Derimot: Årsaken er uklar. Kreft blant yngre øker. – Derimot

derimot.no:

KREFTKRISE blant unge – «Ingen» i Big Pharma aner kvifor

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Ein ny studie avslører at millennials (dei som er fødde mellom 1981 og 1996) og Generasjon X (fødde mellom 1965 og 1980) har to til tre gonger høgare risiko for visse krefttypar enn tidlegare generasjonar. 17 av 34 kreftformer har hatt ein dramatisk vekst hjå relativt unge vaksne, inkludert kreft i livmora, bukspyttkjertelen og tarmen. Forskarar innrømmer at dei ikkje heilt veit årsaka, men miljøgifter, prosessert mat og skade på immunforsvaret er mistenkte. Innan amerikansk mediekultur har spesifikke namn på generasjonane vore i bruk lenge. Det som er verdt å merkje seg, er at høg alder ikkje ser ut til å spele noka rolle.

Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Ein skremmande ny studie har avslørt ein urovekkjande trend: millennials og Generasjon X har to eller tre gonger høgare risiko for å utvikle visse krefttypar samanlikna med tidlegare generasjonar på same alder. Forskarar slår alarm no når 17 av 34 krefttypar – inkludert aggressive former slik som kreft i tarmen, bukspyttkjertelen og livmora – veks dramatisk blant yngre vaksne. Medan tradisjonelle riskfaktorar slik som sjukeleg overvekt, prosesserte matvarer og ein inaktiv livsstil speler ei rolle, innrømmer vitskapsfolk at dei ikkje heilt forstår drivkreftene bak denne epidemien.

Mistenkte inkluderer miljøgifter, immunsystemskade frå vaksinar og plantemiddel, hormonforstyrrarar, og langtidseffektane av eit ultraprosessert kosthald. Desto meir bekymringsfullt aukar dødelegheitsratane for enkelte kreftformer, noko som antydar ei komande folkehelsekrise. Medan konvensjonell medisin strevar med å forklare den drastiske auken, argumenterer naturhelseforkjemparar at systemiske feil – frå industrimatvaresystem til oversette miljøforureiningseiningar – blir ignorerte, noko som gjer yngre generasjonar sårbare for ein katastrofe som kan unngåast.»

Kort fortalt får folk kreft når dei er yngre, og det blir stadig fleire av dei. Det står vidare:

«I fleire tiår har det medisinske etablissementet forsikra folket om at kreft primært var ein aldersrelatert sjukdom – noko ein fyrst trong å bekymre seg for seint i livet. Men ei bombe av ein ny studie publisert i The Lancet Public Health knuser den myten, og avslører ein urovekkjande realitet: yngre generasjonar blir diagnostisert med kreft i eit hittil usett omfang.

Forskarar under leiarskapen til Hyuna Sung (doktorgrad) frå American Cancer Society [Den amerikanske kreftforeininga; oms.an.], analyserte 23,6 millionar krefttilfelle og 7,3 millionar dødsfall frå 2000 til 2019. Kva fann dei ut? Millennials og Generasjon X har dramatisk høgare risiko for fleire krefttypar samanlikna med foreldra og besteforeldra deira.»

Til dømes har kreft i bukspyttkjertelen, som er rekna som ei av dei mest dødelege formene for kreft, meir enn dobla seg hjå dei som er fødd i 1990, samanlikna med personar fødd i 1955. I tillegg har ni krefttypar som var i nedgang hjå eldre generasjonar no kome tilbake for fullt hjå den yngre garden. Desse inkluderer kreft i livmora, tarmen, testiklane og eggstokkane.

Kvifor skjer dette? I artikkelen står det:

«Trass at milliardar har blitt brukt på kreftforskning, er hovudstraumsmedisinfaget framleis forbløffa over denne generasjonsrelaterte auken.

Hyuna Sung erkjenner: ‘Sjølv om vi har identifisert krefttrendar assosiert med fødselsår, har vi enno ikkje ei tydeleg forklaring på kvifor desse ratane aukar.’

Men forkjemparar for holistisk [heilskapleg] helse er ikkje overraska. I årevis har dei slått alarm om:

  • Ultraprosesserte matvarer smekkfulle av plantemiddel, kunstige tilsetjingsstoff, og genmanipulerte produkt.
  • Hormonforstyrrande kjemikaliar i plast, kosmetikk og hushaldsprodukt.
  • Immunundertrykkjande giftstoff i vaksinar, farmasøytiske legemiddel, og industriforureining.
  • Piggprotein-utfallet frå covid-19-injeksjonar, som no er knytt til skade på eggstokkane og feilfunksjon av immunforsvaret.

Ahmedin Jemal, ein senior-studieforfattar, åtvarar: ‘Auken av kreftratar blant denne yngre gruppa av menneske indikerer generasjonsrelaterte endringar i kreftrisikoen… Utan effektive tiltak kan dette stoppe eller setje tilbake fleire tiår med framgang mot sjukdommen.’

Vel, kor er tiltaka? Dei same institusjonane som ignorerte tidlege varslar om prosesserte matvarer, glyfosat og miljøgifter leitar no febrilsk etter svar – medan Big Pharma pushar fleire legemiddel i staden for tiltak.»

Med tanke på ryktet Big Pharma har i dagens verd, er det ikkje utenkjeleg at dei veit godt kva dei driv med. Kreft i testiklar og livmor harmonerer dårleg med ønsket om å føre slekta vidare, og eliten meiner jo at vi er for mange på planeten. Dersom det ikkje er dumskap og manglande kunnskapar som står bak, gjenstår berre eitt alternativ: Vondskap.

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar