Derimot.no

Derimot: Desperasjonen rår i vest: Planlegges nye sanksjoner som vil slå tilbake på en selv?

derimot.no:

Henta frå Moon of Alabama. Omsett av og henta frå saksyndig.

22.februar, to dagar før russiske troppar gjekk inn i Ukraina, sette USA og EU ei rekkje sanksjonar inn mot Russland. Dei konfiskerte òg rundt 300 milliardar av Russland sine reservar som hadde blitt investert i «vesten». Sanksjonane hadde blitt forhandla fram mellom EU og USA, og førebudd i fleire månader.

Ideen var å slå Russland konkurs innan nokre få veker. Dei vrangførestilte folka bak dei sanksjonane hadde inga aning om kor stor Russland sin økonomi verkeleg er, og sanksjonane beviste det. Sanksjonane mislykkast i å påverke Russland på nokon måte, men konsekvensane deira førde til redusert energi i Europa, og høgna dei allereie høge inflasjonsratane. Inflasjonen i Russland går nedover, og dei generelle økonomiske tala er gode. Dei no høgare energiprisane skaper tilstrekkjeleg tilleggsinntekt til å fullstendig finansiere krigsinnsatsen deira.

Mening var å få Russland på kokursens rand.

Ein forstandig aktør ville konkludere at sanksjonane var ein feil, og at å fjerne dei ville hjelpe Europa meir enn det ville hjelpe Russland. Men nei, dei amerikanske og europeiske pseudo-elitane er ikkje lenger i stand til å oppføre seg på ein forstandig måte. Dei doblar i staden innsatsen med den sprøaste sanksjonsplanen ein nokosinne har høyrt gjete:

«Den europeiske union pressa på onsdag med ein ambisiøs, men utesta plan for å avgrense Russland sine oljeinntekter.

Dersom den globale prisen på olje held seg høg, vil det vanskeleggjere Den europeiske unionen sine forsøk på å innføre pristak på russisk olje som var forventa å bli endeleg godkjent torsdag, etter at EU-forhandlarar vart einige om tiltaket som del av ein fersk sanksjonspakke mot Moskva.

Under planen vil ein komité inkludert representantar frå Den europeiske union, G7-landa og andre som er einige i pristaket møtast jamleg for å avgjere prisen som russisk olje burde bli selt, og at den ville endre seg basert på marknadsprisen.

Fleire diplomatar involverte i EU-samtalane sa at Hellas, Malta og Kypros – maritime nasjonar som ville bli mest påverka av pristaket – fekk forsikringar om at forretningsinteressene deira ville bli ivaretekne, sa diplomatane.

Landa hadde halde opp det som ville vere den åttande sanksjonspakken som Den europeiske union har innført sidan den russiske invasjonen av Ukraina på grunn av bekymringar om eit pristak på russisk olje eksportert utanfor blokka ville påverke shipping, forsikring og andre industriar, sa diplomatane.

Med oljeprisar som er historisk høge, håvar Russland inn millardar av dollar i forteneste, sjølv når dei sell den i mindre mengder. Taket – del av ein vid plan pressa på av Biden-administrasjonen som G7 sa seg einige i førre månad – har som føremål å få prisen på russisk olje lågare enn den er i dag, men framleis over kostnad. Det amerikanske finansdepartementet kalkulerer at taket vil frårøve Kreml fleire titals milliardar dollar årleg.»

Det er nesten umulig å få en selger til å selge en vare til en pris under den andre byr.

Korleis får du ein stor produsent av ei sjeldan vare til å selje dei varene under den generelle marknadsprisen? Med mindre du har eit særs sterkt kjøparkartell som òg kan skaffe det produktet frå andre stader, kan du ikkje gjere dette med suksess. Det er økonomisk umogleg.

«For å gjere tiltaket effektivt og kutte russisk forteneste, vil USA, Europa og deira allierte måtte overtyde India og Kina, som kjøper betydelege mengder russisk olje, om å kjøpe den berre til den førehandsbestemte prisen. Ekspertar seier at sjølv med viljuge partnarar, kan taket bli vanskeleg å innføre.»

Russland har erklært at dei ikkje vil selje noko olje til kvar ein part som støttar G7 sitt prisfiksingsregime. Det er grunnen til at verken Kina eller India eller nokon andre land bortsett frå EU og USA vil bli einige om å halde seg til det.

Exit the King | Malthouse/Company B
Den tiden er forbi Hverken USA eller Storbritannia er noen enerådende konge på haugen lenger.

Heile ideen er sprø og altfor komplisert til å oppnå noko som helst:

«Under dei nye reglane vil selskap involvert i shippinga av russisk olje – inkludert skipseigarar, forsikringsføretak og forsikringsagentar – vere på kroken for å forsikre seg at oljen som dei hjelper å transportere blir selt til eller under pristaket. Dersom dei blir tekne i å hjelpe Russland selje den til ein høgare pris, vil dei kunne stå overfor søksmål i heimlandet for å bryte sanksjonar.

Russisk råolje vil hamne under ein embargo i mesteparten av Den europeiske union 5.desember, og petroleumsprodukt vil følgje i februar. Pristaket på skipsfrakt til ikkje-EU-land har blitt kjempa fram av sekretæren i det amerikanske finansdepartementet, Janet Yellen, som eit naudsynt tillegg til den europeiske oljeembargoen.

Under EU-avtalen vil Hellas, Malta og Kypros framleis få lov til å frakte russisk olje. Om dei ikkje hadde gått med på å plassere selskapa sine i fronten for å anvende pristaket, ville dei ha fått forbod mot shipping eller å forsikre russisk oljelast utanfor Den europeiske union, eit stort slag for større industriar.

Meir enn halvparten av tankarane som no fraktar russisk olje er gresk-eigde. Og dei finansielle tenestene som står bak den handelen – inkludert forsikring, gjenforsikring og kredittbrev – er i overveldande grad basert i Den europeiske union og Storbritannia.»

Dette er naturlegvis ein open invitasjon til andre land om å gå inn i oljeshipping og relaterte finansielle tenester, til kostnad for europeiske selskap.

Kina og India vil begge gjere det for å auke marknadsdelen på desse felta. Skipa deira vil transportere russisk olje til kven som helst som ønskjer å kjøpe den til marknadspris, minus den alltid forhandlingsviljuge russiske rabatten. Greske skip vil liggje uverksame eller bli selde, medan indiske og kinesiske og andre asiatiske tankarar vil bli svært, svært opptekne. Kina sine store forsikringsselskap vil med glede bli med i denne nye forretninga av globale tenester.

At europeiske byråkratar gjekk med på denne toskete amerikanske ideen, som fyrst og fremst vil skade europeiske bedrifter, er eit anna teikn på at Brüssel har gjeve opp å ha handlingskraft.

I dag reagerte OPEC+-land, seljarkartellet for olje, på den sprø sanksjonsideen og den komande globale depresjonen ved å minke si daglege levering med to millionar fat. Dette var ikkje gjort utifrå saudiarabisk solidaritet med Russland. Saudi-Arabia treng olje til meir enn 80 dollar fatet for å finansiere budsjettet sitt.

Nordsjøolje, som hadde falle til 83 dollar fatet 26.september, har sidan auka til 93 dollar fatet.

Det globale behovet for olje er rundt 100 millionar fat per dag. Om behovet skulle vere det same med 2% reduksjon i OPEC+-produksjon, vil det oppstå betydelege priseffektar, og 100 dollar fatet vil vere innan rekkjevidd.

Men OPEC+ pliktar seg til stabile prisar, ikkje til betydeleg prisauke. Under OPEC+-møtet i dag [5.oktober 2022] viste den saudiske prins Abdulazis dette skjemaet.

Sidan byrjinga på året har prisane for alle former av karbonbasert energi bortsett frå råolje auka betrakteleg. Abdulazis argumenterte at skjemaet viser at OPEC+ ivaretek oljeprisar på ein ansvarleg måte. EU gjer visseleg ikkje noko liknande.

Biden-administrasjonen har i mellomtida nesten halvert innhaldet i sitt US Strategic Petroleum Reserve. Dette er for å halde amerikanske pumpeprisar nede og Demokratane ved makta.

Ingen av dei to er eit ansvarleg steg å ta.

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no