Derimot: Meget betent: USAs konfliktforhold til Iran. – Derimot
derimot.no:
Etter Ukraina, Iran?
av Thierry Meyssan
For dei «revisjonistiske sionistane» (det vil seie etterkomarane av Ze’ev Jabotinsky og Benzion Netanyahu — ikkje å forveksle med Theodor Hertzl sine «sionistar»), har tida kome, etter sigeren over Hamas, Hizbollah og Assad’ane, til å knuse Iran. For Donald Trump derimot, må prioriteten etter pasifiseringa av Ukraina-konflikten vere å skape fred rundt Iran. Pressa har auga sine på Palestina, men det er rundt Teheran at freden i Midtausten utspeler seg.

I Teheran lurar iranarar engsteleg på om israelarane og USA kjem til å bombe dei når økonomien deira er uttømd og dei ikkje lenger kan forsvare seg. Under slike tilhøve, bør dei forhandle med den gåtefulle president Donald Trump eller ikkje?
Den 2. mars 2025 vedtok iranske Majlis (parlamentet) eit mistillitsforslag mot økonomi- og finansminister Abdolnaser Hemmati, på grunn av handteringa hans av Vestens økonomiske blokkade og den resulterande økonomiske krisa. Same dag leverte venen hans, Mohammad Javad Zarif, som hadde vore med å forhandle fram atomavtalen med USA (Joint Comprehensive Nuclear-Test-Ban Treaty, JCPOA) og noverande visepresident, sin avskjedssøknad.
President Donald Trump avslørte den 7. mars at han hadde sendt eit brev til Iran. Den internasjonale pressa hadde kunngjort at det same dag hadde blitt overlevert frå Sergei Ryabkov, Russlands viseutanriksminister, til Abbas Araghchi, Irans utanriksminister. Men Nournews avslørte at Russland hadde nekta å ta på seg rolla som mellommann. Ifølge Esmail Baghaeri, ein talsmann for utanriksdepartementet, vart det til sist Anwar Gargash, diplomatisk rådgivar til presidenten for Dei sameinte arabiske emirata (UAE), som overleverte det den 12. mars. Uansett, utan å vente på å høyre om det, erklærte ayatollah Ali Khamenei, leiaren for Revolusjonen,: «Kva er poenget med å forhandle når vi veit at han ikkje vil overhalde sine forpliktingar? Vi sat ved same bordet og forhandla i fleire år, og straks avstalen var fullført, ferdigstilt og underteikna, velta han bordet og reiv den i stykker.»»

JCPoAs ettermæle
I 2013 forhandla Iran faktisk fram ein rammeavtale i Geneve med dei fem faste medlemmane av FNs Sikkerheitsråd samt Tyskland, 5+1. Den førte til ein midlertidig stans i det iranske atomprogrammet og til delvis oppheving av Vestens unilaterale tvangstiltak og Sikkerheitsrådets økonomiske sanksjonar. 5+1-forhandlingane vart deretter avbrotne, medan direkte forhandlingar heldt fram mellom Iran og USA bak kulissane. Dei vart til slutt tatt opp att i 2015 i Lausanne. Den offisielle avtalen vart signert i Wien, med liknande ord som i utkastet som var teikna opp to år tidlegare. Den er kjend som Joint Comprehensive Plan of Action (JCPoA).
USA anerkjende til sist Den islamske republikkens rett til å utvikle sitt sivile atomprogram. Til gjengjeld forplikta Iran seg til å tillate Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) å kontrollere at dei ikkje parallelt utvikla eit militært program. Til dette føremålet gjekk dei med på å ikkje ha meir enn 5060 sentrifugar, ikkje anrike uran over 3,67% og å avgrense sin produksjon av plutonium.
Frankrike og Storbritannia sa seg nøgde, medan den franske forhandlaren, Sayan Laurent Fabius, medgav at han under forhandlingane hadde informert den israelske statsministeren, venen Benjamin Netanyahu, utan at andre diplomatar visste om det.
Russland og Kina lærde av desse debattane, som vart stadfesta av deira eigne observajonar på bakken, at Iran hadde stoppa sitt militære atomprogram i 1988 i samsvar med ein fatwa frå ayatollah Ruhollah Khomeini, og aldri gjenopptatt det [1].

Den 30. april 2018 la Benjamin Netanyahu fram 100 000 dokument som Mossad hadde stole frå arkiv i Teheran, som handla om AMAD-prosjektet. Han erklærte at Iran hadde loge ved å ty til det muslimske prinsippet om Taqiya. Teheran hadde utvikla eit militært atomprogram frå 1989 til 2003, leidd av fysikaren Mohsen Fakhrizadeh.
Ei veke seinare, den 8. mai, 2018, kunngjorde president Donald Trump at USA trekte seg frå avtalen som Obama-administrasjonen signerte i Wien. Dei vedvarande unilaterale tvangstiltaka frå Vesten vil bli oppretthaldne og styrka.
«Sidan då har Iran tapt $100 milliardar i året,» ifølge tidlegare president Hassan Rouhani. Med desse tiltaka vil USAs tilbaketrekking altså ha kosta Iran eit tap på $650 milliardar over dei siste 6,5 åra.
Ekspertar på kjernefysikk som har studert dei iranske dokumenta som Israel har lagt fram, insisterer på at det ikkje var Iran som laug, men Israel. Den einaste delen av AMAD-prosjektet som skulle kunne linkast til ei atombombe, er ein sjokkbølgegenerator som blir brukt til å lage ein detonator for denne typen bomber [2].
Iran trekte seg deretter frå JCPoA og dei hemmelege avtalane signerte med USA. Lageret deira på 60% anrika uran auka til 182 kg siste kvartal av 2024.
I 2020 myrda Israel Mohsen Fakhrizadeh i Tehran.

På veg mot nye forhandlingar
På spørsmål frå iransk presse om moglege kontaktar via Oman, svarte Abbas Araghchi: «Ja, dette er ingen metode vi er framand for, og det har skjedd mange gongar oppigjennom historia. Derfor er indirekte forhandlingar gjennomførbart … Det viktige er viljen til å forhandle og kome fram til ein fair og rettvis avtale på like vilkår mellom statane. Kva form forhandlingane tar, er irrelevant.»
Den 12. mars, same dag som president Trump sitt brev vart levert, innkalte Frankrike, Hellas’, Panama, Sør-Korea, Storbritannia og USA Sikkerheitsrådet til møte bak lukka dører for å vurdere Irans framleis manglande framlegging av informasjonen som IAEA hadde bede om.
Dagen etter, den 13. mai, kalte Mohammad Hassan-Nejad Pirkouhi, generaldirektør for internasjonal fred og sikkerheit i Irans utanriksdepartement, ambassadørane frå USA, Frankrike og Storbritannia inn på teppet. Han kritiserte dei for å ha samla Sikkerheitsrådet på «uansvarleg og provoserande» måte og misbruk av FN-mekanismane. Han understreka at sjølv om Iran ikkje lenger overheld forpliktingane om å ikkje anrike uran til meir enn 3,67%, så repekterer dei framleis si JCPoA-plikt overfor IAEA-inspektørane og oppfyller krava under ikkje-spreiingsavtalen, Nuclear Non-Proliferation Treaty (NPT).
Storbritannia har sagt dei er klare til å gjeninnføre FN-sanksjonar seinast 18. oktober dersom ikkje Iran avgrensar si anriking av uran. Desse sanksjonane vart eigentleg suspenderte, ikkje oppheva.
Den 14. mars møtte russiske Sergei Ryabkov og iranske Kazem Gharibabadi sin kinesiske motpart, Ma Zhaoxu, i Beijing. Sistnemnde understreka at «dei involverte partane burde forplikte seg til å adressere årsakene til den noverande situasjonen og ikkje ty til sanksjonar, press eller truslar om bruk av makt.» På ein pressekonferanse sa Kazem Gharibabadi at «alle forhandlingar og diskusjonar vil utelukkande bli fokuserte på det kjernefysiske problemet og lettinga av sanksjonar.» Den tidlegare JCPoA-forhandlaren sa for sin del til BBC at «forhandlingane bør ikkje inkludere Iran sitt missil-program eller deira regionale innflytelse. Å legge til desse emna ville berre komplisere prosessen og gjere den uhandterleg.» Til sist fortalde Sergei Lavrov, Russlands utanriksminister, til pressa at det å legge ekstra vilkår til forhandlingane ville gjere dei dømde til å mislykkast. Til sist understreka Mao Ning, talsperson for det kinesiske utanriksdepartementet, at «i noverande situasjon trur vi alle partar bør bevare roen og halde tilbake for å unngå eskalering av den iranske kjernefysiske situasjonen eller ein marsj mot konfrontasjon og konflikt.»
I mellomtida møttest G7 sine utanriksministrar i La Malbaie, Canada, og diskuterte vilkårlege arrestasjonar i iranske etterretningstenesters mordforsøk i utlandet.
Den 15. mars understreka tidlegare president Hassan Rouhani at leiar Ali Khamenei «er ikkje heilt imot forhandlingar.» Han heldt fram: «Forhandla vi kanskje ikkje med USA om Irak, Afghanistan og atomavtalen? Sjølv då, då eg var sekretær for Det øvste nasjonale sikkerheitsrådet, skreiv leiaren sjølv at forhandlingar lyt følge viss prinsipp.»

Utfordringane ved dei nye forhandlingane
Viss nye kontaktar finn stad (og det er sannsynleg at dei allereie har starta), vil ein fredning av forholdet mellom USA og Iran ryste Midtausten på nytt.
For tida har Iran tapt i Palestina, Libanon og Syria. Teheran held på sin militære innflytelse berre i Jemen. Økonomisk er landet, som blir utsett for unilaterale Vestlege tvangstiltak, på grensa til hungersnaud, slik Irak var før Saddam Hussein vart styrta (2002) og Syriafør Bashar al-Assad vart styrta (2024). Dei ville ikkje lenger kunne stå imot ein bakkeinvasjon.
Naturen avskyr vakuum, og Israel og Tyrkia prøver å dele regionens ruinar mellom seg. Den interne pasifiseringa av det kurdiske problemet i Tyrkia delegitimerer stillinga til kurdiske leigesoldatar frå pseudo-staten som er forma i Syria (Rojava) og gjer dei tilgjengelege for ein mogleg bakkeinvasjon av Iran på Israels vegner.
Bak kulissane gjer manne bak Benjamin Netanyahu, Elliott Abrams [3], alt han kan for å vende president Donald Trump imot Teheran [4].
Omsett av
Monica Sortland
[1] “Who’s afraid of Iran’s civilian nuclear programme?”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 27 July 2010.
[2] «Shock Wave Generator for Iran’sNuclear Weapons Program:More than a Feasibility Study«, David Albright and Olli Heinonen, Foundation for Defense of Democraties (FDD), May 7, 2019. (PDF – 4.3 Mo).
[3] “The coup d’état of the Straussians in Israel”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 7 March 2023.
[4] «Deals of the Century: Solving the Middle East», The Vanderberg Coalition, January 2025. (PDF – 12,2 Mo)Les artikkelen direkte på derimot.no