Derimot.no

Derimot: Ble syk etter 2. dose. Starter gruppe for vaksineskadde.

derimot.no:

Karl-Erik Hordnes startar arbeidsgruppe for vaksineskadde

Innlegget er hentet fra Saksyndig.

Hemali sin redaktør Julia Schreiner Benito publiserte 18. mars ein artikkel om vaksineskadde Karl-Erik Hordnes, som har starta arbeidsgruppe for å hjelpe medmenneske i same situasjon som han sjølv. 43-åringen, som bur i Arna utanfor Bergen, har vore plaga med biverknader etter at han fekk andre dosen med Pfizer sin mRNA-vaksine i august 2021.

Helseplagane kom brått i september same år, og inkluderer nummenheit i armar, bein og ansikt, utmatting, hjernetåke, konsentrasjonsproblem med meir. Han er 60% sjukemeldt frå jobben sin som konsulent, og har etter eiga utsegn byrja på arbeidsavklaringspengar. Han kan ikkje lenger gå i fjellet, trene, spele fotball eller følgje opp barna sine slik han gjorde før – «mye faller på min gode kone», seier han sjølv.

Han er av den oppfatninga at denne «vaksinen» aldri skulle ha blitt gjeve til unge, friske menneske. Dei skandaløse koronasprøytene er nok ein gong aktuelle, i og med at Regjeringa har beslutta å følgje Folkehelseinstituttet (FHI) si anbefaling om ny oppfriskningsdose til dei som er 75 år eller eldre og sjukeheimsbebuarar dersom det har gått meir enn seks månader sidan førre dose. FHI ser på det som sannsynleg at same aldersgruppe vil ha behov for ny oppfriskningdose òg til hausten, før vintersesongen 2023-24.

Hordnes vart intervjua av TV 2 i haust, og delte artikkelen på Instagram i 2022, dette for å (med hans eigne ord) gje tala på biverknader eit ansikt. I samband med at han modig sto fram på denne måten, har fleire andre kontakta han og fortalt at dei slit med same helseplagane som han sjølv. Han meiner det er ein skandale at styresmaktene ikkje gjer meir for vaksineskadde; alt dei har gjort til no, er å registrere biverknader og «følgje med» på situasjonen.

Vaksineskader er tabu-tema i de store mediene.

Tabu er et slags forbud, en forestilling om at en gjenstand, et begrep, en person eller en gruppe ikke må nevnes eller røres ved. I vanlig språkbruk brukes tabu om forbud som har sin rot i konvensjoner eller moral og ikke i lovverket.

Det at Regjeringa i byrjinga av 2021 pressa på for at flest mogleg skulle late seg vaksinere, og regelrett hengte ut dei som ikkje ville det, framstår no i eit temmeleg kleint lys, i og med at hjelp til dei som har fått liva sine øydelagde av «vaksinane» har fullstendig uteblitt. Riksmedia skriv so å seie aldri om vaksineskadar, og det ser ut som om helsestyresmaktene ikkje vil vedkjenne seg dette store problemet. Vaksineskade er blitt elefanten i rommet som ingen tør å peike på i frykt for å misse sitt gode namn og rykte og bli mobba. Som Hordnes sjølv fortel til Hemali:

«Jeg er ikke alene om å ha blitt korona-vaksineskeptisk og å ha mistet tillit til våre helsemyndigheter. Det tror jeg vil påvirke folks vilje til å la seg vaksinere neste gang, for en liknende pandemi vil nok trolig skje igjen. Våre helsemyndigheter har et troverdighetsproblem, både på grunn av en forhastet vaksine, men også for manglende vilje og evne til å rydde opp i det vaksinene forårsaker.»

Målet med arbeidsgruppa, som har namnet VaxVeritas, er å få fram sanninga om baksida til «vaksinane» og påverke styresmaktene til å gje konkret hjelp til vaksineskadde. I den anledning ønskjer Karl-Erik Hordnes og kona kontakt med ekspertar og helsepersonell for å gje fagleg tyngd til gruppa i eit framtid møte med styresmaktene.

Karl-Erik Hordnes kan kontaktast på telefon 97 562 365 eller e-post karlerikh@hotmail.com

Forsidebilde: Helena Lopes

Les artikkelen direkte på derimot.no