Derimot: Når en med vilje glemmer bakteppet. Var det egentlig Russland som startet krigen? – Derimot

derimot.no:

Contrafaktisk debatt

Dette innlegget er henta fra Svein Grødalands Facebook-side, 25.04.2025, dagen etter Støres og Stoltenbergs besøk i det hvite hus.

Av Svein Grødaland

Støre og Stoltenberg sitt besøk hos Trump er den store snakkisen i dag. Det som slår meg, er at alle, uansett parti, bygger på den same forteljinga, at det var Russland som starta krigen då dei invaderte Ukraina i 2022. Dei ser alle vekk frå det bakteppet som går lenger bak enn 2022.

Det er ikkje så lett å setja ein dato då historia starta. Av praktiske grunnar kan me starta med Krustsjov sin gave til Ukraina; Krim. På den tida var det Sovjet som dominerte arenaen i aust. Ukraina var ein integrert del av Sovjet.

Uheldigvis havna ein del russarar bak grensa då Sovjet kollapsa. Då vart Ukraina definert som stat, med alle dei motsetnadane som fans innanfor grensene; Russarar, polakkar, ungararar.

I 2014 tok politikken ei retning som russarane i landet ikkje kunne akseptera. Enden på den visa var at Kiev gjekk til krig mot det som i våre media vart kalla russiske seperatistar. Det var her sjølve krigshandlingane i Ukraina starta, med Kiev sin krig mot sine eigne, russiske landsmenn i 2014. Det var ei grense for kor lenge Russland kunne sitja stillt i båten og sjå på dette.

Her heime visste «alle» om krigen mot dei russiske seperatistane. Kvifor ser alle som er på TV vekk frå dette? Kvifor snakkar alle om at krigen starta i 2022? Med ein russisk invasjon. Meldingar i media frå den tida tyder ikkje på ein storstilt aksjon frå russisk side. Ting verka lite gjennomtenkt, og tabbane var mange. Kven hugsar ikkje rekka av russiske kjøretøy som berre vart ståande langs vegen?

Alt dette er gløymt. Propagandaen har teke plassen i staden for informasjon. Sjølv SV sin Ingrid Fiskaa formidlar propaganda i politisk kvarter i dag. Skuffande.

Det er greit at møte på toppnivå skal skje i diplomatiske former. Det er slik det skal vera. Då kan ein spørja seg kor lurt det er å troppa opp i Washington og verta fanga inn i Trump sitt garn med sin fredsplan for Ukraina, ein plan Europa, Norge medrekna, strittar mot av alle krefter? Europa vil av ein eller annan grunn halda krigen gåande slik at Ukraina igjen har politisk og militær kontroll over heile Ukraina, medrekna Krim. Dette er tåpelig politikk frå Europa. Me nektar å sjå fakta i augo, trur at me kan snu situasjonen og vinna ein krig me held på å tapa. Det kloke ville vera å innsjå fakta og handla ut frå det.

Ein eventuell fred må byggja på tillit. Frå vår side må me ha tillit til at Russland ikkje vil gå til krig mot oss eller andre europeiske land. Russland på si side må ha tillit til at vesten held det me har lova om å ikkje la Nato ekspandera mot aust etter 1990. Fins det nok materiale til å byggja ei bru her?

For meg ser det ut til at det berre er USA og Russland som ser realistisk på situasjonen. Problemet er oss, Europa. Då er det ikkje så rart at dei vaksne ikkje vil ha ungane til stades ved det bordet der det skal snakkast alvor.

Innlegget er hentet fra Politikus

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...