Derimot: Det er demonisert og kalt søppel, men det motsatte er tilfellet. CO2 et av de nyttigste stoffene på vår planet. – Derimot

derimot.no:

Karbondioksid-bløffen: Den store avsløringa

av Dr. Lewis Coleman

Blant dei mest synlege geopolitiske kontroversane i vår tid er planetens klima. Idéen sirkulerer om at Jordas temperatur stig, at denne stigninga blir katastrofal, at årsaka til det er menneskeskapte karbonutslepp, og at berre reduksjon av desse utsleppa kan redde planeten og menneskeslekta. Men er noko av dette sant? American Geopolitical Institute vil utforske desse spørsmåla gjennom auga til forskningsleiaren vår, dr. Lewis Coleman. I hans første artikkel ser han nærare på den mykje kritiserte atmosfæregassen karbondioksid, CO2.

*

Karbondioksid (CO2) er den mest misforståtte av alle dei atmosfæriske gassane, men også den mest interessante. Den er godarta, nyttig og livsviktig for både plante- og dyreliv, men blir høglydd skurkeforklart som giftig avfall som på same måten som urin må kastast ut av kroppen med pusten, og som ein drivhusgass som truar menneskets eksistens med overoppheting og smelta polis.

Sidan det finst overveldande mengder bevis for det motsette, er desse fragmenterte eventyra forbløffande. Dei kan berre forklarast med ein rådande ignoranse pluss makta, politikken, privilegia og overtalinga som heile tida gjer seg gjeldande og forstyrrer menneskets verksemd og hindrar framsteg.

CO2 er essensielt for livet på Jordas overflate. Fleircella plantar konverterer karbondioksid til karbohydratar dei bruker som mat og cellulose til strukturell støtte. I fleircella virveldyr er karbondioksid like essensielt som oksygen, fordi det det er ein sentral del av mekanismen for oksygentransport og -leveranse som fangar oksygen frå atmosfæren (eller vatnet) og leverer det til celler djupt inne i kroppen.2

CO2 er også hovudkomponenten i hydroksylapatitt, som er den største komponenten i beinvev. Menneskekroppen inneheld rundt 20 liter karbondioksidgass som stort sett er oppløyst i kroppsvæskene. Til samanlikning har kroppen 1 liter nitrogen og 1 liter oksygen. CO2’et lekkar frå huden og kjem i likevekt med atmosfærens CO2, som sakte fluktuerer evig innanfor eit smalt område. Respiratoriske drivmekanismar tilpassar seg denne likevekta og stimulerer pusten for å oppretthalde den.

Viss CO2 hadde vore eit narkotisk stoff, ville vi alle ha vore rusa, og viss det hadde vore giftig, ville vi alle ha vore daude. I staden har CO2 kraftige terapeutiske eigenskapar som vart avdekka av medisinsk forkning ved inngangen til det 20. hundreåret. Det er fordi anding eller bading i CO2 stimulerer respiratorisk driv, reduserer mikrovaskulær flytresistans, set fart på transporten av oksygenisert blod frå lungene til organ og vev, og frigjer oksygen frå blodet og inn i kroppsvev.2

Karbondioksid er ein av dei nyttigaste substansane på planeten vår. Korfor vil då galningane som kontrollerer samfunnet bli kvitt det?

Det har ikkje alltid vore slik.

For hundre år sidan byrja anestesisjukepleiarar å supplere eter-anestesi med forskningsbasert morfinanalgesi i operasjonssalane for å hindre skadeleg nerveaktivitet indusert av kirurgi. I tillegg til eter sette dei også inn karbondioksid for å framskunde anestesi-induksjon og -tilsynekomst; motverke morfinindusert respirasjonsdepresjon; optimere hjarte- og lungefunksjon, oksygenopptak i vevet og organforsvar; og hindre hjarteatakk, slag, atelektase, lungebetennelse, kvalme, spying og uventa postoperativ pustestopp.

Suksessen til desse sjukepleiarheltane inspirerte legar til å bruke Carbogen, ein terapeutisk mikstur av oksygen og karbondioksid i trykktankar til å behandle slag, hjarteatakk, drukning, alkoholforgiftning, narko-overdose, astma, lungebetennelse, røykforgiftning, kardiopulmonal stans og bakterielle infeksjonar, og til å hjelpe nyfødde med pusteproblem. Snart vart Carbogen standard utrustning på brannbilar i storbyar, og det redda tallust med liv. Alt dette heldt på å revolusjonere legevitskapen på 1930-talet.

Carbogen har stort sett gått i gløymeboka, sjølv om det i dag kunne ha vore nyttigare enn nokon gong, med dei moderne maskinene, monitorane og medisinane vi no har. Til dømes kunne det kurert eller letta behandlinga av interstitiell cystitt (blærekatarr), ulcerøs kolitt (tjukktarm-slimhinnebetennelse), regional enteritt (tarmsjukdommar), revmatiske lidingar, kreft, hjartesjukdom og livstruande kritiske sjukdommar eklampsi (alvorleg form svangerskapsforgiftning) og multiorgansviktsyndrom. CO2 er framleis godkjent av (USAs legemiddelverk/mattilsyn) FDA, men gassens terapeutiske eigenskapar og til og med mekanismen med oksygentransport og -leveranse har blitt fjerna frå legevitskapeleg litteratur og medvit, så det blir nesten aldri brukt lenger.

Dr. Bardeen i 1914

Det katastrofale som skjedde, var at den organiserte legevitskapen vart misunneleg på suksessen til anestesisjukepleiarane og konspirerte for å skaffe seg kontrollen over denne profitable medisinske spesialiteten. I 1897 vart dr. Charles Bardeen, sonen til ein mediemagnat i New York, den første som vart uteksaminert ved Johns Hopkins Medical School. Han vart straks utnemnd til professor i anatomi ved University of Wisconsin Medical School, og vart deretter forfremma til dekan i 1907.

I 1927 valde han dr. Ralph Waters til å bli den første leiaren for ei universitetsavdeling for anestesi i verda. Han sa seinare at «Ralph Waters var den første personen universitetet tilsette for å dysse folk i sømn, men i staden vekte han ei verdsomfemnande interesse for anestesi.»  Dette salva dr. Waters med ubetaleleg prestisje, og han visste korleis han skulle bruke den. Han var ein skarpsindig selgar som hadde fått seg prominens innan medisinske sirklar ved å dyppe sin bedøvde og intuberte hund, kalla «Airway», ned i ein tank med vatn for å demonstrere effektiviteten til Arthur Gudel sine endotrakeale røyr, som blir plasserte inn i luftrøyret for å hindre luftvegsobstruksjon og støtte pusting.

Dr. Waters slo seg straks saman med dr. Chauncey Leake, leiaren for farmakologiavdelinga i Wisconsin som hadde forskning på krigsgassar som spesialitet, for å pønske ut tilsynelatande plausible dyre-eksperiment som med overlegg blanda ihop CO2-asfyksiering (asfyksi er ein tilstand med generell oksygenmangel i alle veva i kroppen) med anestesi. Dr. Waters medverka og til oppdikta kliniske rapportar om anonyme anestesisjukepleiarar som dramatisk skildra oppdikta katastrofar forårsaka av overentusiastisk CO2-supplementering, noko han karakteriserte som «CO2-giftigheit» i staden for asfyksiering. Denne samanblandinga har sidan blitt underbygd med rigga forskning og tilsynelatande gode publikasjonar.

Ralph Milton Waters var en amerikansk anestesilege.

Som leiar introduserte dr. Waters sin praktiske nye anestesi-teknikk som brukte intravenøse barbiturat og paralyse for å mogleggjere valfri endotrakeal intubasjon. Dette sikra luftvegane mot aspirasjon og obstruksjon, letta pustinga og mogleggjorde kirurgi på flattliggande kropp og i munnhola. Desse prosedyrane var umoglege med med maske-teknikken som sjukesøstrene brukte. Dessutan promoterte paralysen lettare kirurgi ved å hindre gjenstridige muskelspenningar og uventa rørsler på grunn av ukontrollert kirurgisk stimulering.

Waters hadde såleis sett ihop ein mektig politisk strategi for å rasere ryktet til sjukepleiarane , erstatte dei med hans eigne anestesilege-lærlingar, og promotere salet av den patenterte «Waters-sylinderen» sin som absorberte karbondioksid frå gassblandingar. Dette skapte ei kraftfull skrøne som skremde legar til å unngå både CO2 og droger som sidan har blitt tilskunda av profesjonell legevitskap, legemiddelfirma og «klimaendring»-høkrar.

Han indoktrinerte også sine residentar med førestillinga om at karbondioksid er «giftig avfall, som urin», som må bli «fjerna frå kroppen» for å hindre den mytiske «CO2-giftigheita» ved å bruke mekanisk hyperventilasjon under anestesi. Dette var utspekulert i samsvar med rotfesta ortodoks oppfatning av CO2, men det er vitskapeleg sett galskap, for hyperventilasjon er i seg sjølv farleg, gir ingen fordelar og er inkompatibelt med terapeutiske droger. I tillegg gir det farleg utarming av kroppens CO2-reservar, noko som aukar narkotisk respirasjonsdepresjon og inviterer til hjarteatakk, slag og uventa postoperative pustestopp.

Men desse effektane vart ikkje problematiske før fleire år seinare, då defekte «lukka krins»-anestesimaskiner – som var designa for å konservere dyre anestesi-gassar – vart erstatta med «open krins»-anestesimaskiner som var designa for å eliminere all mogleg CO2-akkumulasjon inne i maskinene.15 På det tidspunktet var dei terapeutiske og livsoppehaldande karakteristikkane til karbondioksid gløymde, så dei følgande postoperative respirasjonsdepresjon-problema vart skulda på narkotika.

Korfor? Fordi CO2 er billig, trygt, effektivt og lett å bruke. Det kunne nesten ha vore ein «sjølvhjelpsremedie». Og fordi kombinasjonen av karbondioksid og narkotika hindra seinare manifestasjonar av «kirurgisk stress-syndrom» inkludert kreft, hjartesjukdom og kroniske sjukdommar som alle promoterer profesjonell og korporativ profitt på bekostning av folkehelsa.

Dr. Waters sørga deretter for å plassere sine uteksaminerte studentar i prominente stillingar på sjukehus og medisinskulane til universitet. Etter å ha greidd å fordrive sjukepleiarane, grunnlagt anestesiolog-yrket basert på falsk vitskap, og skapt ei dødeleg skrøne som forvirra anestesipraksisen for all ettertid, så gjekk han på mystisk vis av med pensjon i ein alder av 65 og nekta all vidare kontakt med det monstruøse yrket han hadde skapt. I mellomtida naut dr. Chauncey Leake prestisjetunge avtalar med UC San Francisco, University of Texas, Ohio State University, og som styreleiar for Science Journal.

Sjeldan har så få forårsaka så mykje skade for så mange. Den omfattande ugagnen deira har reversert det legevitskapelege framsteget; avspora legevitskapeleg forskning og drept og lemlesta tallaust mange pasientar sidan den gong. Strevet deira er stappfullt av dei kløyvde hov-avtrykka til den organiserte legevitskapen, mektige farmasigigantar og Wellcome Trust.

Tilbake til CO2

CO2 er ein «spor-gass» i Jordas atmosfære som umogleg kan forårsake «global oppvarming», som er eit syklisk fenomen som skjer i interval av hudretals år. Førre episode skjedde på tidleg 1400-tal, då ein flåte av massive kinesiske djunkar segla gjennom den smelta Nordpolspassasjen og kartla verda, snart følgd av Vestelege oppdagingsreisande. Men isen fraus til att før admiral Byrd og hans samtidige fekk starta søket etter den mystiske polare passasjen. No har den smelta igjen, og den kommersielle skipsfarten føretrekk den framfor Panama-kanalen.

Kva er då kjelda til CO2? Faktum er at det heile tida blir produsert av den kolossale massen med mikrobielt liv som held til i det diabolsk varme miljøet djupt under Jordas overflate, der den nukleære kjernen leverer rikeleg med kjemikaliar som tener som mat. Dette forklarer dei høge CO2-konsentrasjonane som blir funne i grotter, og korfor vulkanutbrot spyr ut svære mengder karbondioksid. Gassens molekylære vekt forårsakar at atmosfærisk CO2 svevar i lufta nær jordoverflata, der fotosyntetiske bakteriar og fleircella plantar begjærleg konsumerer den og avgrensar konsentrasjonen til berre 0,03% av den atmosfæriske gassmiksen, slik at plante- og dyrelivet på jordas overflate blomstrar og trivst på grensa til CO2-svolt.

Fleircella liv kan ikkje overleve i slike høgder som t.d. «død-sona» nær toppen av Mount Everest, der CO2 er nesten fråverande, noko som forklarer korfor toppen av Mt. Everest er fylt med lemen-liknande Darwin Award-vinnarar og korfor losane deira lir av hypoksisk hjerneskade.

CO2 er også eit ideelt kjølemiddel, med ei avslørande historie. Det vart patentert som kjølemiddel i Storbritannia i 1850, og i 1870 installerte ein amerikansk forretningsmann CO2-kjøling i eit cargoskip som skulle transportere oksekjøt frå Texas til New York City. Det finst ikkje giftig, men den låge prisen på den underminerer dens kommersielle levedyktigheit. CO2 vart snart fortrengd av ammoniakk, men konsumentane frykta ammoniakkgiftigheit og føretrekte is-leveransar framfor ammoniakk-kjøleskap.

Til dømes vart tur-guidar i Californias Hearst Castle sjuke av ammoniakk som lak frå dei antikke kjøleskapa etter Loma Prieta-jordskjelvet i 1989 Loma Prieta. Den tyske avdelinga til det internasjonale kartellet General Electric heldt tilbake Albert Einstein og Moshe Szilard for at dei skulle finne opp trygge kjøle-teknologiar mellom Første og Andre verdskrig. Dei patenterte fleire kommersielt upraktiske idéar, men innsatsen deira vart gjort irrelevant av Thomas Midgely, Jr., den illgjetne oppfinnaren av blyhaldig bensin, som dramatisk inhalerte Freon, eit fluorert hydrokarbon utvikla av DuPont, for å demonstrere kor trygt det var, på ein fullpakka ingeniørsamankomst. DuPont Corporation promoterte deretter Freon, og Freon-kjøleskap vart entusiastisk tatt inn i varmen etter Andre verdskrig.

Men Freon var aldri trygt. Når Freon-gass blir eksponert for open eld, degenererer den til fosgen, som drap fleire soldatar enn nokon annan «krigsgass» under Første verdskrig. Dette var spesielt problematisk fordi kjeøleskapsreparatørar rutinemessig brukte propanlykter for å oppdage Freon-lekkasjar.24 Dette forklarer jukset med «Ozonhol»-hysteriet som let DuPont erstatte farleg Freon med hydrokarbon-alternativ som heller ikkje kan samanlikne seg med tryggleiken til karbondioksid.

Freon forklarer også lungesjukdommane hos brannfolk og politifolk under sprenginga av World Trade Center-tårna 11. september, 2001 («9/11»), som eksponerte massive mengder Freon for termitt-flammane. [Andre moglege årsaker er bromerte flammehemmarar, asbest og partiklar som tyder på radioaktiv eksplosjon (barium, strontium), mrk.] Heldigvis har Den europeiske unionen introdusert regelverk for å stramme inn på bruken av giftige kjemikaliar, så Mercedes Benz og andre europeiske korporasjonar utviklar no trygge CO2-air condition-system til bilar og hus.

Så neste gong ein «klimaendring»-fanatikar byrjar vrøvle om skrekkelege CO2, så kan du be dei vente til dei høyrer «resten av historia». I mellomtida må vi kanskje vente på tippoldebarna våre sitt kome før dei terapøytiske velsigningane til karbondoksidet, kirurgisk narkose og stressteori blir forstått og realisert? Korfor ikkje oss? Korfor ikkje no?

*

Dr. Lewis S. Coleman leier vitskaps- og utdanningsavdelinga til American Institute of Stress. Han er sertifisert anestesiolog og fullførte bachelor-graden i biologi ved Ohio State University, vart legeutdanna ved New York Medical College, og var turnuskandidat på kirurgen i UCLA, følgd av 40 år i privat praksis. 

Coleman gav nyleg ut boka 50 Years Lost in Medical Advance: The Discovery of Hans Selye’s Stress Mechanism.”

Notes

1 Coleman, L. S. Four Forgotten Giants of Anesthesia History. Journal of Anesthesia and Surgery 3, 1-17 (2015). <http://www.ommegaonline.org/article-details/Four-Forgotten-Giants-of-Anesthesia-History/468>.

2 Coleman, L. S. Oxygen Transport and Delivery. https://www.youtube.com/watch?v=efi9v86isSw&t=117s (2022). <https://www.youtube.com/watch?v=efi9v86isSw&t=117s>.

3 Henderson, Y. Resuscitation with Carbon Dioxide. Science 83, 399-402 (1936). https://doi.org/10.1126/science.83.2157.399

4 Coleman, L. S. The Great Medical Hoax of the 20th Century.  (2022). <https://www.amazon.com/Great-Medical-Hoax-20th-Century/dp/B09X4BCTWG/ref=sr_1_1?crid=8A8KBG2F26D7&keywords=the+great+medical+hoax+of+the+20th+Century&qid=1659205157&sprefix=the+great+medical+hoax+of+the+20th+century%2Caps%2C153&sr=8-1>.

5 Morris, L. E., Schroeder, M. E., Warner, M. E. & Wood Library-Museum of Anesthesiology (Park Ridge Ill.). Ralph Milton Waters, M.D., mentor to a profession : proceedings, the Ralph M. Waters International Symposium on Professionalism in Anesthesia, Madison, Wisconsin, 2002.  (Wood Library-Museum of Anesthesiology, 2004).

6 Waters, R. M. Ltr Waters to Guedel Re: intention tremors, ET tube durability. https://calisphere.org/item/784c2d71-bb93-4c73-af85-2ce6faf9f8d6/ (1929, March 19).

7 Waters, R. M. Waters reports one-lung anesthesia with new ET tubes. https://calisphere.org/item/f8195ad6-f577-4a0e-8f9f-aa9dbfaf1ae1/ (1931, June 10).

8 Leake, C. D. W., R.M. The Anesthetic Properties of Carbon Dioxid. J. Pharmacol. Exp. Ther. 33 (1928).

9 Waters, R. M. Toxic Effects of Carbon Dioxide. J.A.M.A 100:519, 1933, 219-224 (1933).

10 Eisele, J. H., Eger, E. I., 2nd & Muallem, M. Narcotic properties of carbon dioxide in the dog. Anesthesiology 28, 856-865 (1967).

11 Cullen, D. J. & Eger, E. I., 2nd. Cardiovascular effects of carbon dioxide in man. Anesthesiology 41, 345-349 (1974).

12 Cullen, D. J., Eger, E. I., 2nd & Gregory, G. A. The cardiovascular effects of carbon dioxide in man, conscious and during cyclopropane anesthesia. Anesthesiology 31, 407-413 (1969).

13 Eckenhoff, J. E. Carbon Dioxide and Man. Anesthesiology 21, 585-586 (1960).

14 Waters, R. M. Carbon Dioxide. Can Med Assoc J 38, 240-243 (1938).

15 Jackson, D. E. Anesthesia Equipment From 1914 to 1954 and Experiments Leading To Its Development. Anesthesiology 16, 953-969 (1955).

16 Overdyk, F. J. postoperative Opioids Need System-Wide Overhaul. Anesthesia Patient Safety Foundation Newsletter (2010). <http://www.apsf.org/newsletters/html/2010/winter/11_opioids.htm>.

17 Coleman, L. S. Intraoperative Hyperventilation May Contribute to Postop Opioid Hypersensitivity. apsf Newsletter Winter 2009-2020 (2010). <https://www.apsf.org/article/intraoperative-hyperventilation-may-contribute-to-postop-opioid-hypersensitivity/>.

18 Coleman, L. S. A call for standards on perioperative CO(2) regulation. Can J Anaesth (2011). https://doi.org/10.1007/s12630-011-9469-7

19 Shimkin, M. B. Chauncey D. Leake, president-elect. Science 129, 468-469 (1959). https://doi.org/10.1126/science.129.3347.468

20 Menzies, G. 1421 : the year China discovered the world.  (Bantam, 2002).

21 Nguyen, O. a. Carbon Dioxide as a Refrigerant, <https://www.rsi.edu/blog/hvacr/carbon-dioxide-refrigerant/> (2016).

22 Dannen, G. The Einstein-Szilard Refrigerators, <https://www.scientificamerican.com/article/the-einstein-szilard-refrigerators/> (1997).

23 Knight, L. The Fatal Attraction of Lead. BBC News Magazine (2014). <https://www.bbc.com/news/magazine-29568505>.

24 Shawn. Burning freon can produce phosgene gas, <https://honda-tech.com/forums/honda-civic-del-sol-1992-2000-1/burning-freon-can-produce-phosphene-gas-229557/> (2002).

Omsett av Monica Sortland

The original source of this article is VT Foreign Policy

Copyright © Dr. Lewis ColemanVT Foreign Policy, 2024

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...