Derimot: Stemme etter overbevisning. Er det å kaste bort stemmen? – Derimot

derimot.no:

Stemme? På hvem? «Kaste bort» stemmen

Av Svein Grødaland

Stemmer det at gruppa «andre» parti aldri har vore så stort? Over seks prosent av oss vil heller «kasta vekk» vår røyst på eit av desse mikropartia som uansett ikkje kjem inn på Stortinget. Seks prosent er godt over sperregrensa. Hadde dei «andre» vore eit parti, kunne dei fordelt eit lite dusin mandat seg i mellom.

Det kan nok tenkjast at det kan vera eitt og anna tulleparti i denne gruppa. Minner om narren sin hitoriske plass. Narren si oppgåve var å seia det til kongen som ingen andre våga å seia. Når me ikkje lenger har nokon narr i makta sine lokaler, får me ty til andre grep.

Sjølv er eg meir enn freista til å røysta på eit av desse små partia. Eg reknar ikkje med at min mann i Rogaland kjem inn på Stortinget. Til det er mitt fylke alt for konservativt og blått.

Når eg tek valgomaten, havnar eg i selskap med FOR, Norgesdemokratane og Raudt. Kvifor ikkje? Eg vil helst ikkje ha Støre eller Solberg som statsminister dei neste fire åra. Dei driv alt for mykje utanrikspolitikk, og gløymer oppgåvene her heime. Begge fører billig retorikk om skatt og skattelette. Har dei gløymt at skatten er vår felles spleisekasse, der folk yter etter innsats og får hjelp etter behov. Eg er livande redd for at skattelettefolka skal få fart på amerikaniseringa av samfunnet. Den store naboen i vest har ingen velferdstat. Folk er overletne til seg sjølv. Eit slikt samfunn vil eg helst ikkje bu i.

Eg er omlag sytti prosent samd med desse partia, mest med FOR og Raudt. Det plagar meg ikkje å ha Norgesdemokratane i dette selskapet. Dei har eitt sentralt poeng: Norske politikk skal først og fremst handla om norske interesser, ikkje maktsentra som EU og Nato. Nokre kjelder står ei dyster framtid for desse to. Økonomien går dårlig, dels på grunn av militær aktivitet, dels på grunn av det grøne skiftet, eit skifte som på ingen måte er grønt. Det er gråbrunt.

Dette er ikkje det verste. Respekt for Livet er ein grunnleggjande verdi. Krig er mangel på respekt for livet. Likevel går våre politikarar inn for krigen, gråten og sorga. Dei er medskuldige i titusenvis av tapte liv, øydelagde liv, raserte familiar. Eg sender sdenne adressen i tre retningar: USA som la til rette for krig, Russland som vart pressa til å bita på agnet, Israel som fører det dei kallar krig mot hamas, men er lite anna enn eit asymmetrisk angrep på den evige «fienden», palestinarane. Dette merkelege folket, som ikkje fins, skal me tru iherdige sionistar. Dei vert pressa tilbake, både på Gaza og Vestbredden, medan verda stort sett berre ser på.

Den verkelege fienden, våpenindustrien, har berre ein agenda: Profitt. Alle som vil, kan kjøpa.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebilde: Element5 Digital

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar