Derimot: Den internasjonale straffedomstolen, ICC. Etterforsket bare afrikanere før Putin ble anklaget.

Derimot.no

derimot.no:

USA trua med å invadere Den internasjonale straffedomstolen. No når domstolen går etter Putin, elskar dei den.

Regjeringa i USA la sanksjonar på Den internasjonale straffedomstolen (ICC), trua med å arrestere dommarar, og vedtok lova «Hague Invasion Act» (lov om invasjon av Haag). Tidlegare har ICC mest berre forfølgd afrikanarar. Men no som dei ønsker å arrestere Russlands president Putin, blir domstolen hylla av Washington (samstundes som dei framleis nektar å bli med i den).

av Ben Norton

Den 29. mars, 2023

Mange land på den sørlege halvkula har avvist Den internasjonale straffedomstolen fordi den er ein nykolonialistisk institusjon som er partiske i Vestens favør. Domstolens leiarskikt har vore dominert av europearar, og fram til 2016 hadde berre afrikanarar blitt stilte for retten ved denne domstolen.

USA er ikkje medlem av ICC, og dei har [tidlegare] til og med innført sanksjonar mot domstolens topptenestemenn og trua med å arrestere både dommarar og aktorar.

Faktisk vedtok USA, då domstolen opna i Nederland i 2002, ei lov kjend som Haag-invasjonslova. Med den lova i hand, kan Washington true med å sende soldatane sine for å frigjere ICC-fengsla US-amerikanske statsborgarar eller nokon som USA reknar som viktige for si «nasjonale sikkerheit».

USA har truet Nederland med invasjon. Foto: Fra invasjonen av Irak. (Wikipedia)

Men etter å utrøytteleg ha angripe ICC for deira 21-årige historie, har Washington no gjort heilomvending og støttar ope ICC i deira forsøk på å arrestere den russiske presidenten, Vladimir Putin.

Den 17. mars skreiv ICCs polske president, Piotr Hofmański, ut ein arrestordre på Putin, med grunnlag i antatte overgrep han skal ha gjort under proksykrigen mellom NATO og Russland i Ukraina.

Arrestordren frå ICC vart skriven ut nesten på dagen nøyaktig 20 år etter starten på USA sin invasjon av Irak, som forårsaka ein million dødsfall, og som sjølv FNs generalsekretær Kofi Annan sa var illegal og braut mot FN-pakta.

Ikkje ein einaste US-amerikansk embetsmann vart halden til ansvar for krigsbrotsverka i Irak. Men ICC har no kasta blikket på Russland.

Russland er ikkje med i ICC. Ukraina er heller ikkje ein fullverdig medlem.

Mosckva har sagt at «straffeforfølginga er openlyst illegal» og gjenspeglar den Vesten-dominerte domstolens «tydelege fiendskap» mot Russland.

Trass i at USA ikkje er medlem av ICC, har president Joe Biden gått ut med sterk støtte til domstolens arrestordre.

Sier det ene den ene dagen og noe helt annen den neste.

I samarbeid med EU, pressar no USAs utanriksminister, Antony Blinken, land som er ICC-medlemmar til å samtykke og arrestere Putin.

Dette er litt av ein U-sving for Blinken, for i mars 2021, då domstolen etterforska Israel for krigsbrotsverk på okkuperte palestinske territorium, publiserte den US-amerikanske topp-diplomaten ein rasande tirade som fordømde ICC.

Blinken buldra:

«ICC har ingen jurisdiksjon over denne saka. Israel er ikkje ein del av ICC og har ikkje samtykt i Domstolens jurisdiksjon, og vi uroar oss seriøst over ICC sine forsøk på å utøve sin jurisdiksjon over israelsk personell. Palestinarane kvalifiserer ikkje til å få medlemskap som stat i, delta som stat i, eller delegere jurisdiksjon til ICC.»

Som Israel og USA, er heller ikkje Russland medlem av ICC. Men berre to år etter at Blinken argumenterte for at domstolen ikkje kan etterforske ikkje-medlemmen Israel for deira krigsbrotsverk, insisterer han no plutseleg på at ICC må gå til aksjon mot ikkje-medlemmen Russland på vegner av ikkje-medlemmen Ukraina.

USA legg sanksjonar på ICC, truar embetsmenn sine familiemedlemmar

Blinkens forgjengar gjekk så langt at han innførte sanksjonar mot topp-embetsmenn i ICC.

I 2020, då Donald Trump var president, opna ICC ei etterforsking av krigsbrotsverk gjort i Afghanistan av USA, NATO og afghanske regjeringsallierte.

Som svar leverte Trumps tidlegare CIA-direktør og seinare utanriksminister, Mike Pompeo, rasande anklagar mot domstolen.

  • «Vi er imot alle forsøka til ICC på å utøve jurisdiksjon over US-amerikansk personell. Vi vil ikkje tolerere dei upassande og urettvise forsøka deira på å etterforske eller anklage amerikanarar,» erklærte han i mars.

Pompeo fordømde ICC som «ein skam» og «ein såkalla domstol som avslører seg som eit nake politisk organ». Han påstod at «vi avslører og konfronterer overgrepa deira».

Mike Pompeo som CIA-direktør: «Vi løy, bedro og stjal!»

Topp-diplomaten trua til og med familiemedlemmane til topp-embetsmenn i ICC: «Vi vil identifisere dei som har ansvaret for denne partiske etterforskinga og familiemedlemmane deira.»

Seinare i same september innførte USAs utanriksdepartement sanksjonar mot domstolens sjefsanklagar Fatou Bensouda og kollegaane hennar.

Då Biden-administrasjonen tok over kontora tidleg i 2021, fjerna dei desse sanksjonane mot ICC. Men Washington heldt fram med sine angrep på og underminering av domstolen.

USAs statsmediekanal Voice of America siterte Blinken, som understreka at Washington framleis var sterkt ueinige med ICC sine gjeremål med omsyn til situasjonane i Afghanistan og Palestina» og 

protesterte mot ICC sine «forsøk på å hevde jurisdiksjon over personell frå «non-States Parties» som USA og Israel».

Med andre ord: Biden-administrasjonen opponerte kraftig mot ICC sine forsøk på å etterforske krigsbrotsverk begått av USA og NATO i Afghanistan, og israelske krigsbrotsverk på okkupert paalestinsk territorium.

Men no, når ICC går etter Putin, er den politiske klassen i Washington ekstatisk.

Det militære leiarskapet i Forsvarsdepartementet, på den andre sida, er meir forsiktige. Avisa New York Times skreiv tidleg i mars, berre ei veke før ICC skreiv ut sin arrestordre for Putin: «Pentagon blokkerer USA frå å dele bevis om russiske udådar i Ukraina med Den internasjonale straffedomstolen, seier offisielle tenestemenn. Militære leiarar fryktar det kunne ha sett ein presedens som kunne bane veg for ei strafferettsleg forfølging av amerikanarar.»

ICCs veldokumenterte diskriminering av landa sør for ekvator, særleg i Afrika

Den internasjonale straffedomstolen er berre 21 år gamal, men den ha tydeleg demonstrert ei ekstrem politisk slagside, der dei diskriminerer landa i sør, og spesielt afrikanske land.

Avisa Los Angeles Times publiserte ein artikkel i 2016 som tydeleg illustrerte einsidigheita: «Berre afrikanarar har blitt stilte for retten for dei verste brotsverka på Jorda.»

Same år rapporterte den kanadiske statsmediekanalen CBC: «Den internasjonale straffedomstolen står overfor afrikanske nasjonars eksodus [sic?] for anklagar om rasisme».

CBC erkjente at «ni av dei 10 sakene som no er under etterforsking av ICC, er baserte i Afrika».

Bare Afrikanere stilles for denne domstolen, nå også Putin.

Burundi, Gambia og Sør-Afrika fordømde ICC som ein rasistisk institusjon og sverga på at dei ville trekke seg ut av domstolen.

Informasjonsministeren til Gambia sa at ICC «er eigentleg ein internasjonal kaukasoid domstol («International Caucasian Court»), på grunn av forfølginga og fornedringa av farga menneske, spesielt afrikanarar».

I 2016 trekte Gambia seg ut av domstolen.

Sør-Afrika trekte seg og ut – sjølv om Høgsrerett i landet seinare oppheva tilbaketrekkinga.

I 2017 rådde Den afrikanske unionen medlemmane sine til å forlate ICC.

Afrikanske intellektuell har sidan kontinuerleg anklaga ICC for å vere ein nykolonialistisk institusjon.

Den gambiske ICC-sjefsanklagaren Fatou Bensouda verka prøve å endre på domstolens omdøme, då ho opna etterforskinga av USAs og NATOs krigsbrotsverk i Afghanistan og Israels krigsbrotsverk på dei okkuperte palessstinske territoria.

Trump-administrasjonen slo tilbake med sanksjonar og truslar. Israels mørkeblå statsminister Benjamin Netanyahu responderte med grunnlause skuldingar om at ICC var «anti-semittiske».

Men forsøka til Bensouda – så minimale dei enn var – vart forpurra då hennar ni-årige åremål gjekk ut i 2021.

Ho vart erstatta av ICCs noverande sjefsanklagar, Karim Ahmad Khan, ein britisk advokat.

Khan er bror til høgrevingspolitikaren Imran Ahmad Khan, tidlegare parlamentsmedlem for UK Conservative Party (som tilfeldigvis og er dømd for pedofili).

Karim Khan

Nesten med det same etter at Karim Khan tok over ICC, stoppa han etterforskinga av USAs og NATOs krigsbrotsverk i Afghanistan and Israels krigsbrotsverk på okkuperte palestinske territorium.

Pressebyrået Reuters siterte den afghanske menneskerettsaktivisten Horia Mosadiq, som kalla avgjerda til Khan for «ei fornærming mot tusentals andre offer for brotsverka til afghanske regjeringsstyrkar og US-amerikanske styrkar og NATO-styrkar».

Khan hevda i 2021 at ICC sleit med ein mangel på ressursar, og i staden ville fokusere på «omfanget av og naturen til brotsverk innanfor domstolens jurisdiksjon».

Men utskrivinga av ein arrestordre mot presidenten av Russland – ein ikkje-medlem – for påståtte ugjerningar begått i Ukraina – som heller ikkje er full medlem – motseier tydeleg det Khan sa om at han ville fokusere på «brotsverk innanfor domstolens jurisdiksjon».

Media i Israel avslørte at Israel, som ikkje er medlem av ICC, hadde «arbeidd hardt i kulissane» for å presse land som er med i domstolen til å velge Khan til sjefsanklagar.

I 2022 lovpriste Times of Israel Khan. «Den nye sjefsanklagaren til ICC har til dags dato ikkje kome med ei einaste kunngjering eller ein ainaste aksjon med tanke på Israel/Palestina,» skreiv dei.

Fatou Bensouda

Den israelske avisa la nervepirrande til: «Mange israelske offisielle tenestemenn trur at Bensouda allereie ville ha gått til aksjon, og kanskje til og med ha skrive ut arrestordre, dersom ho hadde halde fram i stillinga si etter det ni-årige åremålet.»

ICC er ikkje eit FN-organ – ICJ er det

Washingtons opposisjon mot Den internasjonale Domstolen går tilbake til før den ein gong hadde offisielt opna i 2002.

På den siste dagen av år 2000, berre tre veker før åremålet hans gjekk ut, signerte USAs president Bill Clinton Roma-statutten som la grunnlaget for ICC. Men etterfølgaren hans, president George W. Bush «avsignerte» seinare traktaten.

Bush-administrasjonen førte deretter ein politisk krig mot det nyoppretta ICC.

Erkeneokonservative John Bolton, som hjelpte til med styringa av Bush sitt utanriksdepartement, kalla USA si tilbaketrekking frå ICC «det gledelegaste som skjedde under regjeringstenesta mi». (Bolton trua og familiemedlemmane til sjefen for Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen, José Bustani, då han sa «Vi veit kor barna dine bur».)

Sjølv lobbyist-gruppa Human Rights Watch, som er finansiert av milliardær-oligarkar og er berykta for sine pro-Vestlege fordommar, åtvara i juli 2022 om at «prinsippet for universell rettferd er framleis under alvorleg trussel frå Washington». Og det var før US government godkjende den notoriske «Haag-invasjonslova».

Etter Bush har presidentane Obama, Trump og Biden nekta å igjen skrive under på Roma-statutten, noko som betyr at USA ikkje er medlem av ICC.

Etter at Trump utnemnde Bolton til sin nasjonale sikkerheitsrådgivar, lova den neokonservative hauken i 2018:

«Vi tilbyr framleis ingen assistanse til ICC. Vi vil ikkje slutte oss til ICC. Vi vil la ICC døy ut på eiga hand. Eigentleg er ICC pratisk talt allereie daude for oss.»

John Bolton er kjent for sin forkjærlighet for invasjoner og bombing.

Bolton gjekk så langt at han trua med å arrestere ICC-dommarar og anklagarar: «Vi vil forby dommarane og anklagarane deira frå å kome inn i USA, vi vill legge sanksjonar på midla deira i det US-amerikanske finansielle sytemet, og vi vil forfølge dei i USAs strafferettssystem. Vi vil gjere det same mot alle selskap eller statar som assisterer ei ICC-etterforsking mot amerikanarar.»

Berre 123 land er medlemmar av ICC. (FN anerkjenner 193 land på Jorda, så det betyr at færre enn to tredelar er med i ICC, og desse nasjonane representerer færre enn halvparten av den globale befolkninga.)

Prominente land som ikkje deltar inkluderer USA, Israel, Ukraina, Russland, Kina, India, Pakistan, Indonesia, Etiopia, Cuba, Vietnam, Tyrkia, Saudi-Arabia og Qatar.

Trass ei vanleg misforståing, er ICC ikkje eit FN-organ. Domstolen er uavhengig av FNs offisielle juridiske grein, Den internasjonale domstolen (International Court of Justice, ICJ).

Medan ICC vart grunnlagt i 2002, opna ICJ i 1945. Medverkande til forvirringa er det faktum at dei begge er lokaliserte i den nederlandske byen Haag.

ICJ fører prosessar ved disputtar mellom statar, medan ICC fokuserer på individ.

Men ICJ har vore noko handlingslamma på grunn av det fundamentale problemet med strukturen til FN: permanente medlemmar av Sikkerheitsrådet kan bruke vetoretten sin til å blokkere at domstolens avgjerder blir implementerte.

USA har gjort nøyaktig dette, og effektivt kastrert ICJ.

I 1984 tok Nicaragua USA til Haag for støtta deira til Contras, dei høgre-ekstreme dødsskvadronane som systematisk brukte terrorisme mot sivile i forsøk på å med vald styrte den sentral-amerikanske nasjonens revolusjonære Sandinist-regjering.

Contras: USA-finansiert terrorgrupper for å destabilisere Nicaraguas regjering som ikke danset etter USAs politiske pipe.

I saka Nicaragua vs. United States of America, fann ICJ Washington skuldig i brot mot Folkeretten, med støtta til Contra-terroristane og minelegging av Nicaraguas hamner.

ICJ gav ordre om at USA skulle betale Nicaragua skadeerstatning. Men Washington nekta å gjere det, og brukte vetoretten sin i Sikkerheitsrådet til å hindre at dommen vart implementert.

Omsett og avkorta av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no