Derimot.no

Derimot: Bangladesh-uroen dreier seg ikke bare om interne konflikter. Landet trekkes nå inn i regional stormakt-rivalisering. – Derimot

derimot.no:

Analyse av regimeskifteforløpet som styrta den lengesittande statsministeren i Bangladesh

av Andrew Korybko

Global Research,7. august, 2024

Her er gangen i korleis alt utfalda seg – frå starten av denne sommarens først fredelege, studentleidde demonstrasjonar mot den juridiske gjeninnsettinga av eit omstridt statleg arbeidskvotesystem til levenet med urban terrorisme som til slutt tvinga landets lengesittande leiar til å flykte for livet til India.

Folk flest veit ikkje stort anna om Bangladesh enn at det er eit sørasiatisk land som nett har opplevd eit regimeskifte, men det er også verdas åttande mest befolka land med ein av verdas største tekstilindustriar og ei høg geostrategisk stilling. Bangladesh grensar til Indias nordaustre delstatar, som er tilknytt «hovudlandet» via «Kyllinghalsen», som berre er omlag 2 mil brei på det smalaste, og nokre av desse delstatane har hatt problem med etno-separatistisk uro i fleire år.

Sheikh Hasina er en bangladeshisk politiker og tidligere statsminister i Bangladesh. Hun ble i 1981 valgt som president i det politiske partiet Awami-ligaen. Wikipedia

Den tidlegare bangladeshiske statsministeren, Sheikh Hasina , var alliert med India, men dyrka samtidig nære band med Kina og USA.

Ho delte Indias statsminister Narendra Modis visjon om regional utvikling, så ho gav India transitt-rettar for å lette handelen med dei nordaustre delstatane der. Hasina hindra og at landet hennar skulle bli brukt av militante grupper som Delhi har stempla som terroristar, og ho slo ned på religiøse radikalarar og.

Sjølv om økonomien til Bangladesh vaks raskt under hennar leiarskap, vakta ho landets stabilitet med streng kustus, noko som opprørde stadig fleire islamistiske ungdommar som meinte regjeringas søksmål mot opposisjonen var «anti-demokratisk bruk av rettsapparatet». Tryggingstenestenes kontroversielle metodar auka motstanden og førte til sist til sanksjonar frå USA, som allereie hadde surna på grunn av den multipolare balansegangen hennar.

Dei siste 14 månadane har banda hennar til USA blitt forverra etter at ho anklaga landet for å hisse til regimeskifte mot ho i april 2023, følgd av at Russland uttrykte uro i november om at USA kanskje ville organisere ein Fargerevolusjon under valet i januar 2024, som opposisjonen boikotta. For mindre enn tre månadar sidan kom Hasina med kraftige insinuasjonar om at USA var det Vestlege landet som ho meinte dreiv renkespel for å utmeisle ein kristen proksystat i regionen etter at ho hadde nekta dei ein marinebase i landet.

Kort tid etterpå, seint i juni, gjeninnsette Høgsterett det omstridde offentlege arbeidskvotesystemet som hadde blitt erklært illegalt i 2018. Det vart den utløysande faktoren for mobiliseringa av ein stor del av folket, som tok til gatene for å protestere mot avgjerda. Denne rørsla var først driven av studentar, men vart raskt supplert med opportunistiske medlemmar av opposisjonen, av Vesten framdyrka element frå sivilsamfunnet, og religiøse radikalarar, og det heile kulminerte i at ho trekte seg og flykta landet denne veka:

Analysen over dokumenterer regimeskiftesekvensen som fann stad, som heldt fram etter at kvotesystemet vart nedtrappa og lykkast på grunn av at opprørarane tok sjansen på at dei væpna styrkane ikkje ville ty til våpen for å hindre at svære grupper storma parlamentet og palasset hennar. Også vanlege bangladesharar, utan tilknytning til opposisjonen, religiøse radikalarar eller utlandske krefter, kasta seg inn i protestane etter å ha blitt opprørte av bilde av statsvald mot demonstrantar som var tatt ut av samanheng.

Denne taktikken er karakteristisk for Fargerevolusjonar, og den vart brukt av valdelege opprørarar som mange mistenker for å tilhøyre det forbodne Jamaat-e-Islami , som er allierte med opposisjonspartiet Bangladesh Nationalist Party (BNP), til å provosere sikkerheitstenestene til bruk av våpenmakt som siste utveg for å gjenopprette tryggleiken på gatene. Dei folka som slutta seg til uroen etter å ha sett bilda, vart uforvarande «menneskelege skjold» som hindra sikkerheitstenestene i å gjenta den nemnde metoden av frykt for å drepe fredelege demonstrantar.

Sjølv om sosiale media vart forbodne og det vart innført portforbod, var det framleis mange som kom over desse bilda, og ei ukontrollerbar stor folkemengd av rasande innbyggarar tok til gatene og tvinga sikkerheitstenestene inn i dilemmaet eg nett skildra og til å trekke seg tilbake. Hasina flykta då det vart klart at ho ikkje kunne stole på at sikkerheitstenestene kunne beskytte ho og oppretthalde regjeringa ho leidde. Deretter følgde hemnande politisk vald og angrep på den hinduistiske minoriteten.

India uroar seg over moglegheita for at Bangladesh atter skal bli det uvenlege landet det var under BNP, og igjen huse terrorist-grupper som ein del av ein stor proksy-krig mot denne oppstigande stormakta. Pakistan sitt hat mot India er velkjent, Kina er trekt inn i ein bitter grensedisputt med India, og USA er rasande over at India ikkje vil underkaste seg til å bli ein vasall ved å dumpe Russland og kjempe mot Kina på deira vegner, så alle tre har sine grunnar til å straffe dei.

Interessene deira kan difor konvergere i Bangladesh og utgjere ein seriøs trussel mot India sin tryggleik og territoriale integritet. I eit slikt verste-fall-scenario ville den kombinerte effekten av dei politiske tiltaka deira – enten dei er koordinerte eller uavhengig kunngjorte – vere å sabotere Indias framgang som Stormakt, og såleis representere eit stort maktspel i  Den nye kalde krigen. Det er for tidleg å seie om dét vil skje, men det kan ikkje utelukkast – heller ikkje av India, som held eit nært blikk på krisa i nabolandet.

Omsett av Monica Sortland

Copyright © Andrew Korybko, Global Research, 2024

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar