Derimot: CIA-analytiker om Russlands nye våpen: Som et kjernefysisk våpen uten giftige bivirkninger. – Derimot
derimot.no:
Putin dreg ein full “Billy Jack” mot Vesten
Av Larry C. Johnson
Folk som er fødde før 1970 har sannsynlegvis aldri høyrd om Billy Jack. Eg samanlikna Vladimir Putin med Billy Jack under eit par intervju i dag og tenkte kanskje eg burde sikre at det yngre publikummet [dei under 50] forstår kva eg meiner. Filmen Billy Jack, med Tom Laughlin i hovudrolla, slo overraskande godt an i 1973. Laughlins karakter, Billy Jack, var ein halv-indianar som søkte rettvise for dei innfødde amerikanarane i Nord-Dakota. Det er eit moderne David mot Goliat -tema (eg kan ikkje tru at filmen no er blitt 50 år gamal). Her er den episke scena eg refererte til: Billy Jack – 1971 movie – fight scene in park
Kva har Putin med Billy Jack å gjere? Det er ein metafor for Oreshnik-missilet. Putins tale på torsdag, etter avdekkinga av Oreshnik’en med dei multiple, nesten simultane, nedslaga på Yuzhmash-verket i Dnipropetrovsk, gav tydeleg beskjed om at dersom Vesten held fram med å skyte ATACMS’ar, Storm Shadow’ar eller SCALP-missil inn i Russland, så vil Russland slå tilbake med Oreshnik’en, og det finst ikkje ein ting i verda de kan gjere for å stoppe det. På same vis som med Billy Jack sin høgre fot. Wham!
Eg trur Oreshnik er ein spel-endrar i alle betydningar av ordet. Den er presis. Den har slagkrafta til eit taktisk atomvåpen utan å trenge radioaktivt materiale til å starte ein kjedereaksjon. Den skapar ikkje ei massiv eldkule eller ei giftsky som kan blokkere sola. Det er ein genuint ny type strategisk våpen.
Oreshnik kan påføre massiv øydelegging på eit ganske stort område (til dømes 2-3 kvadratkilometer, som i tilfellet Yuzhmash) utan å forårsake sivile massetap – gitt at dei sivile har blitt evakuerte etter førehandsvarsel. Med andre ord: den øydeleggande krafta til eit taktisk atomvåpen med presisjonen til ein snikskyttars kule. Som professor Ted Postol sa under eit intervju med Danny Davis sist fredag: «Eg har aldri sett noko liknande.» Og best av alt: det finst ikkje eit einaste luftvernsystem i Vesten som er i stand til å stoppe det. Det er det eg meiner når eg kallar det ein spel-endrar, game changer.
Dagens tre intervju diskuterte ulike aspekt av Oreshnik og kva retning krigen i Ukraina tar. Eg starta dagen med Nima og Judge Napolitano og avslutta den med Danny Davis’ Deep Dive. (Forresten: gratulasjonar til Danny, som no har 100.000 abonnentar.) Kos dokker.
Omsett av Monica Sortland