Derimot: Alt for legemiddelindustriens fortjeneste. Nye vaksiner uten utprøving godtas i USA på løpende bånd. – Derimot

derimot.no:

FDA gjev godkjenning til nok ein covid-«vaksine» – og nok ein gong UTAN kliniske data som støttar den

Ethan Huff i Natural News rapporterer:

Novavax har akkurat fått grønt lys av amerikanske Food and Drug Administration (FDA) til å byrje masseproduksjon av nok ein «vaksine» mot Wuhan-koronaviruset (covid-19).

Denne nyaste sprøyta er proteinbasert og rettar seg mot den sokalla JN.1-varianten av Kina-viruset. Som dei mange andre før den, fekk Novavax sin JN.1-injeksjon naudgodkjenning frå FDA. [engelsk Emergency Use Authorization, EUA].

Sjølv om der ikkje finst eit einaste klinisk forsøk som støttar sprøyta, seier FDA at den må få lov til å sendast ut på marknaden straks, basert på data frå dyreforsøk som visstnok støttar bruken av den.

Spørsmålet blir: Hvem er det helsemyndighetene beskytter, Befolkningen eller legemiddelindustrien?

«Dagens godkjenning kjem med eit ekstra covid-19-vaksine-alternativ som møter FDA sine standardar for tryggleik, effektivitet og produksjonskvalitet, som er naudsynleg for å støtte naudgodkjenning,» erklærte dr. Peter Marks, fyren som styrer FDA sitt Center for Biologics Evaluation and Research. […]

(Sjå òg «Canada trekkjer i all hast tilbake Pfizer og Moderna sine covid-19-‘vaksinar’: ‘Øydelegg alle hetteglas!’», publisert 8.september 2024.)

 FDA godkjenner òg nye mRNA-injeksjonar frå Moderna og Pfizer

For å ikkje stå i vegen for at dei andre større covid-sprøyte-aktørane kan håve inn gryn nok ein gong, har FDA òg slengt ut ferske naudgodkjenningar for dei nyaste modRNA (mRNA)-injeksjonane frå Pfizer og Moderna, som dei fekk berre nokre dagar før Novavax.

FDA krev tydelegvis ikkje lenger at forsøk på menneske blir utført når det gjeld dei nyaste og beste covid-sprøytene fordi «krisa» er rett og slett for alvorleg til at ein skal gidde å bry seg med alt dette vitskapstullet.

«Vurderinga blir ein smule klein når FDA ikkje har kravd at produsentar av mRNA-biologiske [produkt] kjem med vitskapleg evidens til folket på at tryggleik og effektivitet har blitt demonstrert,» kommenterte Barbara Loe Fisher, medgrunnleggjar og president i National Vaccine Information Center (NVIC).

For å støtte den nye injeksjonen frå selskapet sitt, kom adm.dir. i Novavax, John C. Jacobs, med ei melding der han hevda at sprøytene viser «robust kryss-reaktivitet mot virus i JN.1-familien.»

I tilfelle du aldri har høyrt gjete JN.1, er det etterfølgjaren til KP.3, ein annan påstått covid-variant som sirkulerte sist gong Big Pharma trong ein ny, enkel måte å generere profitt.

Amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) gjer sin del for at variantar skal dukke opp, og krev æra for «sekvensering» av dei kvar gong vaksineindustrien treng ei orsaking for å skape nok ein serie dyre injeksjonar som gjev dei lettente pengar.

CDC påstår at KP.3 liknar mykje på ein annan variant av covid ved namn KP.3.1.1, som visstnok var ansvarleg for fire av ti nye covid-tilfelle i dei to vekene som slutta 3.august. CDC insisterer at KP.3.1.1 var den dominerande covid-varianten i august månad.

Ved å kome med desse erklæringane, kommuniserte CDC til både Pfizer og Moderna at dei måtte spy ut fleire injeksjonar frå deira kant som visstnok rettar seg mot KP.3. FDA hadde fyrst bede Big Pharma om å lage nye «vaksinar» mot JN.1, men endra seinare tilrådinga si til KP.3.

Vaksiner er bedre enn naturlig immunitet?

Novavax-sprøyta mot JN.1 tek visstnok lengre tid å produsere enn Pfizer og Moderna sine mRNA-sprøyter fordi den bruker ein annan teknologi. FDA har bede alle desse selskapa om å berre køyre på og halde fram å produsere kva enn slags sprøyter dei har mot kva enn slags variantar som dei vel å rette seg mot – og kvifor ikkje, når der er pengar å tene?

«Dei har allereie lamma og drepe millionar av menneske, og på eit eller anna vis prøver dei framleis å prakke meir sprøyter på folk!» skreiv ein opprørt lesar i kommentarfeltet.

«Individa som står bak dette må alle haldast ansvarlege for globalt massemord,» skreiv ein annan. «Dei kjem ikkje til å gje seg før alle har blitt injiserte. Slik vil KI [kunstig intelligens] kunne halde oversikt over alle. Avsløring kjem snart.»

Det siste USA treng akkurat no er nok ein covid-«vaksine».

Innlegget er hentet fra Saksyndig.

Forsidebildet og begge illustrasjonsbildene m/tekst, lagt til av redaksjonen, er KI-genererte

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...