Derimot: Bakhmut-nederlaget. Et avgjørende vendepunkt i Ukraina-krigen?

Derimot.no

derimot.no:

ER BAKHMUTS FALL EIT PRELUDIUM TIL UKRAINAS FALL?

Av Larry Johnson 

Larry Johnson er x-CIA analytiker.

Det løftet varte i éin månad før det gjekk ut på dato. Den seige prosessen med å ta kontrollen over den strategisk viktige byen Bakhmut, nærmar seg slutten, og no prioriterer det russiske militæret opprydding og fanging av overgitte ukrainske einingar som enno er i byen. Bakhmut er ikkje like økonomisk viktig som Mariupol, som russarane erobra førre mai, men byen er geografisk viktig. Det var derfor ukrainarane kjempa så desperat for å halde på den, og brukte titals tusen soldatliv i det fåfengde forsøket.

Leiaren for Wagner, Prighozhin, fortalde i dag at ukrainske troppar

«gjorde fullt tilbaketog frå austbanken i Bakhmut. Krigarane til Wagner PMC starta operasjonar for å rydde området for dei gjenverande soldatane, som sannsynlegvis ikkje ville greie å trekke seg.

I tillegg starta vusjnik’ane tilbaketrekking frå resten av byen via sidevegar, etter at «musikarane» tok kontroll over hovudforsyningslinjene.

https://t.me/DonbassDevushka/46870

Her er ei video-dagbok over dei to siste månadane, som dokumenterer Zelenskys skifte om viktigheita av Bakhmut:

Merk dykk særleg det han seier 52 sekund ut i videoen. Zelensky får soldatane til å signere eit ukrainsk flagg som han seinare skal vise Nancy Pelosi på slutten av talen sin til U.S. Congress i januar:

Eg vil rose Matt Van Dyke, ein US-amerikansk leigesoldat som støttar Ukraina, for hans ærlege vurdering. Sjølv om han enno klamrar seg til trua på at Ukraina på mirakuløst vis til sist vil drive russarane ut av Ukraina, innrømmer han at tida er i ferd med å renne ut for forsvararane av Bakhmut.

Matt Van Dyke fortalde Judge Napolitano i dag (fredag) at Bakhmut hadde falle i hendene på russarane.

Bakhmut markerer for andre gong sidan starten på den spesielle miliæroperasjonen at Ukraina ikkje har greidd å stoppe eit omfattande russisk angrep, og er ute av stand til å mønstre ein motoffensiv for å redde styrkane som sit i fella. Første gong var i Mariupol. Det angrepet var leidd av tsjetsjenske avdelingar i den russiske arméen. Då Mariupol var sikra, og dei ukrainske troppane hegna inn, vart tsjetsjenarane omplasserte til dei bakre linjene for kvile og restitusjon.

Nett som tsjetsjenarane gjorde i Mariupol, gjekk Wagner-gruppa i spissen for det russiske angrepet i Bakhmut. Eg er ikkje kjend med planane til den russiske generalstaben, men viss det som har skjedd var prologen, så vil eg tru at Wagener-gruppa vil bli trekt ut, slik tsjetsjenarane vart, og sendt til eit trygt område i baklinjene for å kvile ut og kome til krefter att.

Skaden som er påført det ukrainske militæret, er forbløffande. Jeffrey Sachs tvitra dagen etter om tapstala til Ukrainas væpna styrkar, som CNN hadde fått frå kjelder i den ukrainske generalstaben:

Viss desse tala stemmer, så er dei ukrainske tapa, inkludert sakna og tilfangetatte, på over 600 000. Om ein skulle anta at tapstala berre er halvparten så store, så er dei likevel sjokkerande høge. For eit år sidan kunne ein lese på Yahoo News:

«Ukraina har 250 000 soldatar i aktiv teneste, pluss 290 000 reservistar og 50 000 paramilitære einingar som kan aktiverast i ein konflikt med Russland.

https://news.yahoo.com/better-trained-better-equipped-know-193749574.html

Under fjoråret innrullerte Ukraina hundretusentals nye rekruttar, men desse nye soldatane blir sende til fronten med minimal opptrening. Ukraina har ikkje dei mengdene trente, erfarne soldatar som trengst til å mønstre ein massiv motoffensiv. Personellmangelen blir forverra av Vestens manglande evne til å levere nok ammunisjon og utstyr til å halde intense operasjonar gåande.

Ifølge Andrei Martyanov, som har gode kjelder i Russland, har dei 300 000 reservistane som vart innkalla i august, enno ikkje blitt utplasserte til frontlinjene. Det betyr enkelt og greit at Russland har ein massiv fordel når det gjeld personell, tanks, artilleri ammunisjon, missil og kampfly.

Fallet til Bakhmut er eit stygt slag i trynet, ikkje berre for Ukraina, men óg for USA og NATO. Det dannar opptakten til at Vesten kan kome til å gjere noko desperat, medan Russland nøyer seg med å fortsette å pulverisere det som er att av det ukrainske militæret.

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: iStock

13 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 13 ganger.

Post Views: 32

Les artikkelen direkte på derimot.no