Derimot: Britisk professor: Munnbind var uten vitenskapelig grunnlag. Fremkalte frykt, ikke beskyttelse. – Derimot
derimot.no:
Professor Angus Dalgleish: Covid-responsen til Australia var GALSKAP!
Rhoda Wilson på nettstaden The Exposé melder:
Professor Angus Dalgleish, ein anerkjent kreftlege frå St George’s University i London, har offentleg kritisert covid-responsen til Australia som «absolutt hårreisande», «galskap» og «vemmeleg».
I eit intervju med Ben Fordham på 2GB radio førre torsdag, uttrykte professor Dalgleish si sterke usemje med landet sine nedstengingar, karantenetiltak, munnbindpåbod og vaksineretningslinjer.
Professor Dalgleish sa at nedstengingar oppnådde lite eller ingen fordel når det gjaldt å redusere covid-tilfelle og dødsfall. Og hotellkarantene, som vart innført i Australia, var ineffektivt, ei sløsing med pengar og redda ikkje nokon liv. Han argumenterte at det berre forseinka den naturlege flokkimmuniteten, som alltid var det beste forsvaret mot covid.
Professor Dalgleish lovpriste tilnærminga Sverige hadde, og sa at det var det einaste landet som «hadde rett på lang sikt». Han viste til Sveriges tilnærming som ein meir pragmatisk og effektiv strategi; landet fokuserte på å beskytte dei eldre medan dei tillét samfunnet å fungere normalt, og dette resulterte i ein lågare overtalsdødsrate samanlikna med andre vestlege land.
Professoren stilte spørsmål ved det vitskaplege grunnlaget for å gå med munnbind utandørs, og sa at sjølv dei beste munnbinda har store nok hòl til at dei største virusa kan kome seg gjennom. Han trudde at munnbind vart brukt for å framkalle frykt, heller enn å bidra med meiningsfull beskyttelse.
Professor Dalgleish sa at vaksinar ikkje redda liv slik ein påstod. Dei vart innført for seint og hadde ikkje ein betydeleg effekt på å redusere covid-tilfelle og dødsfall. Han kritiserte i tillegg retningslinjene om obligatorisk vaksinasjon, og skildra dei som «totalitære» og «orwellianske». Vaksineretningslinjene var «rein, skjer blindskap og galskap», sa han.
På den andre sida hindrar vitamin D at viruset forårsakar sjukdom. Medan junior-legar og sjukepleiarar rundt han var vekke frå arbeid i vekevis med symptom, vart professor Dalgleish aldri sjuk sjølv. Han testa seg og han hadde ein «særs sterk T-celle-respons på viruset». Med andre ord hadde han blitt smitta, men han opplevde aldri nokon symptom. «Eg trur grunnen er at eg tok nok D-vitamin slik eg hadde gjeve alle andre råd om å gjere,» sa han.
Radioprogrammet kan lyttast til her.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidebilde: iStock