Derimot: 49 senatorer med brev til USAs president:Trekk tilbake støtten til WHOs pandemiavtale! – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Vi presenterer dette brevet fra 49 senatorer. Det er et alvorlig skudd mot forsøket på å etablere et overnasjonalt helsediktatur som jeg aner norske myndigheter ikke har noen innvendinger mot. Uten at jeg vet noe om dette tenker jeg at de er innstilt på å svelge alt som kommer fra WHO hvis USA gjør det. Det samme gjelder nesten alle våre folkevalgte på Stortinget.

Vi merker oss at Donald Trump som president trakk den økonomiske støtte til WHO og at den ble reetablert av Joe Biden. Det gledelig er at saken ikke er avgjort i USA, noe dette brevet viser.

Knut Lindtner
Redaktør

Kjære herr president

Komande månad, under den syttisjuande Verdshelseforsamlinga (World Health Assembly, WHA), er det venta at administrasjonen din vil forplikte USA til to internasjonale avtalar som vil styrke Verdshelseorganisasjonen (WHO) si fullmakt til å erklære offentlege, internasjonale helsekriser og ekspandere WHO si makt over medlemsstatane under slike kriser. Dette er uakseptabelt.

WHO sin fadese under COVID-19-pandemien var like total som den var føreseieleg og gjorde varig skade på landet vårt. USA har ikkje råd til å ignorere slik manglande evne hos WHO til å handtere sine mest grunnleggande funksjonar og lyt insistere på omfattande WHO-reformar før vi i det heile tatt vurderer tillegg til Det internasjonale helsereglementet (International Health Regulations, IHR) eller nokon ny pandemi-relatert avtale som aukar WHO si makt. Vi er djupt uroa over at administrasjonen din held fram med å støtte desse initiativa og ber deg innstendig skifte kurs.

Artikkel 55 av IHR krev at alle tillegg til IHR skal kommuniserast til medlemsstatane minst fire månadar før WHA’en som skal ta dei opp til vurdering finn stad. Sidan WHO enno ikkje har levert den endelege tilleggsteksten til medlemsstatane, oppmodar vi til at IHR-tillegga ikkje skal bli vurderte under førstkomande WHA. Nokre av dei over 300 forslaga til tillegg frå ulike medlemsland ville auke WHOs helsekrisefullmakter vesentleg og gripe uakseptabelt inn i USAs suverenitet. Det er difor avgjerande viktig at WHO rettar seg etter firemånadars førehandsvarsel-perioden, slik at ein lar medlemsstatane forsikre seg om at det ikkje finst spor av slike forslag i den endelege tilleggs-pakken som WHA skal vurdere. Når dei no har svikta på det punktet, er tillegg ikkje i orden.

WHO sitt siste offentleg tilgjengelege utkast til ny pandemiresponstraktat er defekt ved leveransen. I staden for å ta opp WHOs veldokumenterte manglar, fokuserer avtalen på obligatoriske overføringar av ressursar og teknologi, riv sund åndsverksrettar, krenkar talefridommen og gir WHO altfor stor makt. Det å gå vidare med ein ny traktat om pandemiberedskap og -respons, ignorerer det faktum at vi framleis er usikre på opphavet til COVID-19, fordi Beijing enno blokkerer ei legitim, uavhengig gransking. Vi ber deg innstendig om å ikkje gå med på ein pandemi-relatert traktat, konvensjon eller avtale som blir vurdert under det syttisjuande WHA. Om du ignorerer dette rådet, vil vi på det kraftigaste understreke at vi ser på alle slike avtalar som ein traktat som krev to tredjedels fleirtal i Senatet jamfør Artikkel II Seksjon 2 av Grunnlova.

Sett i lys av den høge ririkoen for landet vårt og vår konstitusjonelle plikt, ber vi deg om å (1) trekke administrasjonen si støtte til dei noverande IHR-tillegga og pandemitraktat-forhandlingane, (2) skifte administrasjonen sitt fokus til omfattande WHO-reformar som addresserer organisasjonens vedvarande fadesar utan å ekspandere makta deira, og (3) om du skulle ignorere desse oppmodingane, levere inn pandemirelaterte avtalar til Senatet for råd og samtykke.

Helsing

Ron Johnson, Rick Scott, James E, Risch, Bill Cassidy, John Barrasso, Marsha Blackburn, John Boozman, Mike Braun, Katie Boyd Britt, Ted Budd, Shelley Moore Capito, John Cornyn, Tom Cotton, Kevin Cramer, Mike Crapo, Ted Cruz, Steve Daines, Joni K. Ernst, Deb Fischer, Linsey O. Graham, Charles E. Grassley, Bill Hagerty, Josh Hawley, John Hoeven, Cindy Hyde-Smith, John Kennedy, James Lankford, Michael S. Lee, Cynthia M. Lummis, Roger Marshall (M.D.), Mitsh McConnell, Jerry Moran, Markwayne Mullin, Rand Paul (M.D.), Pete Ricketts, Mitt Romney, M. Michael Rounds, Marco Rubio, Eric S. Schmitt, Tim Scott, Dan Sullivan, John Thune, Thom Tillis, Tommy Tuberville, JD Vance, Roger F. Wicker, Todd Young, Lisa Murkowski, Susan Collins

[alle US Senatorar, mrk.]

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar