Derimot: Det er EU som sliter selv om de blokkerer russisk gass. EU stanser livgivende russisk energi for å straffe Russland. – Derimot
derimot.no:
Vi publiserer denne oppsummeringen av hele gasskonflikten mellom Russland v/Gazprom og vestlige land og Ukraina. For å forstå det som skjer er det viktig å kjenne bakgrunn og historie.
Knut Lindtner
Redaktør.
Slutt på russisk gass-transitt via Ukraina til EU
Voltaire, International Newsletter – Nr. 114-115 – 10. januar 2025, redaktøren
Ukraina har ikkje fornya gass-kontrakten sin med Russland. Denne gjekk difor ut den 1. januar. Kiev tente som innfallsport for russisk gass til Moldova, Romania, Polen, Ungarn og Slovakia, og derifrå til Austerrike og Italia. Men Ukrainas illegitime president Volodymyr Zelensky ville ikkje fornye avtalen før konflikten med Russland var løyst.
Gazprom, som anslår ubetalte rekningar på 709 millionar dollar, hadde kunngjort at dei ville kutte gassforsyninga til Moldova. Sistnamnde, som trekk rekninga i tvil, anslår gjelda si til berre 8,6 millionar dollar og skuldar på det transnistriske selskapet Tiraspoltransgaz. Transnistria hevdar derimot at Tiraspoltransgaz aldri har handla direkte med Gazprom.
I praksis påverkar den ukrainske avgjerda hovudsakleg to EU-statar som er «allierte med» Russland: Slovakia og Ungarn. Den moldovske avgjerda råkar Moldova hardt, og særleg Transnistria.

☞ Russland eksporterer også gass til Europa sjøvegen, i form av flytande gass (LNG), samt via røyrleidninga TurkStream. Ruta knyter Russland til Tyrkia via Svartehavet og held deretter fram til grensa til EU-medlemmen Hellas. Den har to linjer: ei for den tyrkiske heimemarknaden og ei til å forsyne kundar i sentral-Europa, inkludert Ungarn og Serbia.
☞ Etter at Ukraina-konflikten eskalerte i februar 2022, gjorde EU til topp-prioritet å redusere avhengigheita si av russisk energi. Dei har auka røyrleidningsimporten frå Noreg, og har funne alternative LNG-kjelder i Qatar og USA. Men LNG-import er mykje dyrare enn den russiske røyrleidningsgassen. I tillegg er LNG-forsyningane til EU no i fare på grunn av uro over dei siste truslane til Donald Trump om å innføre tollavgift på LNG-eksport, og Qatars truslar om å suspendere leveransar på grunn av EUs nye karbon-lover.
☞ Slovakias statsminister Robert Fico åtvara om at sjølv om gass-leveransane via Ukraina berre står for 3,5% av EUs forbruk, så vil ei nedstenging forstyrre heile marknaden. Han sa at dette kunne auke gass-prisane i heile blokka med ca 30%, som betyr ein ekstrakostnad på 40-50 milliardar euro årleg. Han besøkte Moskva den 22. desember og møtte den russiske presidenten, Vladimir Putin, eit brot med Den europeiske unionens standpunkt (noko også Viktor Orbán har gjort). Han bad også på førehand EU-kommisjonen om ein kompensasjon på 500 millionar euro for skadane som Slovakia får lide av eit eventuelt ukrainsk kutt i forsyninga av russisk gass.
☞ EU granskar moglegheita for å la ein privat operatør ta jobben med kjøp og overføring av russisk gass til EU, via Ukraina
☞ Gass-saka i Ukraina-krigen forklarer engasjementet til mange aktørar ved sidan av Straussianarane. (tilhengere av den tyske filosofen og globalisten Leo Strauss, red.)

• Gassrøyrleidninga Yamal-Europe, som kryssar Belarus og Polen, vart stengd eit par månadar etter starten av den spesielle militæroperasjonen. Polen eksproprierte dei 48 prosenta av aksjane som Gazprom hadde, som så vart frosne med sanksjonar.
• Nord Stream 1 vart fasa ut av operasjon på grunn av vedlikehaldskrav forverra av forseinkingar fordi Canada heldt tilbake reparerte gassturbinar som skulle til Russland.
• Nord Stream 1 og den framleis inaktive Nord Stream 2 vart seinare sprengde i eit terroristangrep (26. september, 2022). Berre den eine vart alvorleg skadd, men av politiske grunnar vart ingen av dei reaktiverte.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert