Derimot: Med en helt annen vinkling: Kortnyheter fra hele verden.
derimot.no:
Disse nyhetene er ikke nye i den forstand at de ikke publiseres i vest. Men de publiseres med en annen forståelse, med et annet perspektiv. Dermed bringer de enkelte begivenheter frem i et annet lys og gir grunnlag for en annen oppfatning av det som skjer. Kanskje det også gir grunnlag for en mer levende diskusjon noe som alltid er verdifullt.
Vi har hentet disse fra Voltairenet.org sitt ukentlige nyhetsbrev på engelsk.
Knut Lindtner
Redaktør
USA er snart kringsett
Ifølge sjefen for North American Aerospace Defense Command, general Glen VanHerck, vil Russland innan eit år eller to vere i stand til å ha permanent utplasserte atomkraftsdrivne angrepsubåtar utanfor USAs kystlinje, i Stillehavet og Atlanterhavet. Russlands ubåtar av klassen Jasen har kapasitet til å utføre ei rekke oppdrag, inkludert antiskips- og antiubåtskrigføring, etterretningsinnsamling og støtte til spesialoperasjonar.
Revisjon av USAs støtte til Ukraina
Republikanaren Marjorie Taylor Greene, representant for Georgia, pressa igjennom ein resolusjon i Husets komité for utanrikssaker, der det blir kravd full gjennomgang av dei 113 milliardane dollar i militær og sivil støtte til Ukraina. Generalinspektørar frå Pentagon, utanriksdepartementet og Byrået for internasjonal utvikling (USAID) har sagt at ei slik gransking er unødvendig.
Ukraina utviser geistlege som er lojale mot Moskva-patriarkatet
Den ukrainske regjeringa har bestemt seg for å ikkje fornye leigeavtalen til den ortodokse kyrkja i Kiev-Pechersk Lavra. Det fører til at 500 menneske, inkludert 200 munkar enten vil måtte slutte seg til den ukrainske ortodokse kyrkja, eller forlate landet. Fram til dess har dei forbod mot å entre hovudbygga sine, i frykt for at dei kan flykte med relikvier, inkludert hovudskallen til Pave St. Clement.
Pavane og munkane til den ortodokse kyrkja under Moskva-patriarkatet (inkludert i vest-Europa) er alle tilsette av Russland. Den ukrainske ortodokse kyrkja er ikkje berre ei lokal kyrkje organisert av USA, men den er og etterkomaren av ei kyrkje som støtta dei verste av brotsverka til dei «integrerte nasjonalistane» før og under Andre verdskrig, inkludert massakrane på jødar.
Ukrainsk hemmeleg avdeling skal skade russiske soldatar
Ifølge avisene Times og Daily Express, har USAs CIA og det ukrainske GRU oppretta ei hemmeleg avdeling av 27 menn, under namnet Thor. Oppdraget deira er ikkje å drepe, men å alvorleg såre så mange russarar som mogleg. Det verkar som alle medlemmane er «integrerte nasjonalistar» som kjempa i Donbass.
Russland testar sitt arsenal
Russland haar testa sine hypersoniske antiskipskryssarmissil Moskit i Japan-havet. Desse missila frå Sovjet-tida har blitt moderniserte; dei har den særeigenskapen at dei flyg mykje raskare enn USA sine Harpoons. Dei blir utfyrte på koordinert vis av mange skip eller luftfartøy, og når målet på same tid, noko som gjer avskjering nær umogleg. Russland har og gjennomført militærøvingar med termonukleære interkontinentale ballistiske missil av Jars-typen.
Russiske atom-missil i Kviterussland
Russland har utplassert kortrekkande ballistiske Iskander-missil utstyrt med taktiske atomstridshovud i Kviterussland (Belarus) etter førespurnad frå president Alexander Lukashenko.
Moskva vil væpne sine allierte slik Washington gjer med sine: i årevis har Pentagon plassert ut B-61-bomber, dvs. kjernefysiske hydrogen-bomber i Tyskland, Belgia, Italia, Nederland og Tyrkia. Hittil har Russland sett på USA si utplassering av B-61 til sine allierte som eit brot på avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen. Men dei har no bestemt seg for å gjere det same sjølv, noko som vekker uro. «Om Belarus skal vere vertsland for russiske atomvåpen, vil det bety ei uansvarleg eskalering og ein trussel mot europeisk sikkerheit … Belarus kan enno stopp det, det er deira val (…) EU er parate til å slå tilbake med nye sanksjonar,» skreiv EUs høgrepresentant for utanrikssaker og sikkerheitspolitikk, Josep Borrell.
Nord-Koreas arsenal
Den demokratiske folkerepublikken Korea (kjend som «Nord-Korea») testa to undervassdroner kalla Tsunami («Haeil» på koreansk). Dei kan vere i stand til å forårsake ein radioaktiv tsunami. I testen manøvrerte dronane 41 timar under vatn før dei øydela måla sine utanfor Hamgyong-provinsen. Ifølge ekspertar kan Nord-Korea ha hatt nytte av Russland si utvikling av Poseidon-dronane, men dei meistrar ikkje enno alle aspekt ved desse.
Nord-Korea sleppte også fotografi av 10 Hwasan-31 taktiske atombomber, noko som vekte oppsikt i Washington. Pyongyang har testa 6 strategiske atombomber sidan 2016, men det var uklart om dei i tillegg hadde taktiske.
Valdelege samastøytar i Frankrike tar mediefokus
Då tusentals protesterte mot bygginga av eit gigantisk vassreservoar i Sainte-Soline i Frankrike, braut det ut valdelege samanstøytar, der prosjektila hagla. Fleire hundre av både politi og demonstrantar hamna på sjukehus, to av demonstrantane i koma.
Den franske fylkesmannen for regionen hadde forbode demonstrasjonen. Ifølge fransk lov kan berre organisatorane bak folkesamlinga rettsforfølgast. Dei protesterande, på andre sida, er ikkje demonstrantar som kjem under grunnlovsprinsippet om talefridom. Dei kan høgst bøteleggast med ei bot på 11 euro for brot på prefektens forbodsordre. På den andre sida, kan det å bli på staden etter at demonstrasjonen har utarta og gendarmeriet har skrive ut sine vanlege bøter, straffast med eit år i fengsel og bot på 15 000 euro. Denne straffa kan aukast til opptil 5 år i fengsel og ei bot på 75 000 euro for bering av våpen.
Dei aller fleste franske media støttar i dag demonstrantane mot politiet. To veker med protestar mot regjeringas misbruk av grunnlovas paragraf 49-3, der dei demokratiske prinsippa vart brotne då regjeringa vedtok ein ny pensjonsreform utan at den vart røysta over i parlamentet, har bana veg i avisene for å tiltale politiet.
Frankrike anerkjenner Holodomor
Nasjonalforsamlinga vedtok Resolusjon nr. 97 om «anerkjenninga og fordømminga av Den store hungersnauden i 1932-1933, kjend som Holodomor, var folkemord». Basert på Europaparlamentet sin resolusjon av 15. desember 2022 (2022/3001 [RSP]), står det: «Med tanke på Sovjet-styresmaktene si implementerting av ein ftamtvinga hungersnaud i Ukraina, som forårsaka at fleire millionar ukrainarar døydde, for å innføre med makt og terror sin kollektiviseringspolitikk; den villa naturen til øydelegginga, fullt eller delvis, av den nasjonale identiteten og det ukrainske folket, og særleg den ukrainske bondestanden, ved konfiskering av avlingar og såkorn, intensivering av undertrykking, stenging av grenser og blokkadering av landsbyar.».
Men tolkinga av denne hungersnauden som ein plan for å øydelegge ukrainsk identitet, er ein myte skapt av professor Lev Dobriansky (medlem av World Anti-Communist League) og i dag støtta av dottera hans, Paula Dobriansky (som var med på å grunnlegge Project for the New American Century). Ifølge historikarar kom denne hungersnauden vel så mykje på grunn av uår som av tilbakeslag i kollektiviseringa [det var mellom anna ei kjend sak at storbøndene, kulakkane, som framleis okkuperte jorda dei hadde sete på under føydalismen i Russland før revolusjonen i 1917, heller brende opp avlingane sine enn å gi dei til fellesskapet, mrk.]. Svolten herja og i andre regionar av Det sosialistiske Sovjet-samveldet, og kan ikkje tolkast som verken eit ønske om å drepe, eller ein politikk retta berre mot ukrainarar.
Skottland har fått ny statsminister
Scottish National Party (SNP) utnemnde Humza Yousaf til leiar, og deretter valde det skotske parlamentet han til statsminister. Opprinneleg frå Pakistan, er hen den første muslimske statsministeren i vest-Europa. Han har ikkje fleirtalsstøtte i folket, men vart leiar av SNP ved å love å godkjenne lova om at tenåringar skal ha retten til å skifte kjøn.
ICC mottar klage om jordskjelvet i Tyrkia og Syria
I eit ope brev til Den internasjonale straffedomstolen (ICC), publisert av tidsskriftet Advances in Social Sciences Research Journal, fordømmer tre personar jordskjelvet i Tyrkia og Syria som ei menneskeskapt handling, såkalla geo-engineering. Artikkelen er basert eit stort tal presseartiklar (inkludert Voltaire Network sine).
Jean-Pierre Bemba returnerer
Jean-Pierre Bemba, som i nesten ti år sat i fengsel etter at Den internasjonale straffedomstolen (ICC) dømde han for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta, før han vart frikjend i 2018, vart nyleg utnemnd til visestatsminister og forsvarsminister av Den demokratiske republikken Kongo. Han vil måtte finne ein måte å gjenopprette freden i aust på, særleg i nord-Kivu, ein provins som til store delar er okkupert av Rwanda-støtta M23-rebellar. President Felix Tshisekedi har stokka om på regjeringa si og introdusert mange politiske tungvektarar.
Sør-Afrika og ICC
Sør-Afrika, som er medlem av Den internasjonale straffedomstolen, har utvida sin invitasjon av Russlands president Vladimir Putin til BRICS-toppmøtet (22.-24. august). Men sistnmnde er offer for ein arrestordre frå ICC, som Pretoria er beden om å utføre. I 2015 var Sør-Afrika vert for Sudans president Omar al-Bashir ved eit toppmøte for Den afrikanske unionen. I 2016 vurderte president Jacob Zuma å forlate ICC. I 2017 irettesette ICC South Africa utan å pålegge dei sanksjonar.
Ungarn vil ikkje arrestere Vladimir Putin
Ungarn vil ikkje arrestere president Vladimir Putin viss han kjem på besøk til landet, sa Gergely Gulyas, stabssjef for statsminister Viktor Orbán. Ungarske lover tillet ikkje dette, og arrestordren til ICC er beklageleg, for den går «i retning av eskalering heller enn fred».
Israelske organisasjonar anklagar landet sitt for tortur
Addameer Prisoner Support, som forsvarer rettane til palestinske fangar, og gruppa al-Haq, som driv med juridisk bistand, la fram ei felles erklæring ved den 52. sesjonen til FNs Menneskerettsråd. Dei hevda at dei israelske styresmaktene systematisk utset palestinske fangar for totrtur. I tillegg nektar domstolane å observere spor etter overgrep på kroppane til palestinske fangar.
Knesset beskyttar Benjamin Netanyahu
Knesset vedtok ei lov som hindrar statsanklagaren i å erklære ein sittande president som inkompetent/upassande/unfit for stillinga. Statsminister Benjamin Netanyahu ville sannsynlegvis ha blitt erklært inkompetent.
Saudi-Arabia vil bli SCO-partnar
Den saudi-arabiske regjeringa har bestemt seg for å slutte seg til Shanghai Cooperation Organization, SCO. Eit møte med kong Salman er venta å formalisere førespørselen etter assosiert-status ved SCO. Denne kunngjeringa kjem tre veker etter signeringa av avtalen mellom Saudi-Arabia og Iran i Beijing.
Handelen mellom Kina og Brasil går over til yuan og real
Brasils president Luiz Ignacio Lula da Silva laut utsette turen sin til Kina på grunn av sjukdom, om det ikkje var fordi den tidlegare presidenten, Jair Bolsonaro, brått returnerte. Uansett har den brasilianske delegasjonen allereie kunngjort i Kina at handelen mellom Brasil og Kina ikkje lenger vil føregå med dollar, men i kinesiske yuan eller brasilianske real.
TotalEnergy kjøper gass for yuan
Frankrikes TotalEnergies har nett kjøpt emiratisk flytande gass (LNG) frå China National Offshore Oil Corporation. Transaksjonen skjedde ikkje i amerikanske dollar, men i kinesiske yuan. Yuan er no den femte mest brukte valutaen i verda, etter dollar, pund sterling, euro og yen.
Omsett av Monica Sortland
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°34 – 31. mars, 2023
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst