Derimot: Det skjer i Europa: Kortnyheter du ikke får i de store mediene.

derimot.no:

Det skjer i Europa:

Voltairenet.org sender nå ut et nyhetsbrev en gang for uken med kort-nyheter om begivenheter rundt i verden. Mange av oppslagene finner vi ikke i de store mediene og Voltairenet.org sin vinkling er som regel enn en helt annen enn det vi får presentert i våre egne «sannhets-ministerier». Her vil vi publisere deler av nyhetsbrevet fra sist fredag omsatt til norsk. Dette er de første sakene, denne gang fra Europa.

Knut Lindtner
Redaktør

International Newsletter N°26 – 3. februar 2023 

Her er kortnyheter for Europa.

EUROPA

Avskjed for leiaren for det britiske konservative partiet

Storbritannias statminister Rishi Sunak

Storbritannias statminister Rishi Sunak sa den 29. januar opp leiaren for det konservative partiet, og grunnleggar av meiningsmålingsselskapet YouGov, Nadhim Zahawi for «alvorleg brot på» den ministerielle koden, Han skal ha underslått £5 millionar i skatt medan han var ansvarleg for Statskassa (Treasury). 

Rishi Sunak, som har ei svært rik kone som heller ikkje betaler skatt, får sjølv tyn frå opposisjonen for illegale selskap under Covid-pandemien og for å ha køyrd utan sikkerheitsbelte. Viss Rishi Sunak skulle presentere seg sjølv som dydsmønster, kan hans reaksjon på Nadhim Zahawi bli kopla til ein komande skandale som vil påverke visestatsminister Dominic Raab. 24 seniorar blant offisielle tenestemenn som dei arbeider, eller har arbeidd med, anklagar han for «bullying».

Etter Merkel og Hollande, stadfester no også Boris Johnson at Minsk-avtalane ikkje hadde fred for Ukraina som mål

Etter den tidlegare tyske kanslaren Angela Merkel og Frankrikes tidlegare president François Hollande, har no også Storbritannias tidlegare statsminister Boris Johnson stadfesta at Minsk-avtalane var den einaste måten for Vesten til å kjøpe litt tid. Dei prøvde aldri å stoppe borgarkrigen i Ukraina. Boris Johnson påstod også i ein dokumentarfilm som BBC kringkasta den 29. januar at president Putin hadde trua han rett før krigen. Han skal ha sagt at Moskva kunne drepe han i Londom med eit missil på berre eitt minutt. Kreml har nekta for desse påstandane, og kallar dei «villa løgner».

Storbritannia har kjempa i 83 krigar sidan 1945

Historikaren Mark Curtis har talt opp minst 83 britiske væpna intervensjonar sidan slutten av Andre verdkrig, ikkje medrekna deltaking i fredsbevarande operasjonar. Desse offisielle eller hemmelege krigane hadde alle som føremål å bevare leivningane av det koloniale grepet.

Den britiske administrasjonen vanstyrer Brexit

140 000 EU-borgarar som bur i Storbritannia har mottatt sosiale gode dei ikkje lenger hadde rett på etter at Storbritannia gjekk ut av EU.

Polens statsminister diskuterer oppdeling av Ukraina

Ein kontreovers vart reist med Polens statsminister Mateusz Morawiecki etter eit intervju med Radoslaw Sikorski på Radio Zet. Han fortalde at regjeringa heilt i starten av krigen hadde mottatt eit russisk forslag om å dele Ukraina, og at dei hadde nølt i ti dagar før dei avslo. For fleire år sidan sa Sikorski i eit intervju med Politico at partileiaren hans, Donald Tusk, mottok eit forslag frå Vladimir Putin under eit besøk i Moskva.

Polens statsminister Mateusz Morawiecki

Polen diskuterer Tsjetsjenias uavhengigheit

Polens statsminister Mateusz Morawiecki frå det herskande Lov og rettferdspartiet (PiS) sa til den franske avisa Le Figaro : «Det finst delar av Russland som er fengsel for andre nasjonar. Desse delane av Russland kunne frigjerast, til dømes Tsjetsjenia. Dei kunne bli uavhengige. Dei har kjempa for fridommen sin i fleire hundre år, og dei siste tiåra har dei kjempa med høg motivasjon. Eg meiner desse landa fortener si uavhengigheit.» 

Tidlegare Forsvarsminister, atlantisisten Radoslaw Sikorski frå opposisjonspartiet Civic Platform (PO) fortalde Krytyka Polityczna : «Eg trur ikkje [den ukrainske konflikten] truar Russland, kanskje ein plass langs grensene, som t.d. i Dagestan eller Tsjetsjenia – kanskje eit svært svekka Russland vil bli tvinga tilbake til eige territorium. Men eg ser ikkje nokon del av Russland, nokon republikk eller oblast, som ville stå imot den strategiske Moskva-Petersburg aksen.» Desse ytringane lanserer planen for demonteringa av Russland, som vart skriven ned under denne sommarens Forum of Free Nations of Russia i Praha.

Polen anklagar Russland for å bygge nye leirar, og inviterer dei ikkje til minnemarkeringa i Auschwitz

Det var sovjetiske (bl.a russiske) styrker som frigjorde Auschwitz under 2. verdenskrig

I motsetning til tidlegare år, inviterte ikkje Polen i år Russland til å delta i feiringa av at Den raude armé frigjorde fangane i leiren Auschwitz mot slutten av Andre verdskrig. 1 million jødar, 80 000 ikkje-jødiske polakkar, 25 000 sigøynarar og 20 000 sovjetiske soldatar vart myrda av nazistane i Auschwitz, ifølge fangeleir-museet. 

Under ein tale for anledningen, basert på ein rapport frå FNs generalsekretær, skulda den polske statsministeren, Mateusz Morawiecki, Russland for å bygge opp «nye leirar» i Ukraina, der det skal ha forsvunne 400 menneske.

Ukrainarane øydela sitt eige land etter uavhengigheita

I det same intervjuet med Krytyka Polityczna, kritiserer Radoslaw Sikorski dei ukrainske elitane. Han nemner at Ukraina forlet SSSR på same tid som Polen fekk sin fridom, og at Kiev då var rikare enn Warszawa. Men ukrainarane har skusla bort den arven. Rett før krigen hadde dei eit brutto nasjonalprodukt som var fire gongar lågere enn Polens.

Ungarn nominerer Recep Tayyip Erdogan til Nobels Fredspris

Ungarns utanriksminister Peter Szijjarto annonserte at han nominerte Recep Tayyip Erdogan til Nobels Fredspris for meklingsinnsatsen hans i Ukraina.

General Petr Pavel

General Petr Pavel Tsjekkias nye president

General Petr Pavel vart vald til president for den tsjekkiske republikken. Han var sjef for den tsjekkiske arméens generalstab (2012-15), deretter medlem av NATOs Militærkomite (2015-18). Denne sentristen presenterte seg sjølv som kandidaten for «sanning, verdigheit, respekt og audmjukskap». For to år sidan la han fram ein plan for å bekjempe Covid. Han fekk gratulasjonar frå Slovakias president Zuzana Caputova og Ukrainas president Volodymyr Zelensky. 

Atlantisisten Petr Pavel ber om fredsforhandlingar i Ukraina

I eit intervju med BBC sa den tidlegare leiaren av NATOs Militærkomite og nye president for Tsjekkia, Petr Pavel, at Ukraina truleg ville tape krigen utan NATO-støtte, og at dei allereie hadde gjort seg fortente til å gå med i alliansen. Han har talt ut i favør av fredsforhandlingar med Russland.

Kroatia vil ikkje sende våpen til Ukraina

Kroatias president Zoran Milanovic har skarpt kritisert NATO sin proksykrig mot Russland i Ukraina og NATO-generalsekretærens tur til Asia. Han sa at Ukraine aldri vil bli det same igjen, og at Vestens hat mot russarar var verre enn kroatane sitt hat mot serbarane. Ifølge han ser NATO-partnarane til Kroatia det som sikuspudlar som lyt gjere som dei får beskjed om.

EU skjøner ikkje skilnaden mellom «Folkerett» og «regelbasert internasjonal orden»

På bloggen sin reflekterte EUs høgrepresentant for utlandssaker og sikkerheitspolitikk, Josep Borell, rundt turen sin til det sørlege Afrika. Dette er ein sjanse for han til å presentere sitt syn på konflikten i Ukraina. Han skriv: «Det vi ber Sør-Afrika og alle land om, er at dei støttar prinsippa og verdiane i FN-pakta og Folkeretten. Ikkje meir, men heller ikkje mindre. EU ser Sør-Afrika som ein viktig partnar i arbeidet for å oppretthalde og vitalisere ein regelbasert internasjonal orden».

Høgkomisjonæren verkar tru at omgrepa «folkerett» og «regelbasert internasjonal orden» er likestilte. Men, i motsetning til det han seier, forbyr ikkje FN-pakta – som set rammene for folkeretten – russisk intervensjon i Ukraina. Tvert imot: Artikkel 42 seier at FNs Sikkerheitsråd kan gjenopprette orden med militære metodar, og Resolusjon 2202 gav dette ansvaret i Ukraina til Tyskland, Frankrike og Russland.

NATO er klar for verdskrig

Den nederlandske medlemmen av NATOs Militærkomite, admiral Robe Bauer, sa på portugisisk tv at NATO no var klar for ein direkte konfrontasjon med Russland. 

Pentagons hemmelege interesse i Ukrainarane

Ifølge magasinet Newsweek var den einaste grunnen til at Pentagon-generalane støtta Ukraina mot Russland at landet har kolossale reservar av titan, eit metall som er avgjerande viktig i våpen og aeronautikk.

Russland ekskludert frå OL?

Vesten har nå politisert idretten fullstendig

Med støtte frå Storbritannia og Danmark, har president Volodymyr Zelensky bede om at Russland skal ekskluderast frå Olympiaden. Mange russiske atletar har fått forbod mot å delta i internasjonale tevlingar sidan intervensjonen til den russiske arméen i Ukraina. Sjølv om OL-komitéen har sagt at «ingen atlet bør utestengast frå konkurransen berre på grunn av passet sitt,» har dei mislykkast i å løyse problemet.

Kreml hemmelegstemplar sin økonomi-statistikk

I møte med Vestens økonomiske krigføring, har president Vladimir Putin bestemt at Russlands økonomi-statistikk skal hemmelegstemplast. Målet er å hindre Vesten i å oppdage måtar dei kan svekke Russlands økonomi på. EU er på sitt niande sett med anti-russiske tiltak som dei stadig kallar «sanksjonar», sjølv om dei ifølge Folkeretten er illegale.

Oppløysing av Helsingfors-gruppa i Moskva

Ein domstol i Moskva har gitt ordre om at Moscow Helsinki Group skal oppløysast fordi dei har gått utover sitt mandat. Organisasjonen, som var erklært som regional, var aktiv over heile landet.

Den latviske mediekanalen Meduza forboden i Russland

Statsadvokatens kontor i Russland har slått fast at aktivitetane til den latviske russisk-språklege nyheitskanalen Meduza «utgjer ein trussel mot grunnlaget for den konstitusjonelle ordenen og sikkerheita til Den russiske føderasjonen». Meduza, som allereie var sett på som ein «utlandsk agent», vart plassert på lista over «uønskte organisasjonar», noko som forbyr russarar å delta i den eller nemne den.

Sidan juli 2022 har Meduza spesialisert seg på skuldingar mot det private militærselskapet Wagner. 

Blagodatnoye frigjort i Donbas

Ifølge pressebyrået TASS, har busetnaden Blagodatnoye nær Soledar i austre Ukraina kome under russiske styrkars kontroll, sa grunnleggaren av PMC Wagner, Jevgeny Prigozhin, den 29. januar.

Vestlege sanksjonar til nytte for Moskva

Takka vere ’sanksjonane’ frå Vesten, har Russland dobla inntektene sine av flytande gass, rapporterer South China Morning Post.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: 30daysreplay Social Media Marketing

57 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 57 ganger.

Post Views: 92

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...