Alternativ Media: Maajid Nawaz’ innlegg på «Better Way Conference Vienna» 17.09.22 | Alternativ Media®

alternativ-media.com
Del denne artikkelen på din favoritt SOME(Sosiale Media)

alternativ-media.com:

Denne talen rørte meg så sterkt at eg fekk lyst til å formidla den vidare på norsk.  Maajid Nawaz blei kjent for meg via Ayaan Hirsi Ali. Dei to er gode venner på tvers av religiøs ståstad. De fleste kjenner Hirsi Ali frå hennar kamp mot islam. Nawaz driv tenketanken Quilliam i England, identifiserer seg som muslim, og er motstandar av ekstremisme.

Nawaz opnar innlegget sitt med eit spørsmål han fekk dagen før frå Christian Richard: «Korleis endar ein som deg opp med å diskutera koronamandat på ein konferanse full av folk frå legevitskapen?» Her er svaret:

Eg har aldri studert vitskap ut over min GCSC i ein alder av 16, slik vi gjer i UK. Eg har ingen vitskapeleg biologisk, psykologisk eller andre former for ologi knytt til navnet mitt. Så kva fører meg til denne samtalen?

Grunnen er at eg trur vi er alle involvert –  enten vi likar det eller ikkje, og eg er lei meg for å sei det slik, og eg vil prøve å gi dykk litt håp, men nett no er det viktig at de høyrer. Eg trur vi alle er ufrivillig involvert i ein krig om våre sjeler. Den krigen blir ført globalt, og dei på den andre sida av denne krigen har langt meir materiell makt. Det er det dei trur makt er, sjølv om det ikkje er det, og dei brukar den makta til å prøva å øydeleggja alt det betyr å vera menneske.

Denne krigen har fått namna sine av dei som er engasjert i den. Går du tilbake til tida etter 2. verdskrig, trur eg verda innsåg at å sleppa atombomber på kvarandre ikkje nødvendig vis ville vera den beste vegen framover. I staden starta ein serie kalde krigar som blei førte av våre eigne regjeringar mot det dei presenterte for oss som sjukdommar i våre eigne samfunn.

Dersom du tenkjer tilbake på krigen mot narkotika, som Nancy Reagan annonserte på vegne av sin mann, president Reagan, så var krigen mot narkotika ein krig for å fjerna kriminalitet frå våre samfunn. Vi blei alle oppmuntra av regjerings-politikken til å samla oss om krigen mot narkotika. Visse tiltak måtte gjerast, inkludert dehumanisering av ei viss demografisk gruppe som enda opp i uproporsjonal størrelse i fengselssystemet vårt. Vi kan sjå til USA for å finna dei katastrofale følgene av krigen mot narkotika, men det påverka også Sør-Amerika, som var slagmarka for denne krigen. Målet som blei fortalt oss, var at dette var ein krig for å rydda ut kriminalitet, men det var ikkje det reelle målet. I staden var det reelle målet å auka staten si makt. Var å auka autoritærianisme. Å auka frykt i framande land i navnet til ein innanlands krig. (Er dette fakta eller tolking, Nawaz?)

Det begynte som alle ting som begynner med psykologiske overgrep; det begynte gradvis. Trinn 1 var krigen mot kriminalitet, men sjå kva som skjedde etterpå, og det er svaret på Christians spørsmål som bragte meg hit, det er det som involverer meg mot min vilje, for etter krigen mot narkotika, kom krigen mot terror. Som krigen mot narkotika, blei ikkje krigen mot terror brukt til å få slutt på terror. Som du kunne sjå, var det akkurat som med krigen mot narkotika. Dei som leda denne krigen, ville ha oss med på å fullføra noko dei starta. Dei ville ha hjelp til å få slutt på terrorisme, medan dei invaderte mange land rundt om i verda. Eg såg droner over her tidlegare. Kanskje for å filma alle, noko som er bra. Men det er viktig å forstå at dei dronene, slik eg tolkar det, er at dei sleppte bomber på folk. Det var det dei gjorde i Afghanistan og Irak. Vi blei fortalt at det var for å stansa terrorisme. I ettertid veit vi at det var basert på løgner, som at det var masseøydleggingsvåpen i Irak. At Bin Laden var i Afghanistan, mens han blei teken i Pakistan. Pakistan, landet eg stammar frå, var eit av dei næraste allierte med USA i krigen mot terror.

Så det gjekk frå ein krig mot narkotika og kriminalitet, til ein krig, blei vi fortalt, til å beskytta vår livsstil og halda oss trygge. Først var det å stoppa kriminalitet og halda samfunna våre trygge. Så var det krig mot terror for å halda levemåten vår trygg. Dei tok det eitt skritt vidare.

Så kom krigen mot korona. Det er eit skritt som går lengre enn krigen mot terror, fordi den ikkje berre beskyttar levemåten vår, den skal beskytta sjølve livet. Vårt fysiske liv. Helsa vår. Så du kan sjå at temperaturen er hausa opp med krigen mot korona. No er vi alle involvert, fordi vi ønskjer å forbli i live, ikkje berre for å verna om måten å leva på, men å verna om sjølve livet.

Igjen fant regjeringar tiltak for å auka temperaturen og vidareføra nødvendige tiltak for at du skulle få leva vidare. Det er årsakene som har blitt gitt. Du såg hastetiltak som kom på banen i Canada. Der fekk Justin Trudeau lov til å fryse bankkontoar. Kickbokser Andrew Tate fekk sin bankkonto stengt for å gi ein serie med podcasts. Det skjedde denne månaden. Dette starta ikkje med at Trudeau stengte kontoane til dei som deltok i truckførarane sin protest i Canada. Eg kan forsikra deg om det. Eg står som vitne framfor dykk no og kan sei at muslimske bankkontoar blei stengte før krigen mot terror, inkludert min i USA hos HSBC. Eg blei hindra – i terrorens navn.

Så vi går frå krig mot kriminalitet for å verna om trygghet til krig mot terror for å verna om  levemåten vår, til no krig mot sjølve livet. No er alle involvert. Dette skrittet har no blitt teke endå eit skritt vidare. Det er for å verna om ALT liv, og kva er det som kan hasta meir enn det? Svaret er krigen mot klimaendringar, fordi med det beskyttar vi ikkje berre vårt individuelle liv, men alt liv på planeten som står på spel og vil bli utsletta. Vi vil døy om 50 år dersom vi ikkje innan 20– 30 år reduserer karbonutsleppet  til null. Det betyrat alt liv på planeten no er i fare. Denne krigen er ikkje lenger om å verna vårt individuelle liv, men dyreliv, menneskeliv og planter. Alt kjem til å døy.

I navnet til denne karbon-politikken kan du igjen sjå korleis noko blir brukt som unnskyldning for meir autoritærianisme. Folk må installera smartmeter. Smartmeter vil fortelja regjeringar kor mykje energi du brukar og nøyaktig korleis du brukar den. Sjølvsagt må vi byta til elektriske bilar. Vi må endra alt til elektrisk energi – som kan slåast av. Dersom du såg kor enkelt det var for Trudeau å stengja bankkontoane til truckførarane og bøndene sine protestar der, mot muslimar i kampen mot terror, mot Andrew Tate, kickboksaren som publiserte nokre få podcasts, så kan du sjå kor enkelt det kan bli i krigen mot klimaendringar. I navnet av at du har sleppt ut for mykje karbon, kan dei få makt til å skru av di kraft.

Sjølvsagt vil din valuta ikkje vera fysisk. Du vil ikkje kunna handla med kontantar, men med ein sentralbanks digitale valuta, som alt har blitt annonsert av UK sin finansminister, den tredje viktigaste posten i vår regjering og som leiar G7. Med andre ord; som leiar av dei mektigaste landa i verda. Vi såg det då han annonserte han at vi kom til å slutta med kontantar og gå over til å handla med sentralbarkars digitale valuta. Det betyr digitale kupongar.

Dersom du slepp ut for mykje karbon, dersom du ikkje er miljøvennleg nok, kan ikkje berre elektrisiteten din bli slått av, men betalingsmåtar du har brukt, vil ikkje lenger fungera. Prøver du å kjøpa ei steik, vil du bli fortalt at det faktisk er rødt kjøt du et, men du hadde ein hamburgar til lunsj, så din kvote er brukt for i dag. Dette er kjent som det kinesiske sosiale kredittsystemet.

Eg er glad for å vera i eit panel med åtferdspsykologar, for det eg beskriv har, over fleire tiår med ein skritt-for-skritt-politikk, omfatta heile planeten og kravd beskyttelse mot dei demonane som har blitt presentert for oss i navnet til krigar. Sluttproduktet er at vi skritt for skritt har blitt bevega mot meir sentralisert statskontroll og autoritærianisme.

Eg fortel dette fordi det er min jobb her i dag å be dykk alle om å ta ein metaforisk mobiltelefon og dra ut bildet litt. Det er eit fantastisk arbeid de gjer her, men det er berre ei akt i eit større teater som eg prøver å beskrive så du kan forstå to ting: Å forstå konteksten du opererer i skulle gi deg motivasjon og oppmuntring, fordi du er ikkje åleine. I den konteksten du opererer, er klimavitaren ein ekvivalent av deg som prøver å avkrefte dette nullutslepps-fusket. Det er  dei politikarane som er ekvivalent til deg som vil få slutt på kampen mot terror. Dei arbeider hardt og har gjort det lenge for å overbevisa regjeringane våre om å trekkja seg ut av land dei har invadert.  Vi ser resultat av det fordi vi ikkje lenger er i Afghanistan.

Det er folk som tenkjer som deg når det gjeld krigen mot narkotika. Dei prøver å overbevisa regjeringar om at deira politikk er sjuk og fører til uproporsjonalt mange svarte menn i fengsla. Det einaste dei oppnår er ikkje reduksjon i narkotikabruk, men makt til å kriga mot narkotika, som dei gjorde i krigen mot terror, som dei gjorde i krigen mot korona ved bruk av unntakslover. Som du ser kva dei har blitt einige om å gjera i klimakrigen på COP 11 toppmøte; å redusera karbonutslepp til null innan 2030. Du kan sjå at dei vinn meir og meir makt.

Vi treng å forstå kva som skjer i eit vidare perspektiv slik at vi kan forstå den rollen vi spelar, slik at vi ikkje fell for det psykologiske misbruket, for det er akkurat det det er. Dette er det eg ville presentere, men kvifor meg? Kvifor er eg her og snakkar til dykk om dette? Jo, fordi det var krigen mot terror som drog meg inn i denne situasjonen. I ein alder av 24 blei eg sett i fengsel i Egypt i eit forsøk på å kasta den egyptiske regjeringa. Alt du treng å vita om det er ein episode i livet mitt. Eg blei adoptert av Amnesty International som ein samvitsfange. Eg trengte ingen vitskapleg grad, for då eg såg staten fortelje meg, at dersom eg ikkje tok injeksjonen dei insisterte på at eg måtte ta, ville nye reglar, inkludert det å missa jobben, treffa meg.

Det var alt eg trengte å vita for å sjå at det var blitt erklært krig mot menneskets sjel. Eg trengte ikkje å vita, ikkje ein gong å bevisa, at vaksinen kom til å skada nokon, noko som vi no klart kan sjå at den gjer. Eg behøver ikkje nokon vitskapleg grad for å snakka om det. Eg blei dregen gjennom tortur i Egypt, der dei torturerte alle med elektrisitet i genitalia. Så sette dei oss i 3 månaders isolasjon før dei tok oss til legen og sa; Ta denne injeksjonen. Vi hadde ingen valg. Min sjelevenn, eg vil alltid hugsa han, fall død om i cella ved sida av meg. Det blei eit opprør den natta i det egyptiske fengselet, og det var fordi vi trudde dei hadde sprøyta noko  giftig inn i kroppen hans. Dei sa han døydde av hepatitt B.

Eg ville vita om det var krigserklæring mot mennesket då staten sa til meg, at om du ikkje tar dette stikket, vil vi pakka deg i sekk. Sjølvsagt vil ting bli gjennomskoda, som ved det store arbeidet de gjer her. Dersom eg ber deg, mann eller kvinne, om å ta av alt tøyet fordi eg seier det, og hvis ikkje, sparkar eg deg frå jobben. Du treng ikkje vita kvifor. Det er vald mot dine rettar. Så i det øyeblikket staten sa; tar du ikkje injeksjonen og at det ville få konsekvensar, vekte det meg til fakta om at dette har blitt gjort før i krigen mot terror og i krigen mot narkotika. Derfor var det lett for meg å gå inn i denne samtalen frå perspektivet politisk teori og frå perspektivet om sivile friheiter, frå eit perspektiv der vi må forsikre oss om at den menneskelege sjela er verna. Som konklusjon vil eg sei, at dersom vi kjenner igjen dette, så er det håp.

Og håpet er følgjande: Sjå på tilstanden i krigen mot narkotika. Få trur på det no, og det er ein grunn til det. Tilsvarande i krigen mot terror. Det er ein grunn til at få no likar Tony Blair and George Bush. Eg har sete saman med dei begge og prøvd å overtyda dei om desse synspunkta.  Ansikt til ansikt. Det er ein grunn til at narrativet har gått tapt i krigen mot narkotika og terror. Det er ein grunn til at narrativet om korona ikkje er det same som det var for eitt år sidan. At vi kan samlast her i dag i Austerrike uten å bevisa vår vaksinestatus. Det er ein grunn til det, og det er at folk, som kjem saman for å kjempe mot dette, har hatt ein viss grad av suksess, og det er difor eg ber dykk halda fram. De er aktørar i dette teateret. Det har påverknad. Det same skjer med klimapolitikkagendaen. Vi må sjå bakover og kjenna igjen at dette er ein krig.

Det politiske,  globalistiske prosjektet er følgjande: Dei vil ha oss alle, med alle våre ulikheiter, med alle våre kulturar, religionar, trussystem og nasjonalitetar. Det globalistiske prosjektet vil ha oss alle til å bli eitt. Alle over heile verda. Eg vil be dykk om å hugsa at det spirituelle prosjektet handlar ikkje om at vi skal bli eitt, men at det blir einskap i det å vera til. Når vi forstår det, forstår vi at i det finnes løysingar på kva vi treng å gjera. Det vil bli gjort forsøk på å splitta oss, på å vinna over oss i denne krigen. Dei forsøka vil visa seg også blant oss her. Nokon trur det er eit virus. Andre trur det ikkje finnes eit virus. Lat oss ta kampen der. Faktisk er det akkurat det dei ønskjer. Fleire vil bli sinte fordi folk døyr. Dette er truleg den største massedøden sidan 2. verdskrig. Vi må opptre fredeleg, for blir vi aggressive, kan dei sei: Her er grunnen til at desse folka må kontrollerast. Takk.

Fyll in din epostadresse og abonner gratis på våre artikler

Les artikkelen direkte på Alternativ -Media

Auto Feeder
Author: Auto Feeder

Legg igjen en kommentar