Derimot: De beskylder deg aldri for å lyge. De beskylder deg for å være antisemitt. – Derimot
derimot.no:
Kvifor?
Av Hans Olav Brendberg
Craig Murray stilte eit godt spørsmål her om dagen, som alle som har evne til å tenkja logisk greier svara på. Libanon har ikkje noko luftvern. Israel flyg som dei sjølve vil over Beirut.
So kvifor bombar israelske fly libanesiske bustadblokker midt på natta?
Alle forstår jo kvifor – kva som er skilnaden mellom natt og dag i ei vanleg bustadblokk. Så grunnen ligg oppe i dagen. På same vis som vi veit kvifor 220 lækjarar og ambulansepersonell er drepne i den israelske bombinga i Libanon.
Hizbollah svarar sjølvsagt ikkje med same mynt. Dei kastar ikkje bort verdifull ammunisjon mot sivile mål. Dei sender rakettene og dronene mot militære mål. Medan den israelske krigføringa rettar seg konsekvent mot sivile mål: Bustadblokker, sjukehus, ambulansar og liknande. Og når dei skal bombe ei bustadblokk, gjer dei det gjerne om natta.
Det er med andre ord ikkje spesielt vanskeleg å forstå kvifor den internasjonale krigsforbryterdomstolen har etterlyst Netanyahu og Galant. Det er ingenting her som ikkje er lett synleg, for den som ønskjer sjå etter. I talen til nasjonen etter åtaket 7. oktober gjorde Netanyahu alt klart: Dette var ein krig mot «Amalek». Og kven er det? Det er ei bibelsk folkegruppe. Ei av dei 613 pliktene i ortodoks jødedom, er plikta til å utrydda Amalek. Plikta til å gjennomføra folkemord.
Og krigen mot Amalek held fram. Palestinske lækjarar blir valdtekne til daude i israelsk fangenskap. Avid «Hamas brukar endetarmen deira som sivile skjold»? Nei avdi dette er ein krig mot sivile, og heile tida har vore det.
Kvifor slutta ikkje Stalin fred då tyskarane nådde Volga? Avdi fred ikkje var noko alternativ. Han var ikkje i posisjon til å velja. Palestinarane freista slutta fred på nittitalet. Det var ei feilvurdering av historiske proporsjonar. Du kan ikkje slutta fred med ein folkemordsideologi. Det er ikkje mogleg. «Fredsprosessen» møtte med ein gong hindringar som fortalde kva dette handla om.
Baruch Golstein var ein amerikansk-jødisk lege som den israelske hæren hadde freista kvitta seg med. Kvifor? Golstein insisterte på at han som truande jøde nekta å gje livreddande hjelp til ikkje-jødar. Også om dei var israelske soldatar. Hæren meinte dette var brot på grunnleggjande, militær disiplin. Men Golstein hadde vener «høgare opp» som hindra at han vart stilt for standrett og kasta ut av hæren.
Tidleg i fredsprosessen gjekk han inn i Ibrahimmoskeen i Hebron og skaut vilt inn i folkemengda, drap 29 og skada mange titalls fleire før han til slutt vart uskadeliggjort. Dette er ein av heltane til dagens israelske regjering. Kva førte massakren den gongen til? Den førte til at palestinarane i Hebron fekk utvida portforbod, slik at kompisane til Golstein kunne operere friare. Eit par år etter marsjerte busetjarungane i Hebron gjennom byen på Purim, utkledd som Golstein.
Kva slags «fred» er det når massemordarar av dette slaget blir gjort til feira heltar, medan hæren gjev maksimal tryggleik til dei som hånar ofra for massakren? Og ingen treng vera i tvil om kva slags ideologi dette er – Golstein sin posisjon var at det var forbode for jødar å gje livreddande hjelp til ikkje-jødar.
Eg såg akkurat ein videosnutt der Gabor Mate svarar på eit spørsmål frå ei eldre, israelsk kvinne. Som snakkar om korleis Hamas «steikte ungar i steikeomn, dreiv med massevaldtekt og halshogging» den 7. oktober. Ho gjer altså palestinarane kollektivt ansvarlege for ugjerningar som aldri har skjedd, som er eit produkt av israelsk fantasi og propaganda.
Dette er ikkje noko nytt. Valdtektene under pogromene i det gamle Russland skjedde heller ikkje – dei var eit produkt av fantasi og propaganda. Og eit produkt av den same ideologien som gjorde at Golstein meinte han plikta å ikkje redda livet til ikkje-jødar. For slik har det vore heile tida. Denne ideologien kjem aldri til å gje veslefingeren til upartisk sanningssøkjing. All kritikk – riktig og uriktig, sakleg eller usakleg – er «antisemittisme».
Det er difor dei alltid skuldar deg for å vera «antisemitt», aldri for å vera løgnar.
Artikkelen er hentet fra Facebook
Forsidebilde: iStock