Derimot: Russland er ledende på jamming Fører til at USA-våpen i Ukraina blir ubrukelige

derimot.no:

Print Friendly, PDF & Email

Lekka dokument viser at USA sine smart-bomber feilar i Ukraina

AV TYLER DURDEN

USA-produserte smart-bomber mislykkast i Ukraina på grunn av vellykka russisk elektronisk jamming [forstyrring av t.d. GPS-signal, mrk.], ifølge eit Pentagon-dokument som skal vere lekka av Jack Teixeira.

Det svært hemmelege dokumentet tar ikkje berre opp dei effektive russiske mot-tiltaka som gjer bombene ineffektive, men seier og at tekniske problem i nokre tilfelle resulterer i at bombene ikkje detonerer.

Eit forsvarshjelp-program frå Biden-administrasjonen har involvert å sende Joint Direct Attack Munition-Extended Range (JDAM-ER) til Ukraina for å gjere ikkje-styrte bomber om til GPS-styrte «smarte bomber» som kan nå mål over 8 mil unna.

Ifølge Politico

Eit større problem er det at Russland brukar GPS-jamming til å forstyrre våpena sin målsøkingsprosess, ifølge dokumentet og ein person med innsyn som ikkje sit i regjeringa. Offisielle tenestemenn i USA trur den russiske jamminga gjer at JDAM’ane, og iblant også andre av USA sine våpen, t.d. styrte rakettar, bommar på målet. 

«Eg trur det er uro over at russarane kanskje jammar signalet som blir brukt til å styre JDAM’ane, noko som ville forklare korfor desse våpena ikkje oppfører seg som forventa og slik dei oppfører seg i andre krigssoner,» sa Mick Mulroy, ein tidlegare Pentagon-tenestemann og pensjonert CIA-offiser.

Dokumentet nemner at «1,000 arming lanyards» [band som blir hengd på militæruniformar for å vise rang og kvalifikasjonar, mrk.] vart godkjende for ukrainske styrkar, noko som tyder på at over 1000 av smartbombesetta vil bli sende.

Fleire andre av dei store systema som USA har levert feilar óg, og dei er langt ifrå dei ’spelendrande’ våpena som Kiev hadde håpa på. Dei lekka Pentagon-dokumenta nemner på andre plassar at rakettane M270 og HIMARS også blir forpurra av dei russiske styrkane sin GPS-jammingstaktikk. Nokre av dokumenta viser at Ukraina generelt er plaga av mangel på ammunisjon og våpen, trass i alle milliardane i forsvarshjelp som Vesten har forplikta seg til.

Omsett av Monica Sortland

https://www.zerohedge.com/military/leaked-document-shows-american-smart-bombs-are-failing-ukraine

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...