i kadaveret og deler den daude nasjonen med ein horde av nyttige idiotar og marionettar – alt frå falske, woke, Salafi-jihadistar til amerikaniserte kurdarar. Openlyst hindrar ein kollektiv IQ lågare enn romtemperatur denne mobben i å innsjå at dei kjempar for den same overherren.

Tel Aviv-bøllene har rykka fram til jorda rundt Damaskus med blitzkrigen sin, og er kanskje så nær som 15 km sør for hovudstaden; ein klassisk lebensraum-gambit, ein del av det kolonialistiske prosjektet deira, kombinert med oppnåinga av eit maksimalt grep om den libanesiske flanken.

Dette er absolutt avgjerande, og ekstremt urovekkande for Resistansaksen: no er heile sør-Libanon eksponert for eit massivt angrep frå den israelsje okkupasjonsmakta – for dei fruktbare slettene mellom Chtoura i Beqaa-dalen og Aanjar har ikkje berre verdifulle naturressursar, men tilbyr i tillegg ein direkte veg til Beirut.

Skorpionar vender seg mot kvarandre

Parallelt har Svarte flagg tatt over Damaskus. Der er massakrar over heile spekteret – inkludert religiøse leiarar og vitskapsfolk, men for det meste tidlegare armé-folk, tidlegare medlemmar av syrisk kontraspionasje og sjølv sivile som blir skulda for å vere tidlegare militære.

Hans Eminense sjeik Tawfiq al-Bouti, son av den vidkjende sjeik Muhammad Said Ramadan al-Bouti, ein tidlegare imam ved den ærverdige Umayyad-moskéen, vart myrda på koranskulen sin i Damaskus. Skorpionar vender seg, som føresett, mot kvarandre; rivaliserande terror-gjengar til Hayat Tahrir al-Sham (HTS) krev at bøllene til Jolani skal frigjere medlemmame deira som sit fanga i Større Idlibistan, og dei truar no med å angripe HTS.

I Manbij drep Tyrkia-støtta terroristar openlyst amerikansk-kurdarar på sjukehusa. Syrias nord og nord-aust er i totalt anarki. Stammar som nektar å akseptere amerikansk-kurdarane og deira kommunistisk-sekulære statsprosjekt, og som også nektar å slutte seg til det Tyrkia-støtta salafist-jihadistiske terror-nettverket, blir no stempla som «IS» og bomba av US-amerikanske jagarfly. Nokre av dei er kanskje IS-folk: dei var det før fallet i 2017, og framleis vandrar det restar av krypto-IS-folk rundt i ørkenen.

Den russiske arméen har posisjonert skipa sine så langt som 8 km unna marinebasen i Tartus. Det gir ikkje total sikkerheit, for dei kan framleis bli nådd av dronar og artilleri og småbåtar. Når det gjeld flybasen i Hmeimim, blir det endå meir komplisert. Moskva har allereie sendt ei klar melding: viss basen blir rørt, vil det bli slått hardt tilbake. HTS har for sin del fokusert mest på å okkupere Lattakia.

Framtida for dei russiske basane er framleis uviss, den er avhengig av tornete, direkte forhandlingar mellom Putin og Erdogan.

Mohammed al-Bashir

Jolani, den de facto nye kalifen av al-Sham, blir ikkje Leiar på dette innleiande stadiet, for han gjer dei fleste syrarane livredde, same kor mykje han manuskriptmessig hevdar han er omvendt, woke-konverter, under sin «veg til Damaskus».

Han vil bli sjølvutnemnd «militærsjef». Ein utpeika marionett – Mohammed al-Bashir – vil leie «overgangen» fram til mars 2025. Det er nesten sikkert at al-Bashir vil bli avskydd av nesten alle fraksjonar. Det vil bane veg for den angrande hovud-kapparen Jolani, som då kan gjennomføre eit kupp og gripe uavgrensa makt.

Det var i Syria, i Antioch, ein av dei mest formidable byane i Romarriket, at disiplane til Jesus fekk tilnamnet «kristne», frå gresk christianos. Antioch har blitt redusert til småbyen Antakya, som ein del av Tyrkia. Sultan Erdogan drøymer om at også Aleppo skal bli ein del av Tyrkia.

Gresk var språket i dette hjørnet av Romarriket: Latin vart berre brukt av okkupantane – militæret og administrasjonen.

Kyrkja som var leidd av patriarken av Antioch breidde seg ut over heile Syria, heile vegen til Eufrat.

Vil det kollektive Vesten reise seg til forsvar av dei gjenverande syriske kristne når dei svarte flagga kjem for å reinske dei ut – slik dei vil? Sjølvsagt ikkje. Det kollektive Vesten held fram med å gotte seg over «diktatoren» sitt fall, medan svarte flagg og gamaltestamentlege gribbar set opp sitt Vampyrball over kadaveret av ein nasjon.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...