Derimot: EU-lederne mister det politiske fotfestet. Plutselig endrer hele eventyr-fortellingen seg. – Derimot
derimot.no:
EUs kollektive sjølvmord
Av Larry C. Johnson

Europas tradisjonelle leiarar – dvs. Storbritannia, Frankrike og Tyskland – er i sjokk etter Pete Hegseth sin tale til forsvarsministrane i NATO og JD Vance sin tale på Sikkerheitskonferansen i München. Dei reagerer som ein forsmådd ektefelle som nett har fått vite av sin partnar at ekteskapet er over … det er utbreidd gråting og tenners gnissel.

I eit desperat forsøk på å hente seg inn att etter Vance sin verbale skambank av dei autoritære europearane, samla Frankrikes president Emmanuel Macron hastig ihop til eit møte i Paris med ei utvald gruppe av europeiske leiarar, for å lage ein koordinert plan for eit framhald av krigen i Ukraina utan USA:
Ei gruppe europeiske leiarar samla seg i Paris for eit krisemøte på måndag, framleis i sjokk etter ei helg der tilliten dei lenge har hatt til at dei kan stole på støtte frå USA, vart sett i tvil, og før eit møte mellom representantar frå USA og Russland i Saudi-Arabia som dei var ekskluderte frå.
Måndagens krisemøte, innkalt av den franske president Emmanuel Macron, inkluderte leiarane frå Storbritannia, Tyskland, Polen, Italia, Nederland, Spania og Danmark, samt Europakommisjonens president Ursula von der Leyen og NATOs generalsekretær Mark Rutte. Det kom tett i hælane på Sikkerheitskonferansen i München, der USAs visepresident J.D. Vance gav ein tale som skulda europeiske land for å gå bort ifrå «demokratiske verdiar» på grunn av deira opposisjon mot politiske parti langt til høgre og det Vance karakteriserte som overdriven sensur.
Møtet var ein fiasko. Trass i forsøk på å fylle konferansen med medlemmar ein antok var tilbøyelege til å ville halde lysa på i Kiev, så greidde dei ikkje å nå konsensus, og dei kom ut frå sesjonen med verbale angrep på kvarandre.
Macron, som hoppa over Sikkerheitskonferansen i München, har prøvd seg på å spele rolla som mellommann. Han snakka med Trump før og etter måndagens krisemøte, då han også snakka med Zelensky. «Vi vil arbeide med dette saman med alle europearar, amerikanarar og ukrainarar,» skreiv han i eit innlegg på X. «Dette er nøkkelen.» Frankrike planlegg angiveleg å vere vertskap for eit nytt møte på onsdag med andre europeiske nasjonar som ikkje var inkluderte på måndagens møte, samt den nord-amerikanske allierte Canada.
Storbritannias statsminister Keir Starmer skreiv i ein artikkel i the Telegraph på sundag at han er villig til å sende britiske fredsbevarande troppar til Ukraina dersom ein fredsavtale kjem i stand. Polens statsminister Donald Tusk, på den andre sida, fortalde reporterar kategorisk på måndag at Polen ikkje vil sende troppar til Ukraina, medan Tysklands kanslar Olaf Scholz – som står overfor eit hasteval i veka som kjem – sa at det var “upassande” å diskutere fredsbevarande troppar før ein fredsavtale er oppnådd.
I mellomtida, i Riyadh, Saudi-Arabia, haddeamerikanske og russiske delegasjonar eit produktivt møte. Men i staden for å fokusere på å ende krigen i Ukraina, konsentrerte møtet seg om å konstruere ein plan for å normalisere relasjonane mellom Washington og Moskva og å førebu eit møte i slutten av februar mellom Donald Trump og Vladimir Putin.
Europearane, saman med den mislykka komikaren som styrer Ukraina, held fram med sjølvbedraget om at innsatsen for å gjenopplive normale relasjonar mellom USA og Russland er basert på å stoppe krigen i Ukraina med dei ved forhandlingsbordet. Men Donald Trump har gitt klar beskjed om at dei ikkje er inviterte. Trump har to mål: Sette stopp for Europa sitt parasittiske forhold til USA og gjenoppstarte det normale forholdet til Russland. Talane til Hegseth og Vance signaliserte at USA ikkje lenger kjem til å betale for ein unødvendig, stupid krig i Ukraina. Viss Europa ønsker å fortsette krigen, kan dei sjølve betale for den. Det same gjeld for Ukraina. Onkel Sam si lommebok er stengd. Ingen fleire pengeinfusjonar til bandittane i Kiev.
Og her ligg problemet. Frankrike, Storbritannia og Tyskland er øonomisk skjøre og manglar den industrielle kapasiteten som trengst til å ta på seg den dyre byrda å pumpe pengar og våpen inn i Ukraina. Ta ein kikk på grafen i starten av denne artikkelen. Den viser den elendige tilstanden til industriproduksjonen tildei fem største økonomiane i Europa. Tyskland fører an mot botnen. Kollapsen til den tyske økonomien vil visseleg spele ei rolle i valet som skal gå av stabelen på sundag, den 23. februar.
Men valet vil nok ikkje produere den konsensusen som trengst for å hele det oppbrotne politiske landskapet som definerer den tyske staten. Tyskland er ikkje aleine i så måte. Storbritannia og Frankrike lir også under mangelen på mandat frå folket. Til skilnad frå Ungarn, som produserte ei folkerøysting for Orban, er resten av Europas politiske system balkaniserte. “Vinnarar” i eit val mottar berre ei fleirtalsstemme og står deretter overfor den lite misunningsverdige oppgåva med å prøve å sette ihop ein regjeringskoalisjon. Fråveret av eit klart direktiv frå velgarane fører uunngåeleg til svake regjeringar som ikkje er i stand til å ta modige grep.
Vi er vitne til historie. Etterkrigsordenen med USA som herskar er i ferd med å gå opp i liminga. Eg trur dette er starten på slutten NATO og EU. Men kollapsen kjem ikkje med det aller første. Politisk og økonomisk kaos vil truleg skake opp dei største europeiske landa og skape eit indre press dei komande to åra som vil føre til at dei ulike nasjonane søker sin eigen veg for sikkerheit utanfor rammene av NATO eller EU. Allereie kan vi høyre at einskilde statar er ivrige etter å gjenopplive dei økonomiske relasjonane med Russland, med sikte på å få tilgang til billig olje og gass.
Eg diskutere noko av alt dette i dag med Marcello på hans podcast, Press of Mass Destruction.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/the-european-unions-collective-suicide/
Forsidebilde: KI-generert