Derimot: Ny sensurlov i Storbritannia?Små nettsteder stenger ned allerede. – Derimot

derimot.no:

Den britiske lova om nettsensur tvingar små nettstader til å stengje

Didi Rankovic på nettstaden Reclaim the Net melder:

Storbritannia si omfattande nettsensurlov – Online Safety Act – som vil bli iverksett frå og med mars neste år, er allereie i ferd med å krevje sine fyrste offer.

Det nye lovgjevande landskapet i landet tilbyr no inga form for tryggleik for hundrevis av små nettsider, inkludert non-profitt-fora, som dermed vil måtte stengje ned fordi dei ikkje kan lyde lova – spesifikt når dei står overfor det reportasjar skildrar som «uforholdsmessig personleg ansvar».

Bøtene går opp til det som tilsvarer 25 millionar dollar [286,4 millionar norske kroner], medan lova òg innfører nye kriminelle brotsverk.

Tidlegare denne veka publiserte handhevaren av lova, Ofcom, dusinvis av tiltak som er meint å bli innført innan 16.mars [2025], inkludert det å gjere ein person ansvarleg – og juridisk ansvarleg – for å sikre at ei side eller ei plattform lyder lova.

Lova blir presentert som ein ny måte å effektivt takle ulovleg innhald, og spesielt kome med nye måtar å sikre tryggleiken til barn på nettet, inkludert ved hjelp av aldersverifisering («alderssjekk»).

Dei som er mot lova avviser den derimot som eit «sensur-charter» som er laga for å tvinge selskap til å intensivere overvaking og sensur på plattformene sine, inkludert ved å skanne privat kommunikasjon og underminere kryptering.

Men ein annan måte som konkret skade kan bli gjort på nett-økosystemet, medan den offisielt hevdar å ville unngå skade, dukkar no opp med dømet på småsider, der dei som driv dei er uviljuge til å ta på seg den massive risikoen relatert til både bøtene, og strafferettsleg ansvar i tilfelle dei mislykkast i å «moderere» i samsvar med ordlyden i lova.

Britisk presse rapporterer om eit av dei fyrste døma på dette, når non-profitten og den gratis nettvert-tenesta Microcosm og deira 300 sider – blant dei samfunnsknutepunkt og forum vigde til emne slik som sykling og teknologi – vil bli stengde i mars, sidan dei er ute av stand til å leve opp til det «uforholdsmessig høge personlege ansvaret».

«Det er altfor vagt og breitt, og eg ønskjer ikkje å ta den personlege risikoen,» er Dee Kitcen i Microcosm sitert å seie.

Sjølv om det generelle inntrykket har vore at berre store konserntenester vil bli råka av lova – i realiteten er krava og straffene for dei høgare – gjorde Ofcom det klart at «særs små mikroføretak» òg skal bli gjenstand for lovverket.

Avgjerda til Microcosm illustrerer kva dette vil sjå ut som i praksis, i det nettstader – store og små – vurderer å finne webhosting i utlandet, eller til og med forlate den britiske marknaden.

Omsett av redaktøren i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig.

Forsidebidle: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...