Derimot: Advares av mange.Israel planlegger krig mot Hizbollah i Libanon. – Derimot

derimot.no:

Hizbollah klare for å slå Israel

Moon of Alabama, 20. juni, 2024

Den 8. oktober, éin dag etter at Hamas angreip Israel, gjekk libanesiske Hizbollah med i kampen. Dei sende missil mot militære installasjonar i nord-Israel. 80 000 israelske settlarar som budde i nord, flykta frå heimane sine. Dei bur framleis på hotell rundt om i Israel og ventar på at det atter skal bli roleg på den fronten.

Hassan Nasrallah

Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah hadde kunngjort at gjengjeldskampanjen mellom Hizbollah og israelske styrkar i dette området ville halde fram heilt til det vart avtalt ei permanent våpenkvile i Gaza.

Men dei radikale med ansvaret for Israels politikk vil ikkje ha noka våpenkvile i Gaza. Dei vil utslette Hamas og så mykje som mogleg av befolkninga i Gaza. Ei våpenkvile ville hindre dei i å gjere det.

På den andre sida pressar dei nordlege settlarane på for å få returnere til heimane sine. Men utan ei våpenkvile i Gaza, kjem konflikten i nord-Israel og sør-Libanon til å halde fram.

I staden for å jobbe for ei våpenkvile i Gaza, planlegg Israels militære og regjering å invadere sør-Libanon og okkupere det opp til Litani-elva.

Planen er reint ønsketenkning. Hizbollah har godt feste i sjia-samfunna som befolkar sør-Libanon. Trur Israel at dei folka vil flytte ut? Det kjem ikkje til å skje.

Hizbollah, med ein styrke på meir enn 100 000 mann, er godt førebudde til kamp. Sør-Libanon har eit nettverk av godt førebudde kampstillingar og tunellar. Meir enn 150 000 missil, mange av dei med lang rekkevidd, står klare til utskyting mot militære og økonomiske mål i Israel. Invasjonen av sør-Libanon i 2006 enda med totalt nederlag for den israelske arméen. Det er ingen grunn til å tru at ein ny kamp vil få noko anna utfall.

I tilfelle ny konflikt, vil Hizbollah krysse grensa og okkupere deler av nord-Israel. Dei er også parate til å ekspandere ein krig dersom dét skulle bli nødvendig:

Leiaren for Hizbollah, Sayyed Hassan Nasrallah, åtvara om ein krig «utan reglar eller grenser» dersom Israel skulle gå til ein fullskalaoffensiv mot den libanesiske militsen, og han trua med at Kypros ville bli eit angrepsmål viss dei tillet Israel å bruke kypriotisk territorium i ein konflikt.

Kypros og Israel har ein bilateral avtale om forsvarssamarbeid, og landa har gjennomført felles øvingar.

«Å opne kypriotiske flyplassar og basar for den israelsk fienden, så dei kan angripe Libanon, vil bety at regjeringa på Kypros deltar i krigen, og resistansen vil handsame dei som ein part i krigen,» sa Hizbollah-sjefen.

Nikos Christodoulides, øyas president, svara onsdag kveld: «Kypros forblir uinvolvert i militære konfliktar og posisjonerer seg som ein del av løysinga heller enn problemet.

Å starte ein krig med Hizbollah, kan godt bety slutten for Israel som settler-stat. Missilangrep på infrastrukturen og militæret deira vil minske tilliten som settlarane kanskje framleis har til sionist-staten. Mange vil truleg returnere til heimlanda sine viss konflikten held fram.

Trass i at dette set USA sitt sionistiske prosjekt i fare, driv USAs administrasjon framleis og støttar opp under alle dei israelske planane:

USA har signalisert at dei er opne for å støtte ein israelsk offensiv mot Hizbollah i Libanon, samtidig som frustrasjonen bygger seg opp over at gruppa stadig koplar ein våpenstillstand til ei midlertidig, breiare våpenkvile i Gaza.

På møtet sitt i Beirut op tysdag, leverte USAs utsending Amos Hochstein «skarpe» åtvaringar til libanesiske tenestemenn om at Israel førebur å starte ein avgrensa offensiv mot Hizbollah og vil ha USAs støtte dersom ein ikkje finn diplomatiske løysingar, fortalde ein arabisk offentleg tenestemann til Middle East Eye.

Hochstein møtte Libanons statsminister Najib Mikati og parlamentets Speaker Nabih Berri på tysdag. USA har tidlegare bruk begge til middelmenn under samtalar med Hizbollah, den Iran-støtta gruppa som USA kallar for ein terroristorganisasjon.

Hochstein fortalde libanesiske offisielle tenestemenn at Israel ventar rundt fem veker til med intense kampar i Gaza, og at dei deretter vil sette hovudoffensiven sin i enklaven på vent. Men dei vil halde fram med å angripe Hamas-leiarar og gjennomføre angrep for å ta tilbake gislar.

Frå perspektivet til den noverande israelsk regjeringa, vil eit framhald av krigen mot Gaza kreve ein krig i Libanon i tillegg:

Hochstein åtvara om at så snart kampane i Gaza blir sette på pause, så vil israelske offentlege tenestemenn vende si fulle merksemd mot nord-grensa og prøve å presse Hizbollah ut av området att slik at dei 60 000-96 000 israelarane kan returnere til heimane sine før skulane startar opp att til hausten.

Israel og Hizbollah har utveksla nesten dagleg skotveksling sidan 8. oktober, men konflikten tilspissa seg i førre veke, etter at Israel drap Taleb Sami Abdullah, ein av dei øvste medlemmane av Hizbollah. Gruppa svara med å skyte ut hundretals dronar og rakettar mot Israel.

Det israelske militæret sa på tysdags kveld at dei hadde godkjend planar for ein offensiv i Libanon. Tidlegare på dagen angreip Israel nokre av Hizbollahs drone-skvadronar, sa det israelske militæret.

I ein tale på torsdag auka Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah innsatsen då han sa at Hizbollah har «ein heil haug med mål» mot Israel, inkludert i Middelhavet.

«Fienden kan vente oss på land, sjø og i lufta, og vi vil kjempe utan atterhald, reglar eller grenser,» sa han.

Hizbollah publiserte ein 9 minuttar lang drone-video som viste militære og økonomiske mål rundt om i den israelske hamnebyen Haifa. At fleire Hizbollah-dronar kunne fly over Israel utan å bli forstyrra av luftforsvar, er eit stort tap av ansikt for det israelske militæret.

Medlemmane av Resistans-aksen, Hizbollah i Libanon, sjia-grupper i Syria, irakisk milits og houthiane i Jemen, er klare for kamp. Sjølv utan å angripe Iran, hovudmakta bak resistansen, vil Israel og USA sannsynlegvis tape ein slik krig.

Utan nokon sjanse til å vinne, ville dei som vanleg eskalere krigen, mest sannsynleg mot Iran, kanskje Tyrkia, og andre stadar. Kor dei deretter ville gå, er det umogleg å spå om.

Korfor dei i det heile tatt ville starte ein slik unngåeleg krig, fattar eg ikkje.

Posta av b den 20. juni, 2024 kl 8:03 UTC | Permalink

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: AI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...