Derimot: Når noen lyger mister de tillit. Hvorfor stoler vi på løgnaktige myndigheter? – Derimot
derimot.no:
Kvifor stoler «alle» på nokon som ikkje fortener å bli stolt på?
29.januar 2023, medan eg sat heime med brote bein etter eit stygt fall i skogen, skreiv og publiserte eg ein meiningsartikkel om kva som er feil med det norske samfunnet. Artikkelen var basert på ein kommentar frå ein lesar i kommentarfeltet til ein iNyheter-artikkel, og essensen i både kommentaren og artikkelen er at det norske samfunnet er som det er på grunn av byråkrati, inkompetanse og kanskje òg vond vilje. Nokon på toppen vil at alt skal gå den vegen høna sparkar.
For å ta ei rask oppsummering, er våre største problem 1) at vi er bundne på hender og føter av EU, 2) vi har ein altfor stor administrasjon, 4) ukvalifiserte kvinner sit i toppverv, og dei veit at dei er ukvalifiserte, og 5) vi har politikarar som er broilerar utan verken fagleg eller arbeidsrelatert erfaring. Dei som har utdanning, erfaring og sunt bondevit, blir haldne ute frå maktposisjonar og andre fora der dei kan vere med og bestemme. Dette er høgst sannsynleg gjort med vilje frå den rådande makta, og alle i systemet jobbar naturlegvis iherdig for å bevare det, same kor dysfunksjonelt det er. Dei vil jo gjerne behalde lønna, heimen og sitt renommé.
Det siste punktet, 12, er kanskje mest prekært: Folk vågar ikkje å seie meininga si høgt, av frykt for å misse jobb og venner. I Noreg har vi i praksis fridom til å ytre oss, men ikkje fritak frå konsekvensane av å ytre oss. Som ei følgje av dette held dei aller fleste kjeft, og få vågar å peike på det latterleg openberre faktum at keisaren er splitter naken.
For å kome med eit punkt 13 no i desember 2024, nesten to år seinare, kan eg leggje til at folk har altfor stor tillit til nokon som ikkje fortener tillit. Dei alle fleste nordmenn stoler nærast blindt på styresmaktene, sjølv om dei på ingen måte har gjort seg fortent til å bli stolt på. Iallfall på papiret er det slik, jf. det nettopp nemnde punkt 12. Korleis kan folk flest vere so naive?
Terje Hansen i Foreningen Lov og helse publiserte 20.desember 2024 ein artikkel med den høgaktuelle tittelen «Kan vi stole på myndighetene?». Det norske folket har etter hans meining eit svært pussig forhold til sine eigne styresmakter. Han definerer òg spørsmålet som 100% retorisk, «for svaret på spørsmålet er jo naturligvis et rungende nei». Borgarane i alle land i verda veit at ein ikkje bør stole på styresmaktene, men «ingen» i Noreg ser ut til å vete det.

Hansen trekkjer heilt korrekt ei skarp skiljelinje mellom enkeltpersonar og system. Det finst gode og kompetente menneske i systemet, akkurat som det òg finst rotne eple. Diverre vil systemet som heilskap til slutt òg korrumpere dei som opphavleg er gode, slik at dei blir like rotne og «inadekvate» som resten av gjengen. For å ta eit eige døme, so er ikkje alle som jobbar i NAV nødvendigvis dysfunksjonelle sjølv om NAV-systemet er håplaust dysfunksjonelt. Iallfall ikkje i byrjinga. Til slutt vil sjølv dei beste dydsmønster gå lei og bli like rotne som resten av den altfor store staben av sakshandsamarar, konsulentar og andre totalt unyttige papirflyttarar i den flaue, sjuke vitsen av ein skravleklasse.
Det er sjølve tankesettet som til slutt kveler individuell idealisme og viljen til å gjere ein god jobb for sine medmenneske. Anten tek ein til seg tankesettet, eller ein finn seg ein ny jobb. Systemet vinn, men alle andre taper.
Hansen skildrar norske borgarar som fanga i «en utrolig tankemessig spagat», eller kognitiv dissonans. Lærarar fnyser i forakt over norske utdanningsstyresmakter – skular blir lagt ned i aust og vest fordi styresmaktene påstår at der ikkje finst pengar. Sjukepleiarar riv seg i håret av norske helsestyresmakter – bemanning på helseinstitusjonar blir kutta til beinet fordi styresmaktene påstår at der ikkje finst pengar. Politibetjentar ristar «helt indignert på hodet» over justisstyresmaktene og den øvste leiinga i politiet – politiet får instruks om å henleggje saker fordi det ikkje finst ressursar (les: pengar) til etterforsking. Samstundes sender Noreg milliardar i bistand til utlandet – om der ikkje finst pengar, kor kjem i so fall dei pengane frå?
«Men i neste sekund, på alle andre felter enn de 3-5 man personlig har erfaring med, opptrer man som om myndighetene er fullstendig troverdige, adekvate, gode og fullstendig til å stole på (!).»
I 2019 lo helsepersonell seg fillete over «inadekvate» helsestyresmakter. I 2020 vart den same inkompetente gjengen hylla som heltar då plandemien dukka opp. Dei stolte fullstendig på styresmaktene då det vart erklært ei krise med eit påstått allmennfarleg lungevirus:
«Dette viste ‘pandemien’ oss så tydelig, hvor helsearbeidere som før ristet oppgitt på hodet over egen etat plutselig betrakter dem og de ofte løgnaktige politikerne nærmest som yppersteprester.»
Det skal her seiast at lønnsoppgjeret i 2020 var legendarisk dårleg for helsepersonell. Styresmaktene hadde fleire titals milliardar til unyttige og uvitskaplege koronatiltak, men plutseleg ingen pengar til å gje helsepersonell eit anstendig lønnstillegg. Vi fekk berre klapping frå altanar, ikkje pengar. Det er særs gode grunnar til at eg ikkje lenger jobbar i det norske helsevesenet. Eg lét meg ikkje korrumpere av det pillrotne systemet, eg skifta heller karriere.
Ein kan gjerne spekulere kvifor nokon som helst med vit og forstand stoler på ein gjeng som stel frå oss og lyg til oss. Det burde vere barnelærdom at ein ikkje bør stole på tjuvar og løgnarar. Likevel stoler «alle» på styresmaktene og «alle» er av den oppfatninga av den Gud gjev embete, gjev han òg vit. All erfaring viser at dette absolutt ikkje stemmer.
I våre tider er det beint fram uvørdent å stole på Staten og vårt dysfunksjonelle system. Aldri tidlegare har det vore viktigare å tenkje sjølv, gjere eigne undersøkingar og gjere seg so uavhengig av styresmaktene som mogleg. Og ta definitivt ikkje for god fisk det styresmaktene seier til oss etter instruksar frå dei som eigentleg styrer. Dei handlar ikkje i tråd med våre interesser, for å ta historias største underdriving.
Dette er ein meiningsartikkel skrive av redaktøren i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Forsidebilde: iStock