Derimot: Brussel vil ha EU-verneplikt til ukrainakrigen.Ungarn gir flyktninger fra Ukraina en trygg havn. – Derimot

derimot.no:

Ungarsk utanriksminister: Brüssel kan kalle inn ungdommar frå heile EU til å kjempe (og døy!) i Ukraina

Ramon Tomey i Natural News rapporterer:

Ein tenestemann i den ungarske regjeringa har åtvara at Brüssel kan innføre verneplikt for ungdommar i heile Den europeiske unionen (EU) for å kjempe på fronten i Ukraina, midt oppi det stigande dødstalet i konflikten mot Russland.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Den ungarske utanriksministeren Peter Szijjarto kom med denne åtvaringa etter eit møte med andre utanriksministrar frå blokka. Ifølgje han kan dei høge tapsratane blant ukrainske styrkar kombinert med vanskane Kiev har med å kalle inn si eiga befolkning, få Brüssel til å gripe inn. Dersom dette skulle skje, kan EU kalle inn ungdommar – for det meste dei som bur i geografisk nærleik tol Ukraina – for å kjempe mot russiske soldatar.

Peter Szijjarto

«Ukrainske tap blir meir og meir uuthaldelege,» sa Szijjarto til ungarske media. «Ukrainske menn får ikkje lov til å reise ut av Ukraina, og no ønskjer dei å verve europeiske ungdommar til krigen.»

«Og openbert, sidan denne eskaleringa råkar nabolaget fyrst, kan ein nesten tydeleg høyre argumentet om at soldatar burde bli sendt frå det geografiske nærområdet fyrst. Alt dette tydar er at dei ønskjer å sende ungdommar frå Sentral-Europa til krigen med obligatorisk europeisk militærteneste.»

Szijjarto ville ikkje yt med kva slags utanriksministrar eller EU-statar som utforskar moglegheita for eit europeisk vernepliktsforsøk. Derimot har fleire land sagt at dei vil vurdere å sende sine eigne soldatar til Ukraina dersom Moskva skulle få eit gjennombrot på den ukrainske fronten. Desse inkluderer Frankrike, der president Emmanuel Macron gjentekne gonger har antyda behovet for å sende NATO-soldatar til Ukraina, og dei tre baltiske statane – Estland, Latvia og Litauen.

«Eit langsiktig mål til det venstreliberale etablissementet i Brüssel er danninga av ein EU-militærstyrke, inkludert å fjerne avgjerdstakingsprosessen om forsvar frå medlemsstatar og sentralisere den i Brüssel. Under slikt eit forslag kan eit potensielt vernepliktsforsøk oppstå som gjeld for alle EU-medlemsstatar,» skreiv ReMix News.

Ungarn seier NEI til obligatorisk EU-verneplikt

Under sitt intervju med ungarske media skildra utanriksministeren ein ekstremt intens atmosfære i Utanriksministerrådet i Brüssel i forkant av Europaparlamentsvalet i juni. Ifølgje Szijjarto vart stemninga amper då dei som var til stade byrja å diskutere å gje 6,5 milliardar euro (7,03 milliardar dollar) [74,47 milliardar kroner] til Ukraina. Han avviste forslaget av den grunnen at det vil eskalere den pågåande Russland-Ukraina-krigen, men fekk reprimande frå dei andre landa for det.

«Det var litt av eit styr der. Innanriksministrane frå Tyskland, Litauen, Irland, Polen og andre kollegaer stod saman mot meg når det gjaldt det emnet, men dette kunne ikkje rokke ved ståstaden vår trass ropa frå Europa sine pro-krigspolitikarar,» fortalde utanriksministeren. «Dei trur at dersom dei roper frå fleire retningar, so vil eg seie ‘det er greitt, det er bra’. Derimot burde dei allereie kjenne oss godt nok til å vete at dette ikkje kjem til å skje.»

Szijjarto gjentok at han kom til å vere sterk motstandar av alle forsøk på å innføre ei europeisk verneplikt. «Lat Sentral-Europa vere, lat ungarske ungdommar vere,» sa han. «Vi vil ikkje tillate at ungarske ungdommar blir involverte i krigen, fordi dette ikkje er vår krig.»

Tidlegare kom Szijjarto sin kollega, den ungarske vise-statsministeren Zsolt Semjen òg med lovnad om å tilby ei trygg hamn for ukrainarar som rømde frå Kiev si drakoniske verneplikt. Under eit intervju 6.mai med den ungarske kringkastaren ATV, sa han at Budapest «ikkje kom til å utlevere flyktningar til Ukraina», og dermed spare unge soldatar frå denne kjøtkverna av ein krig mot Russland. […]

«Vi undersøkjer ikkje om personen, ifølgje ukrainarane, er kalla inn eller ikkje,» sa vise-statsministeren. «Basert på grunnleggjande medmenneskelegheit, vil vi ikkje tillate at dei blir sendt i døden. Kvar flyktning frå Ukraina er fullstendig trygg hjå oss og vil motta all naudsynt hjelp.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsidebilde: Mets

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...