Derimot: Den sosiale krisen forverrer seg. Søkte 900 jobber, men ingen tilbud. – Derimot
derimot.no:
Kollaps av arbeidsmarknaden og økonomisk mareritt: Søkte på 900 jobbar utan å få eit einaste tilbod
Ofte dukkar det opp artiklar i norske hovudstraumsmedia om folk som søkjer eit tresifra tal stillingar som dei er kvalifiserte for, utan å bli innkalla til eit einaste intervju, langt mindre få eit jobbtilbod. Tilsetjingsprosessen framstår tilfeldig og vilkårleg, og det er ikkje til å stikke under ein stol at det herskar trynefaktor rundt om hjå ymse arbeidsgjevarar. Stoda er ikkje noko betre i USA – faktisk er den verre, slik Michael Snyder skriv om i ein nyleg artikkel på bloggen sin The Economic Collapse Blog. Han skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Dersom du har søkt å hundrevis av jobbar og framleis er utan jobb, er du visseleg ikkje åleine. I mange industriar er det absolutt brutalt der ute akkurat no. Amerikanske arbeidsgjevarar har sagt opp fleire hundre tusen tilsette i 2025, og der er vanvitig konkurranse om alle gode jobbar som måtte vere tilgjengelege. So dersom du har ein god jobb som du set pris på, ville eg ha halde på den so godt som eg kunne, fordi du ønskjer verkeleg ikkje å ende opp blant dei desperate hordane som slit med å finne jobb i dette særs hjarterå økonomiske miljøet. Til dømes har ei 46 år gammal dame i Florida som vart sagt opp i september i fjor, søkt på 900 jobbar utan nokon som helst suksess:
«Jennifer Smith, 46 år gammal, seier ho har søkt på 900 jobbar sidan ho vart sagt opp i september i fjor frå ein tilbydar av finanstenester i Tampa-området i Florida, der ho leia brukaropplevingsavdelinga. Ho har berre fått eitt intervju og ingen jobbtilbod. Dette har gjort Smith, som har tre barn, stadig meir engsteleg for sine økonomiske midlar.
Smith valde førre veke å selje heimen sin med fem soverom og skaffe seg eit mindre hus. Medan betalinga frå sluttpakken har hjelpt, er den i ferd med å gå tom, og Smith har betalt skyhøge premiar for å behalde helseforsikringa si.»
Eg føler sånn med ho.
Å leite etter jobb i dette miljøet kan vere like utmattande som ein heiltidsjobb, men du får ikkje betalt for det.
Om ho ikkje finn ein jobb snart, kan ho potensielt misse alt.
Naturlegvis er der tallause andre som er i nøyaktig same båten.

På andre sida av landet seier 61 år gamle John Comber at han har søkt på rundt 500 jobbar sidan slutten av 2023 utan suksess:
«Enkelte eldre, arbeidslause amerikanarar lurer på om dei nokosinne vil finne seg arbeid igjen.
‘Eg ser på meg sjølv som halv-pensjonert på dette punktet,’ seier John Comber (61), ein programvare-kvalitetsingeniør i Sandpoint, Idaho. Han håpte å vere i arbeid i eit tiår til, og tenkte at han lett kunne finne seg anna arbeid då hans siste kontrakt gjekk ut i slutten av 2023. I staden estimerer han at han har søkt på 500 jobbar med ingen treff.»
Det er ikkje ein uteliggjar med ingen ferdigheiter vi snakkar om her.
Comber er ein høgt kompetent programvareingeniør.
Men dette er det økonomiske miljøet vi lever i no.
Det blir rapportert at talet amerikanarar som har vore utan arbeid i minst 27 veker, no ligg på ‘det høgste nivået sidan 2017, når ein ikkje tel med arbeidsløyseauken knytt til pandemien’:
«Jobbsøkjarar står ute i kulden denne sommaren. Spesielt dei som har jakta ei stund.
Bak dei overskriftsskapande topplinje-tala i jobbrapportane for juli månad var nok eit treffande stykke data: Talet personar som har vore arbeidslause i minst 27 veker passerte 1,8 millionar, det høgste nivået sidan 2017, når ein ikkje tel med arbeidsløyseauken knytt til pandemien. Snittlengda på arbeidsløyse i USA har òg auka, frå sesongjusterte 9,5 veker i juli 2024, til 10,2 veker førre månad.»
Oi.
Og det talet kjem berre til å bli høgare, fordi arbeidsgjevarar over heile nasjonen driv febrilsk og seier opp arbeidarar akkurat no.
Eg delte dette fredag, men eg føler for å dele det igjen i denne artikkelen. Ifølgje Challenger, Gray & Christmas, har amerikanske arbeidsgjevarar forkynt 806 383 jobbkutt so langt i 2025. Samanlikna med same tidsperiode i 2024, er dette ein auke på 75%:
«So langt dette året, har selskap forkynt 806 383 jobbkutt, det høgste sidan 2020 då 1 847 696 vart forkynt. Dette er opp 75% frå dei 460 530 jobbkutta som vart forkynt dei fyrste sju månadene av førre år, og er opp 6% frå 2024-totalen på 761 358.»
Korleis kan ein vri og vende på desse tala for å få dei til å sjå bra ut.
Du kan ikkje det.
Dette minner meg so mykje om det vi var vitne til i 2008 og 2009.
Mesteparten av landet lever på kanten økonomisk sett, og dermed kan tap av jobben bli absolutt katastrofalt.
So fort du står utan arbeid, kan det vere so freistande å vende seg til gjeld for å dekkje gapet.
Naturlegvis driv amerikanarar i desse dagar og opparbeider seg enorme mengder gjeld når dei til og med ikkje er utan jobb.
Som eit resultat har amerikanske hushald no meir enn 18 trillionar dollar i gjeld.
Ta ein augneblink og tenk over kor sprøtt dette er.
Når du bryt dette ned, utgjer det rundt rekna 53 000 dollar for kvar mann, kvinne og barn i USA.
Vi druknar bokstavleg tala i gjeld, og ein nyleg studie oppdaga at rundt to tredelar av alle amerikanske vaksne ‘lyg om eller skjuler sine økonomiske vanskar frå familie og venner’:
- «To tredelar av amerikanarar med gjeld lyg om eller skjuler sine økonomiske vanskar frå familie og venner
- Den gjennomsnittlege amerikanaren ber på 42 000 dollar i gjeld, men underdriv mengda med 6565 dollar når dei diskuterer det
- Skam driv hemmeleghaldet, der nesten 30% viser til audmjuking som hovudgrunnen for å skjule gjeld
- Å lyge om økonomien skader forhold for 73% av folk med gjeld, noko som ofte forårsakar kranglar og isolasjon»
Mesteparten av oss prøver å skjule våre økonomiske vanskar fordi vi føler skam over det.
Men det burde ikkje vere sånn.
Om vi berre kunne vere opne og ærlege med kvarandre om kva som skjer, burde vi finne ut at der er tallause andre som går gjennom det same.
Heile økonomien er mislykka, og om vi kan få folk til å forstå det, ville dei ikkje vere so raske med å gje seg sjølv skulda for problema sine. […]»
Sjå òg «Alle bør førebu seg på å plutseleg misse jobben», publisert 1.november 2023, og «Kva gjer du om du plutseleg står der utan jobb?», publisert 19.januar 2025.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidebilde: KI-generert