Derimot: Ble kravet til sikker utprøving av vaksinene forlatt?Ble fortjeneste prioritert fremfor helse?

Derimot.no

derimot.no:

Pfizer-representant antydar at selskapet ikkje visste om Covid-sprøyter ville stoppe smitte.

Av Ashley Sadler, LifeSiteNews. Omsett av og henta frå saksyndig.

I møte med ein spesialkomité i Europaparlamentet denne veka, såg ein Pfizer-representant med ei leiande stilling i selskapet ut til å ikkje vete om deira masseproduserte og ofte obligatoriske mRNA-Covid-19-sprøyter ville stoppe overføring av viruset, men pressa dei gjennom likevel for å halde følgje med «vitskapens hastigheit».

Janine Small (Skjermdump)

Pfizer-president for internasjonale utvikla marknader, Janine Small, kom med kommentaren under eit spesialkomitémøte måndag [10.oktober 2022] i Europaparlamentet i Brüssel, som svar på spørsmål frå den nederlandske Europaparlamentsmedlemmen (MEP) Rob Roos og den kroatiske MEP Ivan Sincic, ein open motstandar mot Covid-19-«vaksinepass».

Både Roos og Sincic spurde ei rekkje spørsmål under komitémøtet, inkludert om Pfizer hadde utført uavhengig verifiserte forsøk på legemiddelet før dei vart rulla ut på den europeiske marknaden.

På eitt punkt bad Roos Small eksplisitt om å kome med eit «klart svar» på om Pfizer-Covid-sprøyta hadde blitt «testa om det stoppa overføring av viruset før det kom på marknaden».

«Dersom ikkje, ver venleg å seie det tydeleg,» sa MEP-en.

«Når det gjeld spørsmålet om kor vidt vi visste om det stoppa immunisering før det kom inn på marknaden, nei,» svarte Small medan ho lo.

«Desse, veit de, vi måtte verkeleg bevege oss i vitskapens hastigheit for å verkeleg forstå kva som finn stad på marknaden,» sa ho, og la til at selskapet «gjorde alt i risiko».

Det er ikkje klart om Small kan ha meint noko anna, til dømes om den dalande effektiviteten til sprøytene, med tanke på at ho bytta ut ordet «overføring» [transmission] med «immunisering» [immunization] i svaret sitt.

LifeSiteNews sendte førespurnad til Pfizer for tydeleggjering, men har enno ikkje høyrt frå dei.

På tysdag la Roos ut ei videomelding via Twitter der han argumenterte for at Small sitt svar beviste at den farmasøytiske kjempa sin leiarskap ikkje visste om sprøytene ville stoppe overføring av viruset før dei sleppte laus det ofte påbodne legemiddelet en masse.

«I ei COVID-høyring i det europeiske parlamentet, innrømte ein av Pfizer sine direktørar akkurat til meg: då dei vart introduserte, hadde vaksinane aldri blitt testa på å stoppe overføring av viruset,» sa Roos.

red and white pen on green textile
Det å være vaksinert med en vaksine som ikke hindret smitte skulle være grunnlag for å hindre mange mennesker å delta i samfunnet

«Dette fjernar heile det juridiske grunnlaget for COVID-passet,» argumenterte han. «COVID-passet som førde til massiv institusjonell diskriminering då menneske miste tilgang til essensielle delar av samfunnet.»

«Eg synest dette er sjokkerande, til og med kriminelt,» sa Roos. «Millionar av menneske over heile verda kjende seg tvinga til å late seg vaksinere på grunn av myten om at ‘du gjer det for andre’. No visste det seg å vere ei simpel løgn.»

Roos sin reaksjon ser ut til å ha si støtte i MEP-en Sincic, som republiserte videoen på tysdag.

Small si tilsynelatande innrømming på måndag stikk hòl i legitimiteten til tidleg innsats av folkehelsetilsette og politikarar for å presse menneske til å ta sprøytene i ein påstått innsats for å hindre spreiing av COVID til andre.

Det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC)-direktør Rochelle Walensky, var blant mange topp-«ekspertar» i USA som insisterte på at det store fleirtalet av menneske som hadde blitt «fullvaksinerte» ikkje kunne få eller overføre Covid-19. USAs president Joe Biden gjekk deretter hen og overdreiv påstanden til Walensky, og hevda feilaktig at folk som hadde teke sprøyta ikkje kunne spreie Covid til andre.

brown wooden blocks on white table
Det var mange løgner fra ledere med autoritet som ble brukt til å presse folk til å ta vaksinene.

Argumentet gav truverd til innsatsen til USA og andre land for å krevje at folk vart injiserte med dei eksperimentelle sprøytene før dei fekk lov å ta del i det sosiale liv.

Derimot, meir enn eit år etter utrullinga av Pfizer-sprøytene, har FDA sagt at sjølv om «ein håper» at Pfizer-COVID-sprøytene ville stoppe eller i det minste halde tilbake spreiinga av viruset, «veit ikkje det vitskaplege samfunnet enno om Pfizer-BioNTech COVID-19-vaksinen vil redusere denne overføringa.»

I august gjekk CDC so langt som å gjere heilomvending i sine tidlegare retningslinjer, ved å tilrå at «fullvaksinerte» burde bli behandla på same måte som uvaksinerte, delvis på grunn av høge nivå av naturleg tileigna immunitet.

I mellomtida hadde Roos og Sincic sin argumentasjon når det gjeld ulovlegheita til vaksinepåbod om legemiddela ikkje stoppar overføring av viruset, òg blitt sett fram tidlegare i år av den franske virologen og 2008-Nobelpris-vinnaren Luc Montagnier og tidlegare jusprofessor ved Yale, Jeb Rubenfeld.

I ein meiningsartikkel for The Wall Street Journal i januar, sa Montagnier og Rubenfeld at «det ville vere irrasjonelt, juridisk uforsvarleg og i strid med offentlege interesser for regjeringa å påby vaksinar i fråvær av noko som helst evidens for at vaksinane er effektive i å stoppe spreiinga av patogenet som dei har som mål.»

Redaksjonen har lag til bilder m/tekst

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 19

Les artikkelen direkte på derimot.no