Derimot: Det er en grense for alt. Woke Snøhvit møter veggen. – Derimot
derimot.no:
Woke Snøkvit er ein KATASTROFE for Disney og Hollywood
Hollywood si dydsposering og maniske fokus på DEI-forteljingar har no slått tilbake på dei sjølve. (DEI står for Diversity, Equality and Inclusion, «mangfald, likskap og inkludering»). Tidlaus historieforteljing, som tidlegare var varemerket til Disney, har no blitt erstatta av politisk hyperkorrektheit. Dette har dei no blitt straffa for, sidan deira nyaste woke-prosjekt med ei mørkhuda Snøkvit sannsynlegvis kjem til å bli ein flopp for selskapet. Dette skriv Lance D Johnson i Natural News.
Johnson skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Hollywood er no i full panikkmodus sidan Disney si gjenskaping av Snow White som spelefilm ligg på randa av ein inntektskatastrofe. Filmen, som etter planen skal sleppast 21.mars [Når denne artikkelen blir publisert, er filmen allereie sleppt; oms.an.], har allereie blitt ein lynavleiar for kontrovers, der kritikarar og publikum om kvarandre kjem med skarp kritikk av woke-omskrivinga, tvilsame val av skodespelarar, og for at filmen fullstendig ser ut til å ha gått vekk frå sjarmen i den opphavlege historia. Produksjonen som har kosta 270 millionar dollar, der dei opphavlege ikoniske sju dvergane har blitt erstatta av ‘mangfaldsinnleigde uteliggjarar’, og har gjenførestilt seg Prinsen som ein #MeToo-æra-skurk, ser ut til å bli nok eit døme på den sjølvpåførde implosjonen til Hollywood.
Problema byrja med å velje Rachel Zegler, ei latinamerikansk skodespelarinne av blanda rase, som Snøkvit – ein figur som i det originale tyske eventyret vart berømt for å ha hud ‘kvit som snø’. Dei offentlege kommentarane til Zegler fekk kritikken til å bli endå sterkare, sidan ho openlyst snakka ned den animerte 1937-klassikaren, kalla den ‘ekstremt utdatert’ og gjorde narr av korleis den framstilte romantikk. […]
Denne woke gjentolkinga av det elska eventyret har gjort publikummarar snurte. Avgjerda til Disney om å prioritere politisk korrektheit over historieforteljing har frårøva filmen magien, romantikken og eskapismen som gjorde originalen so ikonisk. I staden for ei tidlaus forteljing om kjærleik og eventyr, blir sjåarane tvangsfôra med eit tilgjort ‘girl power’-narrativ som kjennest meir ut som ein skuletime enn ein film.»
Fiaskoen Snow White er berre nok ein film i Hollywood sitt desperate forsøk på å dydsposere på kostnad av kreativitet. Studioa har framandgjort seg sjølve frå sitt kjernepublikum. Eit positivt avbrekk frå kvardagen har no blitt ei plattform for politiske dogme. Ein kritikar skildrar Snøkvit-filmen som eit forsøk på ei botsøving frå Hollywood-eliten – dei er desperate etter å få syndforlating for all perversjonen dei har late gro ukontrollert i sine eigne nabolag.
Publikum avviser Hollywood fordi filmbyen prøver å omskrive historia og påtvinge moderne «moralske standardar» på klassiske historier. Johnson skriv avslutningsvis:
«Teikna på det komande nederlaget til Snow White er å sjå overalt. Disney forkasta den tradisjonelle premieren med raud løpar, og valde i staden eit nøkternt arrangement i eit fjerntliggjande spansk slott for å unngå meir kritikk. Studiet opna heller ikkje billettsalet før 11 dagar før filmen skulle sleppast – eit trekk som folk på innsida av industrien seier reflekterer ein mangel på tillit til prosjektet.»
Ein liknande, om enn mindre kontrovers såg vi her i Noreg då den norske dramaserien Makta hadde premiere på NRK i oktober 2023. Serien handlar om Gro Harlem Brundtland og maktkampen i Arbeidarpartiet på 1970- og 80-talet. Einar Førde, fødd og oppvaksen i Høyanger i tjukkaste Sogn og Fjordane, vart spelt av iranskfødde Nader Khademi. Den vesle kontroversen som oppstod rundt dette DEI/woke-rollevalet handla mest om at rollefiguren snakka bokmål, og ikkje nynorsknær dialekt, slik Førde sjølv snakka.
Sjå òg «Disney avslører massive interne endringar i kontroversiell, ‘woke’ Snøkvit-film», publisert 30.oktober 2023.
Innlegget er hentet fra Saksyndig