Derimot: Mediene forteller eventyrhistorier. Krigen i Ukraina splitter USA og EU.
derimot.no:
Europa stadig argare på USA
27. november 2022 av Larry Johnson (Tidligere CIA-analytiker)
Det følgande videoklippet viser kaoset som er i ferd med å falde seg ut i Vesten som ein konsekvens av at USA og Europa prøver å knuse Russlands økonomi. Det er som å sjå Helan (USA) og Halvan (Europa), berre at det i dette tilfellet er Europa som iretteset USA: «No har du igjen rota oss opp i ei fin suppe.» Men du får gjerne kome med innspel om kven som er kven.
Vinden har definitivt snudd for Vestens solidaritet med støtta til Ukraina. The Politico publiserte nett ei historie med den talande overskrifta ’Europa skuldar USA for å profitere på krigen’, Europe accuses US of profiting from war:
Ni månadar etter at han invaderte Ukraina, byrjar Vladimir Putin å bryte opp Vesten.
Europeiske topp-tenestemenn er rasande på Joe Bidens administrasjon og skuldar no på amerikanarane for at dei tener ein formue på krigen, samstundes som EU-landa lir.
«Faktum er, om ein ser edrueleg på det, at det landet som mest profitterer på denne krigen er USA, for dei sel meir gass til høgare prisar, og dei sel meir av våpen,» sa ein senior-tenestemann til POLITICO.
Utruleg. Politico-skribentane legg skulda på Putin for det som USA og Europa gjorde mot seg sjølve. Eg kan høyre Europa klage seg: «No har du igjen rota oss opp i ei fin suppe, USA.»
Den europeiske tenestemannens klage om at USA profitterer på bekostning av Europa morar meg. Då eg arbeidde som analytikar for CIA, hadde vi eit uttrykk for denne typen ’Kaptein openlyst-episodar’ – vi kalla det «No Shit Analysis», forkorta til NSA. Dei neste dagane vil motskuldingane og harmen mot USA vekse og spreie seg utover Europa. Det vil gjere det vanskeleg for Europa å støtte krigen i Ukraina, samtidig som Ukraina sitt behov for utlandsk hjelp og militærstøtte aukar.
Sjølv om Europa har rett i at visse sektorar av USAs økonomi sopar inn profitt på bekostning av Europa, så viser USA sin økonomi klare teikn på innskrenkingar på fleire felt.
Sundance, ved Conservative Tree House, har ein utmerkt artikkel om den anemiske starten på jule-shopping-sesongen i USA – The Consumer Economy Has Completely Collapsed – “It’s a Ghost Town” for Holiday Shopping Everywhere (forbrukarøkonomien har kollapsa fullstendig – «det er ein spøkelsesby» for jule-shopping overalt). Tidlegare år har konsumentane stilt seg i kø tidleg på morgonen på Black Friday (dvs. dagen etter Thanksgiving) utanfor butikkar som Best Buy.
Slik såg det ut i 2020 trass i Covid-nedstengingar:
No, to år seinare, har vi dette:
Sundance siterer ein Reuters-artikkel som kortfatta understøttar denne videoen:
Reuters – […] Rundt 166 millionar menneske planla å shoppe frå torsdagens hausttakkefridag fram til førstkomande «Cyber-måndag», ifølge National Retail Federation, nesten 8 millionar fleire enn i fjor. Men med sporadisk regn i nokre delar av landet, vart butikkane mindre travle enn vanleg på Black Friday.
«På denne tida av året har ein vanlegvis vanskar med å finne parkeringsplass. I år har eg ikkje hatt noko trøbbel med det,» sa Marshal Cohen, chief industry adviser for NPD Group Inc.
«Det føregår mykje sosial shopping, alle er berre ute etter å få tak i det dei treng. Det er ingen atmosfære av iver,» la Cohen til, basert på butikk-kontrollane han hadde hatt i New York, New Jersey, Maryland og Virginia.
I kjøpesenteret American Dream i East Rutherford, New Jersey, var det ingen køer utanfor butikkane. Ein tilsett ved Toys ‘R’ Us delte ut løpesetlar med ei liste over «dør-nedrennande» Black Friday-reklametilbod.(les meir)
Det er ikkje berre jule-shoppinga som lir. Kjøp av fritidskøyretøy (Recreational Vehicle, RV) som bubilar fell også. Denne artikkelen, RV Boom Over? Monthly Shipments Plunge As Dealerships Overflow With Campers, kjem med nokre urovekkande detaljar:
Langs med motorvegen på Austkysten i USA er det fleire dusin forhandlarar av fritidskøyretøy. Under hausttakkefriveka på Interstate 95 and 85 mellom midt-atlanterregionen og det djupe sør, er RV-forhandlarane overfløymde av inventar, ei massiv endring i høve til dei tomme parkeringsplassane då det var høg etterspørsel etter fritidskøyretøy under pandemien.
RV Industry Associations oktober 2022-oversikt viser at den totale leveransen av fritidskøyretøy denne månaden kom på 32 652 einingar, ein massiv nedgang på 43,7% i forhold til dei 57 971 einingane som vart leverte i oktober 2021. Fram til november minka leveransane 12,2% samanlikna med same tidspunkt i fjor, med 448 246 wholesale shipments.
Kan du hugse dei sørgelege spådommane tidleg i november om at USA vville gå tom for diesel? Vel, det ser ut til at den åtvaringa var feil. Godt nytt, ikkje sant? Niks. Les denne: The Diesel Crunch Is Finally Causing Demand Destruction
Tidlegare i haust fall US-amerikanske destillat-aksjar til sitt lågaste for denne tida av året sidan 1951, rett før hetesesongen starta og nokre månadar før EU-embargoen på import av russiske ojleprodukt, som trer i kraft i februar.
No har det kome teikn på at svakare etterspørsel dei siste vekene sakte kan ha starta ei gjenoppbygging av diesel-lagera, tvert imot sesong-trendane. Destillat-lagera i USA steig med 3 millionar fat dei seks vekene før 18. november, ifølge estimata til Reuters senior-marknadsanalytikar John Kemp, basert på EIA-data.
I produkt levert – ein indikator på etterspørsel – vart det levert i gjennomsnitt 4 millionar fat per dag av destillat-drivstoffprodukt dei siste fire vekene, ned med 3,5% frå same periode i fjor, viser EIA-dataa.
Når ein bygger opp varelager fordi etterspørselen har falle, bør ein forstå at økonomien er i vanskar og går i feil retning.
Fins det betre måtar å starte feriesesongen på enn å miste jobben? Denne nyheitshistoria frå Mississippi er ikkje noka isolert hending.
Ein tidlegare tilsett ved United Furniture Industries hevdar møbelfabrikanten med hovudkvarter i Tupelo, Mississippi, braut føderal lov då det ikkje vart gitt 60 dagars varsel om den abrupte nedstenginga til nær 2700 tilsette og lastebilsjåførar som brått stod utan arbeid to dagar førThanksgiving.
Tidlegare UFI-tilsette, under merkevarenamnet Lane Furniture, vart tidleg tysdag morgon overrumpla då dei fekk enten ein e-post eller ei tekstmelding som instruerte dei til ikkje å møte opp på jobben den dagen, fordi jobbane deira var lagt ned «på grunn av uføresette forretningsomstende» …
Seint i juli stengde møbelfabrikanten fabrikkane sine i Winston-Salem og High Point, North Carolina, med det resultat at over 270 arbeidarar mista jobben, ifølge innrapporteringar frå WARN Act til North Carolina Department of Commerce.
Ytterlegare 220 arbeidsplassar vart eliminerte seint i juli ved selskapets fabrikk i Amory, Mississippi. «Den nye leiarskapen hadde arbeidd ekstremt hardt med å få på plass nye prosessar,» fortalde den tidlegare tilsette til FreightWaves. «Det var så mykje innsats lagt ned at ingen verkeleg forstod korleis dei kunne legge ned over natta.»
Når folk kjøper seg hus, kjøper dei gjerne nye møblar i same slengen. Den etterspørselen ser ut til å ha tørka opp, og United Furniture Industries skjer ned. Kanskje vil dei flytte jobbane til utlandet, men det verkar ikkje som den noverande etterspørselen er stor nok til å rettferdiggjere utvida produksjon.
I starten av Andre verdskrig trappa USA og Sovjetunionen, trass tidlege tap, dramatisk opp produksjonen av våpen, fly, skip, stridsvogner og ammunisjon som trengdest i kampen mot nazistane og Japan. I dag, medan krigen i Ukraina skurar vidare, er Vesten travelt opptatt med å tigge om militære forsyningar frå land som har overskotslager og med å pusse støvet av utdaterte våpensystem som dei sender til Ukraina. Ingen krisestemning og inga betydeleg opptrapping i produksjonen. I motsetning til raskheita USA produserte med under Andre verdskrig (USA bygde eitt hangarskip i månaden), opererer forsvarskontraktørane som har fått oppgåva med å produsere erstatningsvåpen og ammunisjon no med ei tidslinje på fleire månadar, iblant år. Det er sikkert Putin sin feil, det óg.
Fritt omsett og avkorta av Monica Sortland
Linker i artikkelen:
Lost in translation: https://sonar21.com/europes-growing-anger-at-the-united-states-while-u-s-economy-is-flashing-red/
Forsidebilde: iStock.
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1