Derimot: Den ukrainske offensiven avslører ikke bare Ukrainas svakheter. Nato fremstår som en papirtiger.
derimot.no:
VLADIMIR PUTIN elskar verkeleg tanks
8. juni 2023 av Larry Johnson
Når eg postar dei følgande videoane frå pop-kulturen, prøver eg ikkje å ta lett på lovnaden om destruksjon som dei ukrainske styrkane står overfor når dei kastar seg mot trente, forskansa, russiske styrkar. Desse to snuttane frå ein episode av Game of Thrones, er ei nifst framtenkt skildring av det som skjer med Ukraina. Meereen-leiarane reflekterer arrogansen og overmotet til Ukraina og deira leiarar, NATO. Meereen-leiarane antok hovmodig at angrepet deira på styrkane til Daenerys Targaryen skulle knuse ho og sende ho gråtande ut i villmarka. Der tok dei skammeleg feil.
Tenk på Vladimir Putin som Daenerys Targaryen, berre utan dei gylne lokkane og den flotte kroppen. Ukraina sender sine styrkar inn i det russiske svelget og blir desimert i ein fart som aldri før. Atter ein gong tilbyr Simplicius den beste oversikten over nedslaktinga som er på veg.
Bortsett frå at dei er i undertal og har har eit veksande underskot på tanks og artilleri, så er Ukrainas største problem den kjensgjerninga at dei utlandstrente brigadane som blir kasta inn i malstraumen ikkje har blitt trente i å utføre eit koordinert angrep. La meg seie det på ein enklare måte. Tenk deg at 9 skulemusikk-orkester frå 9 forskjellige land, som snakkar 9 forskjellige språk kjem til NFL og blir bedne om å framføre eit pause-show. Sjølv om kvart orkester skulle vere flinke til å spele sin eigen musikk og framføre sine eigne, unike rutinar, så har dei ikkje hatt tida til å øve på verken å spele det same stykket eller å koreografere ei felles framføring. Det er ei oppskrift på kaos, og det er dét som no ser ut til å utfalde seg i Ukraina.
Korleis i himmelens namn kan pressa og leiarane i Vesten vere overraska over «større-enn-forventa motstand frå russiske styrkar?» Pokker heller, sjølv Helen Keller, om ho hadde vore i live i dag, kunne ha sett dette kome. NATO-planleggarane kjøpte sin eigen bullshit når dei trudde at den russiske arméen var dårleg trent, dårleg leidd og lidande av massive manglar. Det er den einaste forklaringa eg har på denne uhyrlege feilbedømminga.
NATO er over måten avhengig av plattformar for ISR (militær forkorting for Intelligence, Surveillance, Reconnaissance; etterretning, overvaking og rekognosering), som kan fortelle deg kor troppar og utstyr er plasserte, men ikkje noko om evnene og moralen til dei russiske troppane. Eg ber om orsaking for at eg terpar på dette openberre, men eg må seie om att og om att at russarane har ein stor etterretningsfordel. Den russiske ISR-kapasiteten er minst like god som alt Vesten har, men den har andre essar i ermet som NATO ikkje har. Eg er sikker på at Russland har raust med menneskelege kjelder planta i NATO og ukrainske hovudkvarter og avdelingar, og at dei veit kva Ukraina planlegg å gjere og kor dei har tenkt å sette ihop angrepa sine. Den typen robust menneskebasert innhenting (MI/HUMINT) av etterretningsinformasjon er uvurderleg.
Sjølv om Ukraina skulle greie å gjennomføre eit overraskande angrep i ein uforsvart sektor langs dei russiske forsvarslinjene, så har Russland på plass logistikken til å utplassere troppar og stanse eit gjennombrot. Og, no heldt eg nesten på å gløyme, Russland har minst 10 gongar fleire soldatar å kaste inn i slike sprekker som Ukraina prøver å utnytte.
Vi er vitne til ein historisk augeblink som er like viktig som Sovjets Operasjon Bagration i Andre verdskrig, som brekte ryggen på nazi-styrkane. Sjølv om omfanget av kjemping og døying i denne ukrainske offensiven er minimal i forhold til Operasjon Bagration, så kan den strategiske effekten samanliknast. Feilslaget til den ukrainske offensiven ikkje berre svekkar Ukrainas evne til å sette ihop framtidige viktige operasjonar, men det eksponerer også NATO som ein tannlaus, om enn vondskapsfull, Leopard.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock