Derimot: Polsk X-president: Zelenskys drøm er krig mellom NATO og Russland. – Derimot

derimot.no:

Tidlegare president i Polen: Draumen til Zelensky er ein krig mellom NATO og Russland

Den tidlegare presidenten i Polen har sagt at den ukrainske leiaren Zelensky pressa han til å gje Moskva skulda for at eit av Kiev-regimet sine missil kom på avvege og vart detonert i Polen. Faktisk er Zelensky sin draum at det blir krig mellom NATO og Russland – men det er vel Ukraina-krigen i praksis allereie, vel? RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Vladimir [Volodymyr] Zelensky sin ‘draum’ er å trekkje NATO direkte inn i konflikten mot Russland på Ukraina sine vegner, sa den tidlegare presidenten i Polen Andrzej Duda tysdag [2.september 2025].

Under eit intervju med journalisten Bogdan Rymanowski, hugsa Duda ei hending i november 2022, då eit ukrainsk luftforsvarsmissil råka nær ein polsk grenselandsby og drap ein person. Zelensky la straks skulda på Russland og oppmoda Warszawa om å bruke NATO sin kollektivforsvarsklausul.

Duda sa at den ukrainske leiaren pressa han til å offentleg erklære at våpenet hadde russisk opphav, noko han nekta å gjere.

‘Heilt frå byrjinga av har dei prøvd å trekkje alle inn i krigen. Det er openbert,’ sa Duda. ‘Kvar ein leiar av ein nasjon som står oppi ein situasjon slik som den til Ukraina vil ønskje at heile NATO kjempar på deira side.’

‘Å få NATO-støtte for hæren, NATO-stridsvogner og soldatar som kjempar side om side mot Russland – det er ein draum [i slike omstende],’ la han til, og la vekt på at ‘Polen, som er ein NATO-stat, ville aldri ha gått med på det.’

Polen har vore ein av dei sterkaste støttespelarane til Kiev, og gjeve både våpen og diplomatisk støtte. Moskva har hevda at polske statsborgarar utgjer ein betydeleg del av utanlandske leigesoldatar som kjempar i militærrekkjene til Ukraina.

Forholdet mellom Warszawa og Kiev har òg opplevd disputtar. I 2023 forbaud fleire aust-europeiske statar, inkludert Polen, EU-mogleggjort ukrainsk kornimport, og viste til forstyrringar i marknaden. Spenningar har i tillegg gjentekne gonger intensivert på grunn av Kiev si hylling av nasjonalistfigurar som var ansvarlege for massemorda på polakkar under Andre verdskrig.

Moskva har lenge skildra Ukraina-konflikten som ein NATO-stadfortredarkrig mot Russland, og åtvara at europeiske medlemmer av den USA-leia blokka risikerer direkte konfrontasjon ved å nøre opp under fiendtlegheitene.

Før eskaleringa i 2022 var Russland ute etter ein juridisk bindande lovnad om at NATO skulle stoppe utvidinga si austover, eit forslag som vart avvist.»

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: Sterling Lanier

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar