Derimot: Det russiske militæret: Covid-«pandemien» var en strategisk operasjon. – Derimot
derimot.no:
Det russiske militæret erklærer at covid-«pandemien» var ein strategisk operasjon for å kontrollere menneskeheita
Den sokalla «pandemien» var ikkje ein pandemi i det heile, men ein global strategisk operasjon for å kontrollere menneskeheita – og den hadde vore under planlegging i fleire tiår. Dette skriv Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice. Han hevdar at denne påstanden kjem direkte frå Moskva, og er resultatet av ei etterforsking gjort av den russiske militær-etterretningstenesta i eit forsøk på å avdekkje det ekte opphavet til «pandemien», og å forstå kven som er skuldige i dette brotsverket mot menneskeheita.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Dmitry skriv (mi omsetjing):
«Hovudstraumsmedia, som er eigd av den globale eliten, er bestemte på å feie denne informasjonen under teppet. Og det er ikkje so rart, fordi den russiske militær-etterretningstenesta sine funn går langt i å bevise at hovudstraumsmedia og vestlege regjeringar har drive og hjernevaska folket med falske nyheiter og farleg feilinformasjon i årevis. […]
Ifølgje [ein] russisk general [i videoen vedlagt artikkelen]: ‘Dette koronaviruset og denne sokalla pandemien er ikkje ein pandemi i det heile. Det er ein global strategisk operasjon for å kontrollere menneskeheita. Sionistane og finanskreftene i denne verda ønskjer å redusere befolkninga! Dei ønskjer rundt 100 millionar av sine eigne og rundt ein milliard til å vere tenarar for dei.’
Covid-pandemien var rett og slett det siste i ei lang rekkje av globalist-bløffar designa for å skremme folk til underkasting og gradvis fjerne fridommen deira.
World Economic Forum har innrømt at pandemien var ein prøverunde for ein mykje større global katastrofe. Ifølgje Schwab kjem dei milliardane av sauer som lydde dei drakoniske nedstengingsrestriksjonane og vaksinepåboda òg lyde den komande sosialkreditt-poengsum-planen.
Vi har nyheiter til Klaus Schwab og kompisane hans i WEF. Folket er i ferd med å vakne opp og kjem ikkje til å lyde nokon som helst framtidige globalist-diktat.
Tilbake i 1999 hadde Bill Gates eit spel skapt for Microsoft Windows kalla ‘Omikron’. Det handla om demonar som lest som dei var menneske for å kunne hauste inn sjelene deira.
Høyrest Omikron kjent ut? Ja, akkurat som covid-varianten. Du veit, den varianten som eliten brukte som ei orsaking for å påby mRNA-vaksinar og gjere planeten om til eit fengsel.
Eliten har drive og utbasunert sine planar til menneskeheita i fleire tiår. Det blir kalla prediktiv programmering, eller Avsløring av Metoden.
Dette konseptet, som har opphav i rosekrossordenen sine tekstar, forklarer kvifor eliten eksponerer massane for mørke realitetar, ofte på ein tilslørt og underdriven måte, for å oppnå implisert samtykke frå massane.
So fort desse skjulte sanningane i det stille og på ein svikefull måte blir avslørt til folket og møtt med generell apati og likesæle, blir dei normalisert og innvovne i det kollektive undermedvitet til samfunnet. Ta til dømes den globale eliten sin ekle agenda om å seksualisere barn og normalisere pedofili.

Vi har blitt åtvara mot denne prosessen i årevis, og no kan alle som følgjer med sjå det rett framfor auga sine. Enkelte okkultistar samanliknar denne normaliseringsprosessen til det alkymiske ‘Great Work’, der verda blir ‘forvandla’ etter viljen til den okkulte eliten.
Der er berre eitt problem for den globale eliten og deira okkulte ritual. Vi, folket, vaknar opp og vi samtykkjer ikkje til deira mørke sataniske agenda lenger.
Vi kan ikkje late globalistane og Big Pharma-selskap sleppe unna med mord. Med tanke på at vi veit at eliten planla brotsverket i fleire tiår, og dei er bestemte på å avfolke verda, er det på tide å ansvarleggjere dei.»
Intervjuet med den namnlause russiske generalen blir berre i lita grad gjengjeve i Dmitry sin artikkel, men er interessant i seg sjølv. Han dukkar opp ca. eit minutt ut i videoen. Intervjuet har engelske undertekstar.
Han seier elles i intervjuet (mi omsetjing):
«Målet er å stoppe rørslene til folk rundt om i verda, og leggje føringar på politisk fridom. I politiske termar ville det vere praktisk umogleg å gjere alt det. Der er skilnader i grunnlover; om dei blir implementert eller ikkje – det er eit anna spørsmål. Derimot er der enkelte politiske rettar som folk er vande med, og dei trur at dei vil ha dei for alltid. Det fyrste forsøket på å ta ifrå folket desse rettane skjedde 11.september 2001. Ikkje mange ser ut til å hugse at, etter det sokalla åtaket på World Trade Center-tårna, erklærte Pentagon og Det kvite hus i USA global krig mot terrorisme.
Lat oss hugse at, for å forstå kva koronavirus er no, lat oss analysere det fyrste forsøket – erklæringa om krig mot menneskeheita som var forkledd som ein krig mot terrorisme. Det var 19 år sidan. Verdsmaktene bak scena skapte hendingane rundt 11.september 2001. No treng dei ei anna orsaking for større kontroll og maktovertaking av menneskeheita. Det er sånn dei fann på koronaviruset. Heilt grunnleggjande, for å seie det slik, er det ikkje ein pandemi, ikkje ein epidemi. Sjølv no såg eg bokstavleg tala på dataa i dag tidleg. 300 menneske i verda døyr av det dagleg. Du kan førestille deg kva for ein skala det er. Naturlegvis er eg lei meg for kvar person som døyr, men 300 menneske av 7,5 milliardar menneske – det er omtrent ingenting.
Desse kommando- og stabsøvingane gjort av verdsmaktene bak scena har som mål å avgrense ymse politiske rettar og gjere folk redde.»
Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst.
Forsidebilde: Lexica
Tidligere publisert på derimot.no