Derimot: Bedre å ikke bruke det.Begrepet «antisemittisme» blokkerer enhver diskusjon. – Derimot
derimot.no:
Antisemittisme finst ikkje
Av Hans Olav Brendberg
Ein av dei viktigaste tankeflokane i verda er komplett umogleg å finna att-fram på for utdanna, vestlege menneske. Tankefloken er knytt til det grovt manipulative omgrepet «antisemittisme», og industrien som er bygt opp kring dette omgrepet.
Poenget er at du forstår verda mykje betre om du rett og slett berre kastar dette omgrepet – «antisemittisme» – på historias skraphaug. Alt blir enklare å forstå om du byrjar her. Eg seier ikkje at floken er blir enkel, eller at alt blir enkelt å forstå. Til det ligg det alt form mykje historie under overflata. Men om du forkastar ordet «antisemittisme», blir det i det minste mogleg å greia opp floken so nokolunde.
Merk kva eg ikkje seier, når eg hevdar at antisemittisme ikkje finst.
Seier eg at folkemordet på førtitalet ikkje skjedde? Nei.
Seier eg at jødar ikkje har vorte utsett for rasisme? Nei.
Seier eg at jødar ikkje har vorte forfølgt, og fordrive frå mange land? Nei.
Seier eg at ein ikkje har hatt grove stereotypiar av «det jødiske» i kristen kultur? Nei.
Det eg seier er at desse omgrepa: Stereotypiar, pogromar, massedrap, rasisme, forfølgjing og alle dei andre er heilt brukbare – også når dei som blir råka er jødar. Når det gjeld alle desse – ulike – fenomena fungerer omgrepet «antisemittisme» om lag som orda «dings» og «greie»: Som ein ganske tydeleg indikasjon på at du har eit upresist og omtrentleg tilhøve til det du pratar om.
Men ordet «antisemittisme» har fleire skadeverknader enn dette. Det finst fleire handelsminoritetar i verda enn jødane. I Søraust-Asia har den kinesiske diasporaen tradisjonelt spela ei rolle som var forbausande parallell med den rolla jødane spela i mange europeiske samfunn. Og dei har vorte råka av dei same stereotypiane – og dei same pogromane.
Var dei då utsette for «antisemittisme»? Sjølvsagt ikkje. Omgrepet «antisemittisme» har her same funksjon som eigennamn: Ei umedviten hindring for generalisering og analyse. «Jon er lat og uheldig. Vi kjenner jo Jon.» Når ein gjev sosiale fenomen eigennamn, stoppar analysen med eigennamnet.
Likeeins med «antisemittisme»: Kvifor gjekk middelalderens krossfararar til åtak på jødar i Rhindalen? Antisemittisme. Kvifor var den spanske inkvisisjonen på jakt etter nykristne som praktiserte jødisk religion i løynd? Antisemittisme. Kvifor vart jødar avbilda med stereotype og fordomsfulle bilete i fortidas kunst? Antisemittisme. Kvifor dreiv fransk høgreside agitasjon mot jødisk samansverjing under Dreyfus-saka? Antisemittisme.
Og vips – så har eg forklart ei mengd svært ulike og komplekse konfliktar – utan at eg treng å læra noko, og utan at eg treng å vita noko. Eg har ei rett-i-koppenforklaring som fungerer som erstatning for kunnskap og forståing – og som blir godteken som erstatning for kunnskap og forståing. Simsalabim!
Denne «forklaringa» fungerer i tillegg som ein slags idehistorisk konstant: «Antisemittisme» er til alle tider og på alle stader forklaringa på negative ting som råkar jødar. Anten du snakkar om konfliktar i Crown Heighs i Brooklyn i dag, eller i oldtidas Alexandria.
Og her er vi ved kjernen av omgrepet «antisemittisme»: Grunnen til at omgrepet har hatt dette gjennomslaget, er at det er eit omgrep som tilhøyrer teologien – ikkje samfunnsvitskapen.
Jødedom er til sjuande og sist ein religion. Det er ein religion som handlar om eit «utvald folk». Gud er Gud for alle – men han har berre valt ut nokre som «hans folk». Dei andre er ikkje nokon han bryr seg om på same måte. Ein del retningar i jødedomen meiner at «dei andre» er heilt under Satan.
At Satan og «hans» skapningar hatar jødar er ikkje spesielt merkeleg innanfor eit slikt verdsbilete – det er akkurat slik ein forventar. Dette hatet treng ikkje noko forklaring – men det er nyttig å gje det eit namn. «Antisemittisme». Og sidan dette handlar om teologi: Slik «det jødiske folket» si historie er historia om Guds nærvær på ein elles fortapt og gudsforlatt klode, er det sjølvsagt ikkje greit å samanlikna med td. kva som har råka kinesarar i Søraust-Asia. «Antisemittisme», «holocaust» og alt det andre er «unikt», avdi det å vera «utvald folk» handlar om å vera unike.
Omgrepet «antisemittisme» handlar altså om å laga eit samleomgrep for mange ulike fenomen. Dette samleomgrepet fungerer som eigennamn, og blir godteken som kvasiforklaring i staden for verkeleg analyse. Og det fungerer som hand i hanske med dei stereotypiane som tradisjonelt har rådd grunnen innetter i jødisk samfunn om «dei andre» – «goyim» – som hatefulle og vonde. Og til sjuande og sist er alt dette berre ei terminologisk oppdatering av doktrinen om jødane som «utvald folk».
Det er tragisk at diskusjonen har enda opp her. Les ein td. Bernhard Lazares «Antisemittismens historie» frå 1890-talet, finn ein nett den typen samanliknande analyse og tvisynt skarpsyn som desse spørsmåla krev. Lazare var arkitekten bak kampanjen for frifinning av Dreyfus. Men han hadde ikkje noko nostalgisk eller naivt tilhøve til jødisk religion og historie, og dydsframvising var ikkje hans greie.
Men omgrepet «antisemittisme» – og det maskineriet som er bygt opp rundt det – fungerer som ei sterk hindring for denne typen meiningsfull disksjon og analyse. Ein av Lazares yngre samtidige var Hillaire Belloc. Boka hans om desse spørsmåla – «The Jews» – kom rett etter første verdskrig. Det er ein skarp og historiemedviten analyse, vel verdt å lesa også i dag. Er den katolske konservative Belloc kritisk til jødane si rolle i britisk politikk? Ja. Og det at han er kritisk, er nok til at han kan utstyrast med etiketten «antisemitt», heilt uavhengig av om det han skriv er godt grunngjeve. Og heilt uavhengig av om den typen barbari som greip makta i Tyskland ti år etter var Belloc fullstendig framand. Omgrepet «antisemittisme» gjer det mogleg å stappa alt frå intelligent kulturkritikk og analyse til pøbelvelde og valdsprofetar i same sekk – og knytta sekken igjen.
Så nei – antisemittisme finst ikkje. Ordet har heller ikkje nokon brukbar definisjon. Men det er ein del av systemet av «herskande tankar» på dette området – eit system som garanterer for at venstreopposisjon i Storbritannia er umogleg. Som garanterer for at tre millionar menneske mellom Jordanelva og Middelhavet er rettslause undersåttar. Som garanterer at nokre av dei farlegaste og mest grenselause ideologane i USA har klyppekort i det utanrikspolitiske establishmentet.
Det er ein integrert del av ein mektig ideologi.
Innlegget er hentet fra Facebook
Forsidebilde: iStock