Derimot: Det har vært torpedert av stormakter i alle år. Nordisk Forbund utenfor Nato og EU. – Derimot
derimot.no:
Nordisk forbund framfor EU eller Nato
Edvard Mogstad, historikar,
Styreleiar i Fritt Norden Norge

Det er tilløp til panikk blant dei nordiske og europeiske leiarane no som Den store Far i Washington meiner at dei bør klare seg sjølve. Dei er blitt så vande til å lyde og tilbe herren sin, dei har kriga for amerikanske interesser out-of-area, dei har viljug vore med på å sanksjonere, til eigen skade, og bjeffe på den store, stygge bjørnen i aust da det passa herren, berre for å sjå at meisteren fekk andre planar og etterlèt dei aleine med den sinte bamsen.
Så kva skal dei små, nordiske landa gjera no? Den indiske filosofen P.R. Sarkar har skrive at «Du kan ikkje vera eit lam i eit samfunn av tigrar!», og at «Tida renn ut for små nasjonar». Dei historielause leiarane i riksdagar og ting leitar etter ein ny herre, ei ny stormakt, og somme tykkjer ho er funnen i Bryssel.
Løysinga ligg ope i dagen: Dei nordiske landa treng ikkje knele for føydalherrar; i Washington, Bryssel, Berlin, eller Moskva for den saks skuld. Dei må rette ryggen og slå seg saman, for felles tryggleik og interesser. Eit sameint Norden blir så sterkt økonomisk og militært at dei ikkje treng å ta imot ordrar utanfrå. Norden er så lik i kultur, folkesetnad, språk og historie at dei høyrer naturleg saman, til skilnad frå folka lenger sør i Europa.
Historia bør ha lært oss kor farleg det er å leggja lagnaden sin i hendene på ein føydalherre, som kan vera godlynt i dag, i morgon, men om tretti år? Dette har Danmark nyleg fått røyne i den siste Grønlandssaka.

Eit nordisk forbund er ingen ny tanke; det har vore prøvd før – mange gonger. I Middelalderen var samlingstanken drive fram av aggressive nasjonar som freista å erobre dei andre med våpenmakt, først Danmark i vikingtida under Svein Tjugeskjegg og Knut den mektige, deretter Norge under Harald Hardråde. I sein middelalder var Norge igjen den aggressive pådrivaren under Håkon 5. Magnusson, og det kulminerte med Kalmarunionen i 1397, under dronninga Margrete, enka etter Håkon 6.
No var alle dei nordiske landa eina under éin monark, inkludert Island og Grønland, som høyrte til Norge, og Finland, som var ein del av Sverige.
Haken ved Kalmarunionen var at han var dominert av den mektigaste nasjonen – Danmark – og Sverige gjekk inn og ut, heilt til dei braut avgjerande med Gustav Vasa etter Stockholms blodbad i 1520.
Så vart Sverige mektigast, og prøvde å ta Danmark-Norge, som ende med freden i København i 1660 og dei grensene vi har i dag.
Men tru ikkje at desse forsøka tok slutt. I Sverige og Danmark forstod høge politikarar som Johan Gyllenstierna, Hannibal Sehested, Gyldenløve og Griffenfeld at erobring og tvang ikkje var vegen, og det førte til Lundaforbundet i 1679, som var eit utanriks- og handelspolitisk fellesskap, og ein myntunion. Nederlanda og Frankrike tvang landa våre til å gi opp dette forbundet etter Gyllenstiernas død.
I dei følgjande tre hundre år fekk vi mange freistnader på friviljuge forbund som stort sett er ukjende for vårt nordiske publikum. Men kvar gong dette lukkast, blanda stormaktene seg inn og hindra tettare samarbeid. Eit sterkt, sameina Norden var det siste stormaktene ville ha. England, Nederlanda, Frankrike, Russland, Tyskland og USA har i tur og orden systematisk nytta splitt-og-hersk slik at dei kan bruke dei rike nordiske ressursane til eigen bate. Spesielt var dei imot at same makt stod på båe sider av Øresund, som før 1660.
I 1691 vart vi igjen samde om eit nøytralitetsforbund, men det vart splitta av stormaktene i 1696.
I 1756 og igjen i 1794 freista vi nye nøytralitetsforbund, som brast med Napoleonskrigane.
På midten av 1800-talet var Skandinavismen svært populær, og den barnlause danskekongen, Frederik 7, freista å få den svenske kongen som etterfølgjar. Tyskland og Russland sette seg tvert imot.

Under andre verdskrigen gjekk alvoret opp for Sverige og Finland. Etter den finsk-sovjetiske vinterkrigen 1939-40 og det tyske overfallet på Norge, ville Sverige og Finland, hausten 1940, danne eit statsforbund! Dei fekk eit bryskt Njet og Nein frå Stalin og Hitler.
Etter krigen føreslo Sverige Nordisk forsvarsforbund, i 1948. Dette vart forpurra av USA, med ryktespreiing og skremsler om sovjetiske erobringsplanar før Arbeidarpartiets landsmøte, og Danmark og Norge gjekk inn i Nato.
I 1970 prøvde dei nordiske landa ein nordisk økonomisk union, NORDØK, som ville vera eit nordisk alternativ til EU. Tingingane gjekk raskt unna, men kort før ratifisering insisterte dei danske (og norske) EU-tilhengjarane garanti for dobbel medlemskap i Nordøk og EU. Dette var uakseptabelt for Finland, men også for Sverige, fordi det streid mot nøytralitetspolitikken deira! Men i media på den tida fekk Finland skulda, dei skulle ikkje få «lov» av Sovjetunionen.
Så der står Norden no – underlagt amerikansk militær okkupasjon og EUs økonomiske diktat. Men historia har vist oss at dei nordiske landa gong på gong har freista å sameine seg, – og det er den einaste farbare vegen på lang sikt.
Kor tett samanslutninga skal vera, kan diskuterast, men eg og mange nordistar vil ha eit statsforbund, ikkje ein forbundsstat, men ein konføderasjon der landa har kvar sine parlament og lover, men at dei har felles forsvar og marknad. Det nordiske forbundet vil vera mellom dei største i verda, nok til å gjera dei sjølvstendige andsynes Washington, Bryssel, Moskva, eller kven det skulle vera!
Innlegget er publisert i Klassekampen 27.02.25
Forsidebilde: iStock