Derimot: Den polske regjeringen støtter nå ukrainere som forsvarer folkemord på polakker. Hva er det med den polske regjeringen?

derimot.no:

MIKE KRUPA og eg pratar om POLEN og UKRAINA

25. november 2022 av Larry Johnson 

Larry Johnson er X-CIA-analytiker

Wolyn-massakren

(Merknader fra redaktør: Fra 1942 begynte ukrainske «nasjonalister» i samarbeid med det tyske Wehrmacht å angripe polakker i Volyn. Vi siterer fra en lengre Wikipedia-artikkel om saken: «Historikere anslår at opptil 100.000 polske sivile ble drept ved denne anledningen. I samme periode utryddet polske militser tusenvis av ukrainske bønder . Selv i dag beskylder de to partiene hverandre for å ha utløst massakrene og anklager hverandre. Det er fortsatt sannsynlig at konflikten ble oppmuntret eller til og med provosert av Nazi-Tyskland, som okkuperte regionen under tragedien. Disse massakrene ble kvalifisert som folkemord av det polske parlamentet den 22. juli 2016.»)

Mike Krupa er ein amerikanar av polsk opphav som bur i Polen. Han gjorde eit kjempeintervju med Doug MacGregor førre veke, og eg tar det som ei ære at han såg meg som verdig til ein liknande virtuell sesjon og prat. Videoen er enno ikkje lagt ut i ei form som kan sjåast på denne nettsida, men om du klikkar på lenka under, kan du sjå den på YouTube.

Eit av punkta vi diskuterte, var den merkelege og, til tider, bisarre åtferda som Polen viser andsynes Ukraina, Russland og Tyskland. Polen lir etter mitt syn framleis av post-traumatisk stress-syndrom etter det som skjedde med landet under Andre verdskrig. Nøkkelpersonar i den polske leiarskapen og mange av innbyggarane i landet greier ikkje å tilgi, gløyme og gå vidare. Korfor seier eg det?

Polen held til dømes fram med å presse Tyskland for krigsskadeerstatning.

Polen krev at Tyskland skal betale dei 1,3 billionar dollar i erstatning for det uhyrlege som vart gjort under nazi-okkupasjonen av landet.  

Utanriksminister Zbigniew Rau sende eit formelt skriv til Tysklands utanriksdepartement på måndag der dei bad om betaling. Førre månad erklærte Polens nasjonalistiske regjeringsparti at Tyskland skulda sin nabo i aust omlag $1,26 billionar. 

https://nypost.com/2022/10/03/poland-demands-1-3t-in-reparations-from-germany-for-wwii-atrocities/

Tyskarane sitt svar er, i det minste på privaten, Keineswegs, verdammt noch mal (dvs. ALDRI I LIVET!). Det offisielle tyske standpunktet er svært juridisk korrekt og svært fast:

Tyskland hevdar at all kompensasjon til nasjonane på aust-fronten vart utbetalt under åra rett etter krigen. Medan dei var under Sovjetunionens styre i 1953, signerte Polens leiarar ein avtale med Tyskland der dei avstod frå alle krav om krigsskadeerstatning. … 

Etter krigen vart Polen gitt over 100 000 kvadratkilometer av aust-tysk jord, ifølge  avisa Wall Street Journal. Vidare vart rundt 10 millionar tyskarar tvinga av polske styresmakter til å flytte. 

https://nypost.com/2022/10/03/poland-demands-1-3t-in-reparations-from-germany-for-wwii-atrocities/

Dette smadrar på ein måte oppfatninga av at NATO-alliansen er solid. Reiser spørsmålet om Tyskland ville tre hjelpande til dersom Russland skulle bombe ukrainske treningsleirar i Polen.

children in red and gray shirts standing on gray sand during daytime
Tyskland har faktisk betalt tilbake for noen av ødeleggelse under 2. Verdenskrig. USA har på sin side stukket av med 70 milliarder kroner fra Afghanistans statskasse etter at de tapte den 20 lange krigen i landet. Det er maktforholdene som bestemmer hvem som betaler og hvem som stjeler.

Polakkane er også framleis svært forbanna på russarane, og legg skulda på dei for det Sovjetunionen gjorde. Ein spesiell verkebyll er drapet på over 20 000 polske offiserar, akademikarar og politiske leiarar i Katyn-skogen. NKVD-sjefen Lavrenty Pavlovitsj Beria var mannen som tilrådde mannefallet:

Den 5. mars 1940 gav Lavrentiy Beria Molotov, saman med Anastas MikoyanKliment Voroshilov og Stalin, eit skriv som føreslo at ein skulle avrette 25 700 polske anti-sovjetiske offiserar i det som vart kjent som Katyn-massakren.

https://en.wikipedia.org/wiki/Vyacheslav_Molotov

Polakkane rasar også framleis over avgjerda til Sovjetunionen om å la nazistane knuse den polske oppstanden i 1944, heller enn å sende styrkane sine til redding. Sovjetarane ville ha ein bufferstat dei hadde kontroll med, og sikra seg at dei fekk installert ei regjering som var kompatibel med Sovjetunionen. Det betyr ingenting at leiarane i det noverande Russland ikkje hadde noko å gjere med politikken til Sovjet. Faktisk var det Putins Russland som til slutt orsaka det fæle brotsverket i Katyn:

I ei symbolsk erkjenning av skuld, har Russlands parlament erklært at Joseph Stalin gav ordren til sitt hemmelege politi om å avrette 22 000 offiserar i den polske arméen og sivile i 1940, i eit av dei største massemorda på 1900-talet.

Dagens erkjenning av Stalins personlege straffeskuld for Katyn-massakren, kjem midt under eit forsiktig mildvêr mellom Moskva og Warszawa, som før har hatt eit tornefullt forhold på det beste. Det vart også tatt som eit teikn på at Russland endeleg kan vere klar for ei stille sjølvgransking av si totalitære fortid.

Mikhail Gorbatsjov vedgjekk i 1990 at NKVD hadde skulda for massakren, etter at sovjetarane i eit halvt hundreår hadde skulda på nazi-troppar. Men det har aldri kome noka formell erklæring som så eksplisitt seier dei sovjetiske leiarane var medskuldige.

Offisielle tenestemenn i Warszawa helsa erklæringa med positivitet. «Det er eit bra steg, eit viktig teikn,» sa Polens parlamentsleiar Grzegorz Schetyna, fortalde journalistar. Det vil sikre ein «betre atmosfære» for besøket til Russlands president Dmitry Medvedev neste veke i Warszawa, la han til.

https://www.theguardian.com/world/2010/nov/26/russian-parliament-guilt-katyn-massacre

Fra Volyn-massakren

Det verkeleg merkverdige er korfor Polen så varmt støttar eit regime i Ukraina som feirar Stepan Bandera som nasjonalhelt, når det var Bandera-folka som massakrerte fleire polakkar enn sovjetarane gjorde i Katyn:

Mellom 1943 og 1945 angreip ukrainske nasjonalistar 99 polske byar og landsbyar i Wolyn, ein nazi-okkupert polsk region  tusentals polakkar. Det er estimert at ukrainske nasjonalistar drap rundt 100 000 polakkar.

Og her står vi no; Polen er i seng med dagens ukrainske nazistar som har bestefedre som myrda 100 000 polakkar. Polen har tydelegvis vald amnesi [tap av minne] når det gjeld støtta til  Zelensky-regimet i Ukraina.

Vi har sete på første rad i historia. Under komande veker vil sannsynlegvis Polen bli  oversvømt av ei flodbølge ukrainske flyktningar. Eg mistenker at den polske entusiasmen for krigen i Ukraina vil få seg ein knekk. Det avgjerande spørsmålet er: vil Polen si avgjerd om å støtte krigen i Ukraina halde seg uendra? 

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde fra: YusraBlog

10 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 10 ganger.

Post Views: 20

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...