Derimot: Det er ikke noe nytt, men noe som oppleves i alle land med høy andel ikke-integrert befolkning. Varselrop fra lærere i Tyskland. – Derimot
derimot.no:
Lærarar i Berlin slår alarm over utdanningskrise forårsaka av multikulturalisme
Thomas Brooke på nettstaden Remix News melder:
Lærarar ved Friedrich Bergius skule i Berlin sitt Schöneberg-distrikt har kome med ei sterk åtvaring om eskalerande problem som dei seier blir forverra av tilnærminga byen har til masseinnvandring og integrering.
I eit brev på sju sider til distriktsrådet, skildra personalet eit miljø av aukande aggresjon, vald og utdanningsrelaterte vanskar som har etterlate dei overvelda og desperate etter støtte.
Brevet set fokus på eit sentralt problem: Mange elevar som byrjar på skulen manglar ikkje berre gode nok tyskkunnskapar, men òg grunnleggjande akademiske ferdigheiter, der enkelte av dei aldri har gått på skule før. Rundt 80% av elevane snakkar eit anna språk enn tysk heime, og over 70% av sjuandeklassingane som byrja på skulen i 2023 var til og med ute av stand til å lese urskiva på ei klokke.
Desse utfordringane, forsterka av åtferdsproblem og mangel på ressursar, har skapt det som lærarane skildrar som «uhaldbare» forhold.
Ein dramatisk auke i verbalt misbruk og fysiske trugslar mot lærarane, som dei no seier har blitt rutine, set prikken over i-en for det hardt prøvde utdanningssystemet, og alvorlege tilfelle av mobbing har vidare tæra hardt på skulemiljøet.
Elevar har visstnok tent på fyrverkeri i skulegarden, kasta gjenstandar på medelevar og personale, og trakassert andre med telefonar på toalett – «teke bilete og filma videoar i kompromitterande situasjonar».
Bekymringane deira blir støtta av statistikken. Meir enn 1500 hendingar vart registrerte i dei fyrste 38 dagane av skuleåret åleine, der over 500 elevar måtte fjernast frå klassen av åtferdsrelaterte grunnar.
Lærarar rapporterer at bekymringane deira har blitt ignorert av lokale styresmakter. «Skulen er i aukande grad i ferd med å nå grensene sine,» står det i brevet, der lærarar krev snarleg intervensjon for å adressere krisa.
Ikkje overraskande er desse problema òg å finne i samfunnet elles, der lokale innbyggjarar leverer inn klagar om antisosial åtferd av elevar, og supermarknadseigarar nektar ungdommar tilgang til butikkane deira på grunn av tilfelle av forstyrrande åtferd.
Politiet blir altfor ofte ringt for å rykkje ut til skulen for å respondere på eskalerande situasjonar, står det i brevet, der tilfella ofte har sine opphav i dei kulturelle skilnadene som no eksisterer.
Lærarar seier at det noverande systemet ikkje gjev dei naudsynlege ressursane for å møte krava til dei aukande sosio-økonomiske bakgrunnane til mange elevar, noko som overlèt skular til å slite åleine med konsekvensane av innvandringspolitikken til Berlin.
Lærarpersonalet kom med seks tiltak som er naudsynlege for å adressere krisa, inkludert ein overgang til klasserombaserte undervisningsmetodar og tilsetjing av ein skulepsykolog for å hjelpe dei fire noverande sosialarbeidarane. I tillegg bad personalet om meir overvaking av elevar i friminutta, og for meir robuste tryggleikstiltak, inkludert ei portvakt.
Ein treng vidare ressursar, seier dei, for å handtere forstyrrande åtferd inkludert direkte intervensjon frå utdanningsstyresmaktene. Heilt til slutt krev personalet ein omfattande plan for å adressere rotårsakene til krisa, i staden for brannsløkking og det å handle reaktivt mot den eskalerande situasjonen.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidefoto: Unsplash, Yannis-H-Ua