Derimot: Ble svært populær på kort tid.Ny dokumentarfilm om avdøde med merkelige blodpropper.

Derimot.no

derimot.no:

Av Kennedy Hall, LifeSiteNews. Omsett av og henta frå saksyndig.

Ein ny dokumentar med tittelen Died Suddenly har blitt sett meir enn tre millionar gonger på mindre enn 24 timar [4,7 millionar gonger per 23.november 2022; oms.an.]. Dokumentaren vart produsert av Stew Peters Network og vart publisert på Rumble.

Gjennom filmen blir sjåaren vist ymse vitnesbyrd av balsamerarar rundt om i den engelskspråklege verda som alle bekreftar stor førekomst av fiberproppar i blodårene til mange avdøde individ som vart vaksinerte med ei eksperimentell covid-sprøyte.

Ein av balsamerarane i filmen, Robert Hirschman, vil nok vere kjent for dei som har følgt den veksande mengda vitnesbyrd relatert til den merkelege proppdanninga. Hirschman har vore open om si erfaring med fibervekstane hjå dei avdøde i fleire månader.

I tillegg til å forklare dei ulike typane proppar han har funne, viste han òg samlinga si av proppane som han har fjerna frå lik, og bileta er slåande.

Ein av grunnane til at han vart nysgjerring på kva som kunne bli funne i vaksinerte personar, var oppdaginga hans av at det ofte var tilfelle at vaksinert blod hadde ein sandaktig konsistens, som han oppdaga då han drenerte kroppane for blod i forkant av gravferder.

Det «ser ut som blodet er skite», sa han, «nesten som det har fine sandkorn.»

Ein annan balsamerar med meir enn ti års erfaring gjentok Hirschman sine tankar, og sa at det såg ut som «blod på strandsand, det klistra seg til bordet.»

Då Hirschman vart spurt kvifor han og so mange andre balsamerarar bestemte seg for å stå fram, forklarte han at dersom dei ikkje gjorde det, kunne ingen, med tanke på at etter at dei [lika] har blitt gravlagde, kan ikkje der finne stad noka etterforsking. «Dei døde kan ikkje snakke for seg,» sa han.

Ein amerikansk balsamerar sa at, sjølv om han risikerte å misse føretaket sitt ved å gjere det, det var viktig å snakke ut på ein eller annan måte. «Vi knyter saman punkt her,» sa han. «Det ser vitterleg ut som om det er eit forhold mellom vaksinen og desse hindringane som vi stadig ser.»

Filmen viste òg ymse varslarar frå det amerikanske militæret som uttrykte bekymring om kva som kunne skje med troppar på lang sikt utifrå det faktum at sprøytene har blitt påbodne for dei fleste soldatar.

Varslar oberstløytnant dr. Theresa Long sa: «I mine 15 år som lege som tek meg av soldatar, har eg aldri sett denne myriaden av øydeleggjande og potensielt dødelege medisinske tilstandar blant soldatar. Desse tilstandane inkluderer slag, forbigåande iskemiske åtak, perikarditt, myokarditt, ujamn hjarterytme, arrytmi, raskt oppståtte og raskt progredierande kreftformer, inkludert testikkelkreft, matrøyrkreft, hjernesvulstar, kognitiv svekking, alvorleg insomni som ikkje går over, undertrykking av immunforsvaret, uprovoserte blodproppar i galleblære- og portalvena, vaskulær nekrose, leversvikt, menstruasjonsforstyrringar og spontanabortar.»

Long trudde òg at det innan fem år ville vere mangel på soldatar for ein aktiv hær dersom verst tenkjelege scenario vart sant.

Filmen presenterte òg meininga til filmskaparane om korleis det kunne ha seg at farlege sprøyter som forårsakar merkelege proppar har blitt prakka på befolkninga i slikt eit omfang.

Produsentane viste klipp av Bill Gates sine meiningar om at ein måtte lågne verdas befolkning ved hjelp av vaksinar, so vel som ymse klipp frå hovudstraumsmediekjelder som ser ut til å fremje befolkningskontroll-ideologien til den britiske filosofen Thomas Malthus.

I tillegg ser det ut som produsentane prøvde å presentere ei mogleg forteljing for å forklare korleis sprøytene er del av eit større forsøk på å avfolke verda.

LifeSiteNews tek ikkje ein redaksjonell ståstad som støttar alle påstandane frå filmen, men mykje av det som vart presentert om farlege covid-sprøytereaksjonar samsvarer med informasjon som LifeSiteNews har rapportert om sidan sprøytene vart rulla ut.

Til sjuande og sist kan lesaren sjå filmen for å sjølv vurdere informasjonen som filmskaparane presenterer.

Forsidebilde: Nick Fewings

7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.

Post Views: 26

Les artikkelen direkte på derimot.no