Derimot: Det er ikke alltid den største basunen som spiller reint. Er de store mediene er sannhetssøkende? – Derimot

derimot.no:

Svein Grødaland: Kven snakkar sant?

Det er rart å lytta til vår heimlege ekspertise om krig, spesielt den i Ukraina. Nokre kjelder melder at det er stor mangel på tilgjengelege soldatar på Ukraina si side. Det skal vera snakk om 1,7 millionar falne soldatar på ukrainsk side.

Den offisielle ekspertisen, med oberstløytnantane i spissen, seier ikkje eit ord om dette. Dette seier litt om teknokratisk tankegang og ditto samfunn. Det vert planlagt i hytt og vær utan tanke på at det trengs folk. Det er valgkamp. Det skal satsast på alle frontar; meir til forsvaret, mindre til offentleg sløsing.

Er ikkje også forsvar ein del av dei offentlege utgiftene? Skal det militære gå fri sparekniven? Kor skal soldatane koma frå? Sjukepleiarane, lærarane? Det er ikkje som me høyrde i barnetimen i vår aller grønaste barndom: Hovedpersonen hadde ein magisk blyant der ho kunne teikna ein mann og blåsa på teikninga, så sto mannen der. Er den blyanten å finna på Stortinget i dag?

Tilbake til krigen og forteljinga. Det vert jamra litt over at såkalla redaktørstyrte media mister kontrollen over det som vert sagt offentleg. Her fins alternative kjelder som heilt systematisk vert snakka ned, fordi deira og dei offisielle meldingane ikkje har den same forteljinga.

Dei alternative melder om store tap, om ein kostbar og ineffektiv våpeninsdustri på vestleg side. Me er totalt underlegne i konkurranse med dei fleste. Det er viktig at folk ikkje folk får veta dette. Derfor kjører media på med det dagsaktuelle, medan dei alternative set bitane saman og let oss sjå ein samanheng. Den kan vera dyster, der den spår at NATO vil rakna, det same vil EU når tapet i Ukraina er definitivt.

Me er ikkje vane med å vera spurven i tranedansen. Europa er ein liten og relativt fattig del av verda. Me har basert vår rikdom på handel, på ein måte som andre vil kalla utbytting og plyndring.

Ingen av offisielle media set ord på dette. Det kan kanskje vera klokt å ikkje dramatisera situasjonen før den står og grin mot oss. Kanskje.

Det var dei som spådde slutten på demokratiet i USA om Trump vart president. Eg vil ikkje leggja skulda på Trump. Han er neppe meir enn den vesle tua som kan velta det store lasset, lasset som har bygd seg opp over mange år, med spekulasjon, lån over evne, la Asia produsera varene til ein billig penge for oss. Heile greia er som eit stort pyramidespel, der såkalla verdipapir går frå hand til hand, der alle skal tena litt på den tida dei sit på aksjene før dei vert sende vidare til nye, godtruande menneske.

Og så har me situasjonen i Gaza. Den har plassert Vesten i ei kattepine, der svært få av oss kan seia oss heilt fri frå å delta i overfallet på Gaza, enten med mental støtte, verbal støtte, økonomisk støtte eller salg av utstyr som kan brukast militært.

Innlegget er hentet fra Politikus

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar