Derimot: Befolkningen blir ikke informert. Ny FN-avtale er undertegnet. – Derimot
derimot.no:
Media teier om FN si «Pakt for framtida»
I staden druknar dei oss med nonsens og skremslar medan vi sakte men sikkert blir omforma til einingar som lar seg kontrollere av den digitale verdshjernen
The Pharos Chronicles – Jacob Nordangård, PhD 18. september 2024
På sundag ( 22.09) vil ei «pakt for framtida» (Pact for the Future), bli signert av verdsleiarane på «Framtidas toppmøte» (Summit of the Future) i New York. Pakta tar sikte på å «oppgradere det multilaterale systemet» (dvs. FN-systemet) og tilpasse det til «framtidas utfordringar» (dvs. gi det meir makt) ved hjelp av teknologi og KI-system (som vil gi det evna til å sjå kva som kjem til å skje, «foresight capabilities»).
Trass i den verdsendrande betydninga av dette historiske toppmøtet, har media i Sverige ikkje nemnd eit ord om det. I våre leiande dagsaviser, til dømes Dagens Nyheter og Svenska Dagbladet – ikkje eitt ord. Heller ikkje frå vårt offentlege kringkastingsselskap SVT.
(Den same stilla omkransa vedtaket om Agenda 2030 på FN-toppmøtet i september 2015 – heilt til etterpå, då det var for seint å unngå propagandaen om måla for berekraftig utvikling (Sustainable Development Goal). Den historiske signeringa av det strategiske. partnarskapet mellom FN og Verdsøkonomisk forum (WEF) i juni 2019 greidde óg å halde seg heilt under radaren.)
Kva med den politiske arenaen?
Den einaste referansen som kan finnast på nettsidene til det svenske parlamentet, er til eit møte i European Union Committee (EU-nämnden), der statssekretær Diana Janse informerte medlemmane om at førebuingane til Framtidas toppmøte skulle diskuterast med EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Josep Borell, under eit møte i Foreign Affairs Council i Brussel den 7. mai.[1]
På dette møtet var den svenske regjeringa meint å gi ei utgreiing om sine prioritetar. Den svenske representanten var den svenske diplomaten Mikaela Kumlin Granit, sjef for Sveriges EU-representasjon i Brussel sidan 2023.[2]
Med andre ord blir ikkje utanrikssaker handsama av ministrane våre, men i staden av diplomatkorpset.
Vi kan difor gå utifrå at det truleg er veldig få av våre valde politikarar som har nokon kunnskap om Pakta.
Sjølv på regjeringas nettsider er det ein utruleg mangel på informasjon om Pakta og Toppmøtet. Og det er sjølv om Sverige (saman med Zambia) har hatt hovudansvaret med å forhandle om ordlyden i vedlegget Global Digital Compact. Sverige sitt oppdrag har blitt leidd av FN-diplomaten Anna Karin Eneström.[3]
Psychopaths of the World United. Rebuilding Trust at the World Economic Forum.
.
For nokre dagar sidan gav statsministeren vår Ulf Kristersson ein kort tale under FNs Summit of the Future Global Call der han las følgande opp frå teleprompter:
«Pakt for framtida» representerer vår felles forplikting om å sikre eit inkluderande, rettferdig og effektivt multilateralt system som er klar for oppgåva og for framtida.»
Talen inneheldt alle standardfrasane og moteorda som marionett-«leiarane» våre stadig gjentar. Ifølge taleskrivaren til Kristersson, burde pakta «promotere ei inkluderande, berekraftig, rettvis og trygg digital framtid for alle» med mål om å verne oss mot klimakatastrofar og oppnåing av berekraftsmål.
Ironisk nok nemnde Kristersson også at demokratiet er i nedgang i verda, men sannsynlegvis reflekterer han ikkje over det faktum at han sjølv er ein representant for den udemokratiske verdsordenen som vil bli sementert med signeringa av Pakta. Dette illustrerer han dessutan godt sjølv, når han henvender seg til “excellences and colleagues” og ikkje til folket han er vald til å representere. Talen har ikkje blitt publisert i nokre av regjeringas offisielle kanalar, og der finst heller ingen informasjon på om han skal delta på toppmøtet i New York denne helga.
Som leiar for (tidlegare konservative) Moderaterna, vart Kristersson invitert til Bilderberg-møtet i 2019, medan forgjengaren hans, Magdalena Andersson, deltok på møtet i Portugal i 2023 (saman med mellom andre den før nemnde Josep Borell).[4] Det er desse interessene som leiarane våre til sjuande og sist tener. Dei er Paktas eigentlege opphavsmenn.
Den svenske velgarmassen har ikkje blitt spurde om kva dei meiner om denne pakta; dei har blitt haldne fullstendig i mørket. Dette er ein æra der informasjon kan spreiast over heile verda med lysets fart. I staden blir vi overfløymde med nonsens og skrekkpropaganda, medan vi sakte blir omforma til kontrollerbare einingar under det overvakande auget til den digitale verdshjernen.
Og no eit spørsmål til lesarane mine. Korleis er situasjonen i ditt land? Har det vore noka mediedekning og/eller politiske debattar om Pakta der? Del gjerne informasjonen i kommentarfeltet.
*
Fotnotar
[2] consilium.europa.eu/media/hqdfmchq/20240507facdevpresslist.pdf
[4] bilderbergmeetings.org/meetings/meetings-overview/2020
Omsett frå engelsk av Monica Sortland
The original source of this article is The Pharos Chronicles – Jacob Nordangård, PhD
Copyright © Jacob Nordangard, The Pharos Chronicles – Jacob Nordangård, PhD, 2024
Forsidebilde: iStock