Derimot: Bildet av den uovertrufne staten rakner.Houtiene treffer i hjertet av Israel med drone. – Derimot

derimot.no:

Droneangrep på Tel Aviv etterlater éin død og minst ti skadde

Israels militær seier dei etterforskar angrepet og korfor forsvarssystemet til landet ikkje greidde å avverge «luftangrepet».

Al Jazeera, 19. juli, 2024

Jemens Houthi-gruppe har tatt på seg ansvaret for droneangrepet mot Tel Aviv, Israel, som drap éin person og skadde minst ti.

Ein talsperson for dei væpna Houthi-styrkane sa i eit innlegg på sosiale medium på fredag at den Iran-tilknytte gruppa hadde som mål å «råke ‘Tel Aviv’ i okkuperte Palestina». Ifølge innlegget var det brukt ein ny drone som er «i stand til å unnvike avskjeringssystem, og som ikkje kan oppdagast av radar».

Det israelske militæret sa dei hadde opna etterforskning på den svære eksplosjonen i nærleiken av USAs ambassades kontor i byen, og at dei ville finne ut korfor landets luftvernsystem ikkje var aktiverte og kunne hindre at målet vart råka.

«Vi snakkar om ein svær UAV [unmanned aerial vehicle, ubemanna luftfarty] som kan fly svære distansar,» fortalde ein militær talsperson til journalistar etter angrepet. «Akkurat no utelukkar vi ingen moglegheiter.» Israels luftvåpen har auka patruljane for å «beskytte himmelen over landet,» sa militæret i eit innlegg på sosiale medium.

Israels forsvarsminister Yoav Gallant lova hemn.

Yoav Gallant ønsker hevn i motsetning til Nelson Mandela som ønsket forsoning.

«Vi vil gjere opp med kvar og ein som skadar Staten Israel eller rettar terror mot den,» siterte Israels Arméradio (Galei Tzahal, kjend som Galatz) Gallant på. Israelsk politi sa at liket til ein mann var funne i ein bustad nær eksplosjonen, og at omstenda vart etterforska.

Bilde frå eksplosjonsstaden viste knust glas strøydd utover fortaua og grupper av tilskodarar som hadde samla seg nær eit bygg som bar preg av eksplosjonsskadar. Staden var avsperra med politi-teip. Al Jazeeras Mohammed Jamjoom rapporterte frå Doha, Qatar, og sa at angrepet har skapt ei ny fryktbølge i Israel. Den israelske regjeringa har gitt Al Jazeera forbod mot å kringkaste frå landet.

«Staden som vart råka av dronen er i ein del av byen som er veldig nær avdelingskontoret til den US-amerikanske ambassaden. Det er eit område som er svært tett befolka, eit høg-sikkerheitsområde,» sa Jamjoom.

Viss det blir stadfesta at dronen kom frå Houthiane, og at den flaug uoppdaga gjennom Israels radarsystem, «vil det bli mange folk i Israel som uroar seg over kva det inneber,» sa Jamjoom.

«Korleis kunne dette skje samtidig som landet er så på alerten?»

Den israelske militære talsmannen Daniel Hagari sa dei vil vurdere droneangrepet over dei neste dagane for å justere forsvarsverka sine og bestemme seg for ein passande «offensiv respons». Den israelske opposisjonspolitikaren Yair Lapid sa at angrepet var «endå eit bevis for at denne regjeringa ikkje veit og ikkje kan gi tryggleik til innbyggarane av Israel».

«Dei som mistar avskrekking i nord og sør, mistar den også i hjartet av Tel Aviv. Det finst ingen politikk, ingen planar, berre PR og diskusjonar om seg sjølve. Dei [regjeringa] må gå,» skreiv leiaren for sentrumspartiet Yesh Atid på X.

Houthiane har gjentatte gongar fyrt av dronar og missil mot Israel og mot Israel-tilknytt skipsfart i Raudehavet og Aden-golfen som støtte til palestinarane under Israels krig mot Gaza. Fram til tidleg fredags morgon har alle forsøka til Houthiane på å råke Israel blitt avskorne av enten israelsk forsvar eller Vestlege allierte med styrkar utstasjonerte i regionen, rapporterte nyheitsbyrået Associated Press.

Hizbollah i sør-Libanon har også trappa opp angrepa mot militære mål i nord-Israel, og seier at også dei handlar i solidaritet med palestinarane under Israels krig mot Gaza, som har tatt livet av nesten 39 000 menneske. Etter det siste drone-angrepet helsa Hizbollah utviklinga velkomen som «ein triumf for det undertrykte palestinske folket og krigarane deira».

Dei sa og at dei jemenittiske krigarane støtta «dei heroiske» palestinske krigarane i Gaza, som for sin del forsvarer «alle våre folk og i arabiske og islamske nasjonar». Gruppa sa at kampen ikkje vil stoppe før «aggresjonen mot og kringsettinga av det palestinske folket på Gazastripa har stoppa».

Den palestinske Mujaheddin-rørsla hylla også Houthi-rebellane for «ein ny heroisk operasjon» mot Israel, og la til at palestinarar set pris på den «trufaste» støtta til Gaza.

Omsett av Monica Sortland

https://www.aljazeera.com/news/2024/7/19/drone-attack-on-israels-tel-aviv-leaves-one-dead-at-least-10-injured

Kjelde: AL JAZEERA og nyheitsbyrå, https://www.aljazeera.com/news/2024/7/19/drone-attack-on-israels-tel-aviv-leaves-one-dead-at-least-10-injured

Forsidebilde: iStock

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...