Derimot: Alt de tar i går galt. Er det narsissister som leder de vestlige samfunn?

Derimot.no

derimot.no:

Dei narsissistiske elitane: ei handbok

14. februar 2024 av Gaius Baltar (Dr. Gaius Baltar er en fiktiv karakter i TV-serien Battlestar Galactica)

Dei siste åra har for Vesten vore år med feilvurderingar. Store ting vart planlagde og sette i verk, og feila. Alle krigane, alle sanksjonane, alle «initiativ» på heimebane og økonomisk, og alt av respons på det motstandarane har gjort feilar, eller har allereie feila. Faktisk har det no blitt slik at alle føretaka til Vesten nesten garantert vil feile. Dette har fått mange til å klø seg i skallen – dei kan rett og slett ikkje fatte korleis dette kan skje.

Samtidig kjem dei eigentlege måla til Vestens politiske klasse stadig oftare under lupa. Alt dei gjer verkar vere designa for å gjere ting verre for samfunna i Vesten på alle nivå, inkludert økonomisk, sosialt, helse og så vidare og vidare. Korfor er det eigentleg slik?

Det er som om inkompetanse og vondskap har konspirert om å skape verst tenkelege tilhøve.

Den vestlige politiske eliten forkludrer alt de berører.

Nyleg skreiv eg eit stykke der eg la fram idéen om at den herskande klassen i Vesten går gjennom ein filtreringsprosess for å sikre at dei har den rette personlegdommen og dei rette haldningane som skal til for å øydelegge Vestlege samfunn. Eg skreiv og at denne filtreringsprosessen resulterer i ein pool av herrefolk som enten er narsissistisk sjølvopptatte eller tvinga til å te seg som slike for å behalde jobbane sine. Denne deprimerande artikkelen kan du finne her:

https://gaiusbaltar.substack.com/p/what-is-wrong-with-the-western-political

Blendverkets reglar

Dei viktigaste faktorane som forårsakar narsissisme, er låg sjølvinnsikt og høg emosjonalitet. Dette fører til ei systematisk feilbedømning av sjølvet, og følgeleg av andre folk. På feilaktig vis, vil narsissisten overvurdere seg sjølv og undervurdere andre, og til og med presse andre ned for å styrke si eiga vurdering av seg sjølv. Dette blir ein prosess driven av emosjonar, der narsissisten blir som ein narkotika-avhengig – avhengig av å undertrykke eller manipulere andre for å få sin sjølvverdi-fix.

Dette vil openlyst påverke korleis narsissistar, og såleis Vestens politiske elitar, oppfattar verda generelt – og korleis og kva dei planlegg. Hovudverknaden av narsissismen deira, er at deira ‘modell av verda vs. dei sjølve’ skiller lag med den verkelege verda. I staden for å gjenspegle hendingar og menneske i den reelle verda, tilpassar modellen deira realitetane til å tene deira forvilla sjølvoppfatning og deira emosjonelle behov. Resultatet er ein alternativ versjon av røynda, med andre eigenskapar og motiv – og andre reglar, inkludert moralske. Sidan narsissistar generelt har ein tendens til å ha liknande modellar for seg sjølv og for verda, betyr dette også at alle narsissistane i Vestens herskande klasse, ein majoritet, eksisterer i det same blendverket av eit alternativt univers. Denne parallelle dimensjonen inneheld ein sameint visjon for framtida til menneskeslekta – og gjer at dei alle gjer dei same feila i perfekt harmoni.

Narsissist. En som er forelsket i sitt eget selvbilde.

Alle univers har sine eigne reglar. Dette gjeld for sjølve Røynda, for godt skrivne sci-fi- og fantasy-romanar, og sjølvsagt også for den parallelle dimensjonen som narsissistane lever i. Fysikarar og mystikarar prøver å finne reglane for universet vårt; litteraturekspertar og -entusiastar grublar på reglane for Tolkiens Midgard; og det er berre naturleg at nokon vil prøve å kartlegge reglane for Den narsissistiske verda.

Det finst mange reglar som understøttar den eksotiske fysikken til Den narsissistiske verda, og det ville vere umogleg å liste alle opp her. Berre dei mest relevante vil bli diskuterte, passande døme frå nylege hendingar og effekten på persepsjon, avgjerdstaking, planlegging og mål.

Eit narsissistisk individ vil handsame andre individ på bestemte måtar av bestemte grunnar. Ein narsissistisk elite will handsame heile samfunn på same måte av same grunnar. Det er ein nyttig ting å kunne sette fingeren på denne åtferda og forstå den.

Regel nr. 1 – Alt er personleg

Mekanisme:

Narsissistens indre ‘overlegenheits-modell’ er basert på det han oppfattar som intellektuell eller moralsk overlegenheit – eller til og med begge. Denne modellen inkluderer ulike trussystem som forsterkar dette. Narsissisten trur han forstår ting betre enn andre (som til dømes klimaendringar eller Ukraina-krigen) og/eller er betre enn andre (fordi han gjer veldedigheitsarbeid eller liknande). Denne modellen representerer eigentleg sjølvet hans, og har tunge, emosjonelle responsar knytte til seg. Stadfesting av modellen kjennest veldig godt, medan det kjennest veldig dårleg – og kan forårsake angst og/eller depresjon – når den slår feil.

Alt som utfordrar modellen er ein trussel mot sjølvet, og forårsakar automatisk emosjonelle reaksjonar som t.d. frustrasjon, sinne og – viss det held fram eller er kraftig – hat. Dette hatet kan bli retta mot alle som trassar eller utfordrar narsissisten. Det kan vere ein person, selskap, land eller ei gruppe menneske. Hatet kan ekspandere dersom utfordringa blir langvarig – som t.d. frå einskildindividet Vladimir Putin til alle russarar. Hatet kan vare livet ut.

Kort sagt: alt som utfordrar den indre modellen/trussystemet/den parallelle dimensjonen blir oppfatta som retta mot narsissisten personleg. Alle seriøse utfordringar er personlege og resulterer i hat mot utfordraren.

Effekt på persepsjon (sansing) og avgjerdstaking:

Automatisk sinne: Kvar utfordring, som t.d. eit skarpt spørsmål frå ein journalist, kan foraårsake ein emosjonell reaksjon og dytte ein elitist/narsissist ut av balanse. Det kan få elitisten til å byrje skjelve eller seie noko han ikkje skulle ha sagt. Eit ferskt døme er Justin Trudeau, som i desse dagar skjelv synleg når nokon utfordrar han på pressekonferansar, eller Boris Johnson som babla usamanhengande etter Putin-intervjuet. Dette er svært vanleg no om dagen blant Vestens leiarar, som verkar ha nedsmeltingar over heile linja.

Annalena Charlotte Alma Baerbock er en tysk politiker. Hun ble 8. desember 2021 utnevnt som Tysklands utenriksminister i Olaf Scholz’ regjering. 

Impulsivitet: Avgjerder blir ofte tatt under sinne/hat-episodar sjølv utan utfordringar til stades. Berre tanken på ei utfordring er nok til å skape sinne, og såleis impulsivitet. Eit godt døme på dette er då Annalena Baerbock erklærte krig mot Russland på vegner av Tyskland – heilt utav det blå. Slik impulsivitet skjer svært ofte, fordi narsissistar er manisk opptatte av ting som kan utfordre modellen deira.

Manglande revers-gir: Narsissistar bakkar sjelden ut etter at dei har tatt ei avgjerd og/eller starta på ei plan-realisering, sjølv om det allereie har feila. Dette gjeld likevel berre dersom planen er basert på deira indre modell. Å trekke seg frå ein slik plan betyr nederlag, og nederlag forårsakar emosjonell smerte, fordi modellen deira (og såleis planen) definerer sjølvet deira. Å rygge gjer bokstaveleg talt vondt. Og på toppen av dét – viss planen er retta mot ein utfordrar (som dei hatar), vil det at dei er besette av utfordraren drive planen vidare i det evinnelege.

Regel nr. 2 – Eg/vi er overlegne

Mekanisme:

Eit nøkkelaspekt ved det narsissistiske blendverket er kjensla av intellektuell og/eller moralsk overlegenheit. To ting forårsakar denne kjensla: A) Låg naturleg sjølvinnsikt, som gjer at dei har vanskar med å forme eit eige sjølvbilde og lyt overlate til andre å fortelle dei kven dei er, og B) at dei har fått for mykje ros eller blitt hjernevaska til å tru dei er overlegne – som barn, tenåringar eller unge vaksne.

Fordi narsissistar også er emosjons-drivne, blir denne modellen for overlegenheit eit senter i sjølvet og emosjonane deira. Bevis for at dei ikkje er smartare eller betre enn andre, forårsakar emosjonell smerte. Hovuddrivaren for narsissistisk/elitistisk åtferd er å forsterke denne kjensla av overlegenheit og for all del unngå bevis for det motsette.

Effekt på persepsjon og avgjerdstaking:

Mange er inkompetente, men tror de er overlegne.

Overdriven sjølvtillit: Eit konstant personlegdomstrekk hos narsissistar er overdriven sjølvtillit. Dei tar utan å nøle på seg jobbar dei ikkje taklar, og formar urealistiske planar som dei så set ut i live. Dei må jo klare desse tinga, for dei er jo smartare enn andre og forstår ting betre. Dette er eit av dei mest openlyse karaktertrekka til Vestens herskarklasse. Dei er nesten alle inkompetente – på toppen av å vere forvilla. Eit perfekt døme er Kamala Harris, som nyleg gjekk ut av sitt gode skinn for å erklære at ho er klar for å bli president USA, trass i at ho påviseleg er ein tosk.

Manglande evne til å vurdere sitt eige arbeid: Ein essensiell grunn til narsissistanes inkompetanse (og deira oppblåste sjølvbilde) er at dei er dårlege på introspektiv tenkning – eit resultat av deira låge sjølvinnsikt. Dette resulterer i at dei ikkje greier å granske sine eigne prestasjonar eller planar med kritisk blikk. Dei trur at undermåls arbeid er overlegent, at eit elendig filmmanus dei nett skreiv er eit kjempebra filmmanus, og at ein forvirra plan for ein militærkampanje er ein storslagen plan. Ein kan nesten påstå at dei ikkje er ved sine fulle fem når situasjonen krev at dei går i seg sjølv og utfører ein realistisk indre simulasjon. Dette forklarer korfor elitane i Vesten skapar og godkjenner urealistiske planar heile tida – planar som alle som greier å køyre ein indre simulasjon ville sjå at det aldri ville fungere.

Alltid avvis råd, berre aksepter støtte: Råd som går imot ein narsissists tenking eller planlegging, har ein tendens til å bli sett på som ei (smertefull) utfordring. Den slags råd blir derfor avvist. For å hindre slike råd, godtar narsissistane/elitane berre råd frå folk som er einige med dei og ‘støttar’ dei. For å få dette til, vil narsissistane fjerne folk som gir dei feil råd, og omgi seg med ‘støttande’ folk i staden. Dette forklarer ekko-kammer-gruppetenkinga blant elitane i Vesten. Denne prosessen isolerer dei endå meir frå den verkelege verda, og dyttar dei endå lengre inn i den narsissistiske parallelle dimensjonen.

Mangel på beredskapsplanlegging: Planar, enten dei gjeld erobring av Russland eller løysingar for alternativ energi, er per definisjon perfekte, og kan ikkje feile. Dei er perfekte fordi dei er gjort av ein eller fleire overlegne personar, og fordi dei ikkje har blitt skikkeleg granska internt på grunn av låg ssjølvinnsikt. Med andre ord er planar sjelden gjennomtenkte, for narsissistar greier ikkje tenke igjennom ting. Dette fører nesten kvar gong til ein mangel på beredskapsplanlegging. Planen er perfekt, og vil difor ikkje slå feil, difor er ein Plan B unødvendig. Dette er svært openlyst i alle planar no for tida. USA angrip Houthiane – det feilar, og ingen veit kva ein skal gjere. Ukraina går ut i «motoffensiv» – den feilar, og ingen veit kva ein skal gjere. Vesten blokkerer Russlands tilgang til SWIFT – det feilar, og ingen veit kva ein skal gjere. Vesten påfører Russland sanksjonar – det feilar, og ingen veit kva ein skal gjere. Slik er kvar plan Vesten. Dei vestlege elitane tenkte ikkje ein gong på å auke produksjonen av ammunisjon og krigsutrustning i Vesten som ein del av Ukraina-prosjektet sitt før nyleg – fordi dei og deira planar var så overlegne, og dei og Vesten er så sterke – og derfor var det ikkje nødvendig å førebu seg.

Kjensla av å ha rett på det ein får: Låg sjølvinnsikt og kjensler av overlegenheit går i hop og skapar ei stor kjensle av at ein har rett på det ein får. Ein narsissist/elitist vil akseptere ein jobb han blir gitt som del av eit ikkje-merittokrati-program, og vil på ekte tru han fortener jobben. Han vil gladeleg ta imot ein meiningslaus pris (som t.d. Nobels fredspris) som om den hadde stor betydning (narsissistar elskar faktisk å gi kvarandre prisar og medaljar). Han vil generelt tru at han fortener å herske over andre. Denne kjensla av å ha rett på alt ein får, og forfengelegheita den avlar, gjer narsissistane/elitane lette å påverke og manipulere med smiger. Mangelen deira på sjølvinnsikt hindrar dei i å gjenkjenne tom ros.

Regel nr. 3 – Andre er underlegne

Mekanisme:

Denne regelen er motparten til regel nr. 2. Narsissistane lever sjelden opp til dei høge tankane dei har om seg sjølve. Faktisk er det langt meir sannsynleg for ein narsissist enn for andre å vere inkompetent, av den enkle grunn at kompetanse ofte krev sjølvinnsikt – noko dei manglar. Dei har løyst dette problemet ved å sjå på si overlegenheit uttrykt i ei samanlikning med andre. Med andre ord opprettheld dei sjølvbildet sitt ved å systematisk sjå på andre som underlegne. Viss andre er underlegne, så blir dei sjølve automatisk overlegne. Dei treng eigentleg ikkje resultat å vise til, intellligens eller evner. Det rekk at andre er under dei.

Bordet til venstre: «Ubehagelige sannheter». Til høyre: «Deilige løgner».

Narsissistat er rasjonaliseringsmeistrar, og det brukar dei, saman med andre ting, til å rettfediggjere det negative synet sitt på andre. Ikkje berre hatar dei dei som utfordrar dei – i tillegg foraktar dei heile «ut-gruppa», som består av alle som ikkje er som dei sjølve. Dei foraktar bondetampane, ynglarane, dei vanlege folka, slavarane, afrikanarane, asiatane – og så vidare og vidare. Dette er ikkje nødvendigvis basert på rasisme – for dei ser ned på element frå sin eigen rase like mykje som dei ser ned på andre rasar – til og med meir. Dette er berre ein strategi for å oppretthalde overlegenheitsmodellen sin. Denne ringeakten går lett over i hat dersom nokon dei allereie foraktar (t.d. russarane) utfordrar dei – som skildra i regel nr. 1.

Effekt på persepsjon og avgjerdstaking:

Undervurdering av andre: Narsissistar vil heile tida undervurdere sine «underlegne» – rett og slett fordi at viss dei tok dei seriøst, så ville det bli vanskeleg å sjå dei som underlegne. Det alvorlegaste resultatet av denne haldninga er systematisk dårleg planlegging mot «underlegne» motstandarar. Narsissistar vil alltid tillegge sine motstandarar eigenskapar som inkompetanse, stupiditet og veikskap generelt, og forme sine planar utifrå det. Eit godt døme er synet deira på den russiske økonomien (Russland som bensinstasjon forkledd som eit land) og på Kina som ute av stand til å produsere elektroniske databrikker. Det same gjeld for synet på inkompetansen til den russiske arméen. Narsissistar lyt halde på desse synspunkta fordi forakten deira tvingar dei til det. Dette skadar planane dei legg mot motstandarane sine, fordi dei alltid antar inkompetanse – og vanlegvis antar dei og at det ikkje vil kome nokon motrespons frå dei. Dette resulterer i mange feilslåtte planar.

Slike skal være enkle å vinne over.

Umenneskeleggjering av andre: Viss utfordra, så utviklar hån og forakt seg til hat. Eit symptom på det er umenneskeleggjeringa av utfordraren. Russarar er dumme dyr og Kina er i grunnen berre ei myldrande maurtue full av tjuvaktige maurar som stel intellektuell eigedom frå Vesten. Denne umenneskeleggjeringa er noko forskjellig frå den måten nazistane umenneskeleggjorde folk på. Nazistisk umenneskeleggjering er vanlegvis retta mot ei utpeika «ytre» gruppe, medan ein narsissist kan umenneskeleggjere kven som helst som utfordrar han, til og med medlemmar av eigen familie. Vestens elitar ville til og med byrje sjå på svenskar og nordmenn som undermenneskelege dyr viss dei skulle utfordre den narsissistiske kulten. Dei har sannsynlegvis ikkje høge tankar om dei ungarske og serbiske nasjonane no for tida. Det er lett å bli eit undermenneske, sjølv i hjartet av Europa.

Ikkje lytt, ikkje respekter avtalar: Ein uunngåeleg del av forakten og umenneskeleggjeringa , er at motstandaren ikkje må takast alvorleg. Ein kan ikkje ta folk som er under seg på alvor – om ein dét gjorde, ville det indikere at dei likevel ikkje var underlegne, og dét ville forårsake kognitiv dissonans. Dette er grunnen til at elitane i Vesten aldri har lytta til noko av det russarane har sagt, og aldri har respektert nokon avtale dei har gjort med Russland. Dei gjer det eigentleg ikkje med vilje – eller som taktikk. Dei er berre rett og slett ute av stand til å lytte til Russland og halde avtalar, fordi det ville forstyrre forakten og hatet deira til russarar, og synet deira på dei som undermenneske. Dette betyr og at ein generelt sett aldri kan stole på nokon avtale gjort med Vesten.

video thumbnail
Overfor en som blir foraktet trenger en ikke overholde avtaler.

Likesæle: Når du har med ein som er underlegen å gjere, treng du ikkje bekymre deg for han. Han er per definisjon på alle måtar mindre kompetent enn deg og «dine folk». Dette fostrar uforsiktigheit og blindskap når det gjeld planlegging og utvikling heime. Ein narsissistisk elite kan sjå på ein by i landet sitt som står på grensa til å bli uleveleg for menneske, og tenke at den er heilt grei. Dette forklarer også korfor dei vestlege elitane har late Vesten stagnere militært dei siste tre tiåra. Dei er så sterke og motstandarane er så veike at det ikkje var behov for noko ekte utvikling.

Regel nr. 4 – «Dei andre» må kuast, undertrykkast og fornedrast

Mekanisme:

Narsissistane ser på «dei andre» som underlegne og utviklar ofte hat mot dei når dei utfordrar, men denne haldninga er ikkje eigentleg hovudaspektet ved narsissisme. Hovudaspektet er tvangstanken om å aktivt presse andre ned, for å løfte seg sjølv. Dette skjer i form av enten direkte undertrykking av andre, eller manipulasjon. Begge deler tener som verkty til å skape eit skarpt skille mellom seg sjølv og «dei andre» – og dermed forsterke eller blåse opp sitt alleireie oppblåste sjølvbilde. Vellykka undertrykking eller manipulasjon resulterer i ein emosjonell forsterkning som igjen forsterkar (og iblant eskalerer) den undertrykkande åtferda. Manipulasjon, det verkelege målet til alle narsissistar, er ei form for fornedring, audmjuking. Fornedring er generelt sett eit mektig forsterker for ein narsissist.

Dette aspektet av psyken til narsissisten/elitisten verkar djupt inn på politikken, dei langsiktige planane og dei politiske måla til den narsissistiske politiske klassen. Kvart endelege mål vil innehalde ei form for undertrykking ned til individnivået, så vel som manipulasjon og audmjuking. Det er rett og slett umogleg for den narsissistiske eliten å lage målsetningar som ikkje ineheld desse elementa. Politikken deira vil uunngåeleg bli ei forlenging av narsissismen deira. Den herskande narsissistiske klassen vil i alt vesentleg handsame samfunnet slik ein individuell narsissist handsamar andre individ.

Effekt på persepsjon og avgjerdstaking:

Undertrykking og detaljstyring: Det endelege målet for kvart politiske tiltak lagt fram av den narsissistiske eliten, er undertrykking ned til individnivå. Dette blir vanlegvis skjult med bruk av dobbeltsnakk, godheitsposering («virtue signalling») og promotering av falske kriser, men undertrykking kan alltid, utan unntak, finnast i «løysinga». Sidan nesten heile den politiske klassen i Vesten er narsissistisk, inneheld uunngåeleg all Vestleg innanrikspolitikk dette målet. Stort eller lit omfang – dei har alle dette endemålet. Dette er motivert på eit instinktivt nivå og tvangsmessig.

Under korona-krisen foregikk en massiv opinionsmanipulering gjennom mediene og politiske vedtak.

Manipulasjon og juks: Politiske mål og «initiativ» tenderer til å innehalde manipulasjon, bedrag og forvirringstaktikk (gaslighting). Narsissistar likar å sjå på at andre underkastar seg juks og manipulasjon, og dei narsissistiske elitane likar å sjå heile nasjonar gjere det same. Dette gjeld spesielt viss folk kan overtalast til å gjere noko frivillig som er ugunstig eller skadeleg for dei – helst katastrofalt. Å kunne overtale folk til å ta farlege og unyttige vaksinar, underkaste seg 24/7 overvaking, og røyste for politikk som øydelegg levebrødet deira, er ei kjelde til stort velbehag og stadfesting for dei narsissistiske elitane.

Audmjuking: Ikkje alle narsissistar er gode på å manipulere, men dei har alle eit ønske om det. Det beste og reinaste narkotikum for ein narsissist, er endemålet manipulasjon – audmjukinga og fornedringa av andre. Ingenting kan betre stadfeste overlegenheita deira. Audmjuking blir difor eit mål for eliten, og dei prøver å inkorporere den i så mykje dei kan av politiske retningslinjer og initiativ. Eit godt døme på dette er køyret for å overtyde folk om å ete insekt. Det einaste føremålet med dette (bortsett frå kontroll over matproduksjonen) er audmjuking. Å greie å overtale folket til å ete insekt, må vere det mest berusande narsissistiske audmjukingsritualet i heile historia.

Regel nr. 5 – Målet heilagar middelet

Mekanisme:

Mange folk ser på dei Vestlege elitane som psykopatiske. Dette er til dels rett og til dels feil. Narsissistar kan ha «amoralsk psykopati» på toppen av narsissismen sin, men klassisk psykopati og narsissisme går ikkje godt i hop. Narsissistar er emosjonelt drivne; klassiske psykopatar er det ikkje – i det minste ikkje på same måten.

Narsissistar treng eigentleg ikkje å vere klassiske psykopatar for å te seg slik dei gjer. Dei har uvanleg stor rasjonaliseringsevne som dei kan bruke til å hjernevaske seg sjølve til å rettferdiggjere nesten kva det skulle vere av åtferd. Deira låge sjølvinnsikt og dårlege evner til å tenke introspektivt, tillet nesten grenselaus dobbelttenkning – som tillet rasjonaliseringsprosessen og subjektivistisk tenkning.

Narsissister kan innbille seg nesten hva som helst. Det er en form for selvbedrag.

På toppen av dét, har «utvikla» narsissistar emosjonelle behov på nivå med crack-avhengige – og vi veit alle kva avhengige er i stand til for å skaffe seg ein fix. Ein «utvikla» narsissist kan såleis bli til eit mykje større monster enn ein psykopatisk seriemordar – og langt meir destruktiv.

Effekt på persepsjon og avgjerdstaking:

Subjektivisme: Alle metodar kan rettferdiggjerast, så lenge dei blir brukte mot fiendar. Samtidig kan fiendar ikkje gjere det same utan å bli til undermenneskelege dyr. Dobblettenkning, hykleri og sjølvmotseiande rasjonaliseringar er synlege i nesten alle forklaringane og rettferdiggjeringane til dei Vestlege, narsissistiske elitane. No om dagen er det nesten umogleg å sjå pressekonferansar eller intervju som involverer Vestens herskande klasse, utan å høyre det. Subjektivistiske og sjølvmotseiande argument, særleg i moralske spørsmål, er faktisk eit sikkert teikn på ein narsissist.

Normalizsering av folkemord og massemord: Ein svært stor del av den narsissistiske delen av samfunnet (inkludert woke-gjengen) trur at massemord og folkemord kan rettferdiggjerast – så lenge det blir gjort mot dei dei ser på som «dårlege». Dette kan høyrest ekstremt ut, men det er like fullt eit faktum. Mange narsissistiske wokesters vil fortelle deg det. Den folkemorderske heftigheita blant desse folka mot russarane, er óg eit tydeleg teikn på dette. Eit anna døme er dei ulike haldningane blant narsissistane i forhold til folkemordet som Israel er i gang med i Gaza. Det syriske folkemordet var bra (fordi Assad=dårleg), og det var ingen grunn til å protestere mot dét. Men Gaza-folkemordet er dårleg – og må protesterast mot. Ein naiv person, som eg, ville sagt at begge er dårlege.

Generell normalisering av uhyrlege overgrep: Visse uhyrlegheiter og brotsverk blir normaliserte i stor skala i Vesten. Dei brotsverka er enten til fordel for dei vidare måla til dei narsissistiske elitane og deira «vakne» brunskjorter – eller dei må tolererast fordi å takle dei ville skape problem for måla til dei narsissistiske elitane. Eit godt døme på det er haldninga til valdtekt, som er i ferd med å endre seg i Vesten. Valdtekt blir stadig oftare sett på som akseptabelt når det blir gjort av immigrantar, og dei blir iblant heller ikkje straffeforfølgde. Nokre svenske feministar har til og med erklært at valdtekt gjort av immigrantar ikkje bør sjåast på som eit problem, og dei har oppmoda valdtektsoffer til ikkje å melde frå til politiet i desse tilfella. Eit anna døme er narsissistane sitt køyr for fullterminabort, og til og med «post-fødsel-abort». Allslags uhyrlegheit kan rettferdiggjerast og normaliserast, sjølv barnemord, så lenge det passar inn med måla og verdssynet i den narsissistiske parallell-dimensjonen. Denne narsissistiske normaliseringsprosessen har allereie fått alvorlege konsekvensar for samfunn i Vesten.

Til sist…

Politiske synspunkt og mål kjem nedstraums av personlegdom, som kjem nedstraums av evolusjonen. Når ein spesiell personlegdomstype har tatt kontroll over samfunna våre, og vi kjenner att den peronlegdommen og forstår den, så kan vi sjå fingeravtrykka etter den overalt. Vi ser dei i politiske mål, økonomisk politikk, miljøpolitikk, utdanning og den aggressive utanrikspoitikken til Vesten. Sjølv feila som Vesten gjer, og den generelle inkompetansen deira, har desse fingeravtrykka.

Det er lett å rasjonalisere alt dette bort og skulde alt på inkompetanse – men i dette fallet har både vondskap og inkompetanse skulda – i sæl foreining i den narsissistiske personlegdomstypen. La oss håpe inkompetansen er sterkare enn vondskapen

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexus

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar