Derimot: Bakgrunnen for energikrisen i Europa: «Det grønne skiftet.»
derimot.no:
Selv om denne artikkelen er skrevet for mer enn et år siden er den utrolig aktuell når en ser på den energikrisen som akkurat nå utspiller seg i Europa som følge av «Det Grønne Skiftet» og sanksjonene mot Russland.
Redaksjonen
Den «store nullkarbon»-konspirasjonen og WEFs «Great Reset»
Av F. William Engdahl. Henta frå Global Research. Omsett av og henta frå saksyndig.
Fyrst publisert med framsyn 8. februar 2021.
Det globalistiske Davos World Economic Forum proklamerer naudsynet av det å nå eit verdsomspennande mål om «netto nullkarbon» innan 2050. Dette høyrer for det meste heime i ei fjern framtid og burde difor i stor grad ignorerast. Likevel gjer forvandlingar som er undervegs frå Tyskland til USA til tallause andre økonomiar, klar scena for danninga av det som på 1970-talet vart kalla Den nye internasjonale økonomiske ordenen.
I røynda er dette ein sjablong for teknokratisk totalitær korporativisme, ein som lover enorm arbeidsløyse, av-industrialisering og økonomisk kollaps gjort med vilje. Ta bakgrunnen til vurdering.
Klaus Schwab sitt World Economic Forum (WEF) fremjar for tida favorittemnet sitt, Den store tilbakestillinga [The Great Reset] av verdsøkonomien. Nøkkelen til alt dette er det å forstå kva globalistane meiner med netto nullkarbon innan 2050.
EU fører an løpet, med ein vågal plan for å bli verdas fyrste «karbonnøytrale» kontinent innan 2050, og redusere sine CO2-utslepp med minst 55% innan 2030.
I eit innlegg frå august 2020 på bloggen sin, skreiv den sjølvutnemnde globale vaksine-tsaren Bill Gates om den komande klimakrisa:
«So frykteleg som denne pandemien er, kan klimaendring bli verre… Den relativt vesle nedgangen i utslepp dette året gjer éin ting klart: vi kan ikkje oppnå nullutslepp ved å berre – eller til og med aller mest – fly og køyre mindre.»
Med eit regelrett monopol på hovudstraumsmedia, so vel som sosiale media, har den globale oppvarmingslobbyen kunne leie mykje av verda til å anta at det beste for menneskeheita er å eliminere hydrokarbon, inkludert petroleum, naturgass, kol og til og med den «karbonfrie» kjernekraftelektrisiteten innan 2050, at vi håpefullt kan unngå ein auke på 1,5 til 2 grader Celsius i verdas snittemperatur. Der er berre eitt problem med dette. Det er dekke for ein annan, diabolsk agenda.
Opphavet til «global oppvarming»
Mange har gløymt den opphavlege vitskaplege tesen som vart framsett for å rettferdiggjere eit radikalt skifte i energikjeldene våre. Det var ikkje «klimaendring». Jorda sitt klima endrar seg konstant, korrelert til endringar i utslepp av solstormar eller solflekk-syklusar som påverkar klimaet på Jorda.
Rundt tusenårsskiftet då dei tidlegare soldrivne oppvarmingssyklusane ikkje lenger var til stade, flytta Al Gore og andre forteljinga i eit språkleg krumspring over til «klimaendring», frå global oppvarming. No har fryktforteljinga blitt so absurd at alle avvikande vêrfenomen blir behandla som «klimakrise». Kvar orkan eller vinterstorm blir hevda å vere bevis på at klimagudane straffar oss syndige CO2-utsleppande menneske.
Men vent. Heile grunnen for denne overgangen til alternative energikjelder slik som sol- eller vindkraft, og det å gå vekk frå karbon-energikjelder, er deira påstand om at CO2 er ein drivhusgass som på eit eller anna vis svevar opp i atmosfæren der den dannar eit teppe som visstnok varmar jorda under opp – global oppvarming. Drivhusgassutlsepp, ifølgje det amerikanske Environmental Protection Agency, kjem for det meste frå CO2. Altso fokuset på «karbon-fotavtrykk».
Det som nesten aldri blir sagt, er at CO2 ikkje kan drive opp i atmosfæren frå bileksos eller kolkraftverk eller andre menneskeskapte opphav. Karbondioksid er verken karbon eller sot. Det er ein usynleg, luktfri gass som er essensiell for plante-fotosyntese og alle livsformer på jorda, inkludert oss. CO2 har ei molekylær vekt på litt over 44 medan luft (hovudsakleg oksygen og nitrogen) har ei molekylær vekt på berre 29.
Den spesifikke tyngda til CO2 er rundt 1,5 gonger større enn luft. Det vil antyde at CO2-eksosgassar frå køyretøy eller kraftverk ikkje stig opp i atmosfæren rundt 20 kilometer eller meir over jordas overflate for å danne den frykta drivhuseffekten.
Maurice Strong
For å setje pris på kva slags kriminell handling som utfaldar seg i dag rundt Gates, Schwab og forkjemparar for ein påstått «berekraftig» verdsøkonomi, må vi gå tilbake til 1968 då David Rockefeller og venner skapte ei rørsle rundt ideen at menneskeleg forbruk og befolkningsvekst var hovudproblemet i verda. Rockefeller, som hadde skapt rikdommen sin ut av olje, skapte den ny-malthusianske Club of Rome i Rockefeller-villaen i Bellagio, Italia. Deira fyrste prosjekt var å finansiere ein tullestudie ved MIT kalla Limits to Growth i 1972.
Ein nøkkelorganisator til Rockefellers «nullvekst»-agenda på tidleg 70-tal var hans årelange venn, ein kanadisk oljemann ved namn Maurice Strong, òg ein medlem av Club of Rome. I 1971 vart Strong utnemnt til undersekretær i FN og generalsekretær på Stockholm Earth Day-konferansen i 1972. Han var òg forvaltar [trustee] i Rockefeller-stiftinga.
Maurice Strong var ein tidleg nøkkel-spreiar av den vitskapleg ubegrunna teorien om at menneskeskapte utslepp frå transportkøyretøy, kolkraftverk og landbruk forårsaka ein dramatisk og akselererande auke i den globale temperaturen som trugar sivilisasjonen, sokalla global oppvarming. Han fann opp det elastiske uttrykket «berekraftig utvikling».
Som leiar av FNs Earth Day-konferanse i Stockholm i 1972, fremja Strong befolkingsreduksjon og lågning av levestandard rundt om i verda for å «redde miljøet». Nokre år seinare sa den sjølvsame Strong:
«Er ikkje det einaste håpet for planeten av de industrialiserte sivilisasjonane kollapsar? Er ikkje det ansvaret vårt å sjå til at det skjer?»
Dette er agendaen som i dag er kjent som Den store tilbakestillinga/Great Reset eller FNs Agenda 2030. Strong skapte deretter FNs interstatlege panel rundt klimaendring (IPCC: The UN Inter-governmental Panel on Climate Change), eit politisk organ som fremjar den ubeviste påstanden om at menneskeskapte CO2-utslepp var i ferd med å dytte verda over i ugjenoppretteleg økologisk katastrofe.
Medgrunnleggjar av Club of Rome, dr. Alexander King, innrømte det essensielle bedrageriet til deira miljømessige agenda nokre år seinare i boka si The First Global Revolution. Han skreiv:
«Gjennom jakta på ein ny fiende for å foreine oss, fann vi på at ideen om forureining, trugselen om global oppvarming, vassmangel, hungersnaud og liknande ville passe inn… Alle desse farane er forårsaka av menneskeleg inngripen, og det er berre gjennom endra åtferd og haldningar at dei kan bli overvunne. Den ekte fienden er dermed menneskeheita sjølv.»
King innrømte at «trugselen om global oppvarming» berre var eit knep for å rettferdiggjere eit åtak på «sjølve menneskeheita». Dette blir no rulla ut som Den store tilbakestillinga og netto nullkarbon-manøveren.
Alternativenergi-katastrofe
I 2011, etter råd frå Joachim Schnellnhuber ved Potsdam-instituttet for klimapåverknadsforsking (PIK), gjorde Angela Merkel og den tyske regjeringa vedtak om totalforbod mot kjernekraftelektrisitet innan 2022, som del av ein regjeringsstrategi frå 2001 ved namn Energiewende eller Energi-vending, for å lite på sol- og vindkraft og andre «fornybare energikjelder». Målet var å gjere Tyskland til den fyrste «karbonnøytrale» energinasjonen.
Strategien har vist seg å vere ein økonomisk katastrofe. Frå å ha eit av den industrielle verdas mest stabile, lågkostnads og billegaste kraftskapingsnett, har Tyskland i dag blitt verdas dyraste straumskapar. Ifølgje den tyske energiindustriforeininga BDEW, vil Tyskland seinast innan 2023 når det siste kjernekraftverket stengjer, stå overfor straummangel.
På same tid blir kol, den største kjelda til elektrisk kraft, fasa ut for å nå netto nullkarbon. Tradisjonelle energiintensive industriar slik som stål, glasproduksjon, grunnleggjande kjemikaliar, papir og sementproduksjon, står overfor aukande kostnader og nedstengingar, eller offshoring og tap av millionar av faglærte jobbar. Den energiineffektive vind- og solkrafta kostar i dag 7 til 9 gonger meir enn gass.
Tyskland har lite sol samanlikna med tropiske land, so vind er sett på som hovudkjelda for grøn kraft. Ein treng eit digert input av betong og aluminium for å produsere sol- eller vindfarmar. Som treng billeg energi – gass, kol eller kjernekraft – for å produsere. Når dette blir fasa ut blir kostnadene svindyre, sjølv utan «karbonskatt».
Tyskland har allereie rundt 30 000 vindturbinar, meir enn nokon andre i EU. Dei gigantiske vindturbinane har alvorlege problem relatert til støy og infralyd-helserisiko for dei som bur nær dei digre strukturane, og fugleskade. Innan 2025 vil om lag 25% av dei eksisterande tyske vindmøllene måtte erstattast, og det å bli kvitt dei er eit kolossalt problem. Selskapa blir saksøkte når innbyggjarane innser kva for ein katastrofe dei er. For å nå mål innan 2030, innrømte Deutsche Bank nyleg at staten vil måtte skape eit «øko-diktatur».
På same tid pressar tyskarane på for å gjere slutt på bensin- og dieseltransport innan 2035 i favør av elektriske køyretøy, og dei er i ferd med å øydeleggje Tysklands største og mest profitable industri, bilsektoren, og utslette millionar av jobbar. Køyretøya som går på litium-ion-batteri, har eit totalt «karbon-fotavtrykk» som, når ein inkluderer effekten av å utvinne litium og produsere alle delane [til batteria], er verre enn [fotavtrykket til] dieselbilar.
Og mengda straum som må leggjast til for eit nullkarbon-Tyskland innan 2050, vil vere langt meir enn i dag, sidan millionar av batteriladarar vil trenge eit nett med påliteleg kraft. No byrjar Tyskland og EU å innføre nye «karbonskattar», visstnok for å finansiere overgangen til nullkarbon. Skattane vil berre gjere elektrisk kraft og energi endå dyrare, noko som sikrar at den tyske industrien kollapsar raskare.
Avfolking
Ifølgje dei som pressar fram nullkarbon-agendaen, er dette akkurat det dei vil: av-industrialiseringa av dei lengst framkomne økonomiane, ein kalkulert strategi som har pågått over fleire tiår som har som mål, som Maurice Strong sa, å føre til kollapsen av industrialiserte sivilisasjonar.
Å snu den noverande industrielle verdsøkonomien tilbake til ein vedfyrande, vindmøllebasert dystopi der straumbrot blir normalen slik det er no i California, er ein essensiell del av ei Nullstillingsforvandling under Agenda 2030: FN Global Compact for Sustainability.
Merkels klimarådgjevar, Joachim Schellnhuber, presenterte i 2015 den radikale grøne agendaen til pave Frans, brevet Laudato Si, som Frans sin utvalde til pavens vitskapsakademi. Og han gav EU råd om deira grøne agenda. I eit intervju frå 2015 erklærte Schnellnhuber at «vitskap» no har avgjort at den maksimale bereevna til ei «berekraftig» befolkning var rundt seks milliardar færre menneske:
«På ein særs kynisk måte er det ein triumf for vitskap fordi vi i det minste har stabilisert noko – nemleg estimata for bereevna til planeten, nemleg under ein milliard menneske.»
For å gjere det må den industrialiserte verda plukkast frå kvarandre. Christiana Figueres, ein bidragsytar til World Economic Forums Agenda, og tidlegare administrerande sekretær i FNs rammeverkskonvensjon for klimaendring, avslørte det sanne målet til FNs klimaagenda på ein pressekonferanse i Brüssel i 2015 der ho sa: «Dette er fyrste gong i menneskas historie at vi gjev oss sjølve i oppdrag å med overlegg endre den økonomiske utviklingsmodellen som har herska sidan Den industrielle revolusjonen.»
Figueres sine 2015-kommentarar gjev i dag gjenklang gjennom Frankrikes president Macron i World Economic Forums «Davos Agenda» i januar 2021, der han hevda at «under dei noverande mostenda, er kapitalistmodellen og open økonomi ikkje lenger gjennomførbare.» Macron, ein tidlegare bankier i Rothschild, påstod at «den einaste måten å kome seg ut av denne epidemien, er å skape ein økonomi som er meir fokusert på å eliminere gapet mellom rike og fattige.» Merkel, Macron, Gates, Schwab og venner vil gjere det ved å føre levestandardar i Tyskland og OECD ned til nivåa til Etiopia og Sudan. Dette er deira nullkarbon-dystopi. Å alvorleg avgrense flyreiser, bilkøyring, at folk flyttar på seg, stengje ned «forureinande» industri, alt for å redusere CO2. Det er nifst kor beleileg koronaviruspandemien gjer klar scena for Den store tilbakestillinga og FNs Agenda 2030 netto nullkarbon.
Forsidebilde: Lisa Luminaire
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 27